Idrettsmerke

Kvar vår er det fast program med idrettsmerke-tevling i Eksingedalen. Elisabeth Holth har hatt ansvar for dette i mange år - og svikta ikkje i år heller.

Fv Solfrid Urke Nese, Anita Gullbrå og idrettsmerke-generalen Elisabeth Holth sjekkar resultat

13.juni var dagen då me skulle testa om me framleis hadde nok spenst til å kome dei 20 - eller 25 cm opp på veggen som kravet til spensthopp seier. Det blei mange hopp, og mange strek på veggen, men til slutt hadde alle bestått krav i spenst/presisjon. Så var det styrkeøving. For dei fleste innebar dette kast. Like spennande er det kvart år kor slegballen havnar etter at Frøydis har sleppt. Heldigvis var alle på rett stad i år, ingen vart truffe korkje i hovud eller kne. Og kravet vart innfridd etter nokre forsøk. Slengball, liten ball, kroppshev i bom. Brått var alle ferdig også med denne øvinga. Hurtigheit og Uthaldenheit tok dei fleste på sykkel. I strålande kveldssol, lite vind og med godt selskap vart dette heller ingen problem. Idar på 13 klarte også dei fleste krav til 16-åringane. Sprek ungdom!

Idar Gulbrå i gong med slengball

Klar for spensthopp

Siste post på programmet - 20 km sykling 

Alle resultat må registrerast og attesterast 

 

meir fisk