Informasjonsmøte om temakart for friluftsliv

Vaksdal kommune inviterer onsdag 4.oktober til informasjonsmøte og gruppearbeid om temakart for friluftslivområde i kommunen. Dette er eit ope møte med invitasjon gjennom media, i tillegg er organisasjonar og eldsjeler tilskrive.

Det er eit nasjonalt mål om at alle kommunar i Noreg skal kartleggja sine friluftslivsområde innan 2018. Prosjektet er starta av Miljødirektoratet og forankra i både «Nasjonal strategi for et aktivt friluftsliv» og «Nasjonal strategi for statlig sikring og tilrettelegging av friluftslivområder». Vaksdal kommune har samarbeidd med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune om dette prosjektet. No ynskjer kommunen hjelp frå innbyggjarane slik at kartleggjina vert så grundig som råd.
 
Kommunen har meir informasjon på nettsidene: https://vaksdal.custompublish.com/temakartfriluftslivomraader.6023125-31...



 
 

meir fisk