Klar for klatring?

Er du glad i å klatre motbakker på sykkel? Då bør du ta ein tur på fv 313, opp fjellovergangen mellom Teigdalen og Eksingedalen. Stigninga opp frå Brekkhus-krysset til toppen av fjellet kan tilby 615 høgdemeter over 6,5 km. Godt asfaltdekke og nokså jamn stigning gjer bakken ypperleg til treningsføremål. Og er du ekstra sprek, ja då rullar du nedatt og tek bakken ein gong til.

Hårnålssvingar i delar av traseen                                      Foto: Håvard Bergo

   

Knut Bergo, utflytta eksingedøl og aktiv triathlon-utøvar brukar fjellovergongen mykje til trening når han er heime i dalen på ferie. Han har sykla mange klatre-ruter nedover i Europa, og meiner denne stigninga kan måle seg med mykje av det ein finn som klassiske sykkelruter andre stader. Max stigning på strekninga er 14-15%, og der er fleire lengre parti med 11-12%. Totalt er der rett under 10% stigning på heile bakken.

Innerst i Teigdalen, ca 12 km på fv 313 frå Evanger startar denne klatringa. Ved botn av bakken krysser fv 313 Teigdalselva, og ein om ein tek seg tid til ein liten stopp, kan ein nyte synet av ei fin gamal steinbru parallellt med vegen. Så startar moroa. Litt slak stigning nokre svingar til du passerer kryss til Brekkhus, så kneiser vegen seg opp og det er tid for å plassere sykkel i dei lettare girklassar. Det gjeld å finne passe fart og sykle jamnt. Vegen snor seg oppover lia i skogen, der hogst har gitt god utsikt mot Brekkhus når du har kome ein kilometer avgarde. Vidare oppover kan du nyte synet av blåbærris og lyng i vegkanten, medan det gjeld å halde pust og puls under kontrol. Etter omlag tre kilometer snor vegen seg i hårnålssvingar før den passerer ei ny elv og du nærmar deg utsikten. Dette er ein brei 180 graders sving med god utsikt over Teigdalen. Herifrå er det omlag eit par kilometer før du er på toppen. Første del ørlite slakkare, før det igjen blir stigning så det kjennest i beina. Her blir landskapet opnare, du er kome over tregrensa, og på sommarstid kan du møte beitande sauer og geit her. Høgste punkt på fjellovergongen ligg på ca 725 moh, på grensa mellom Vaksdal og Voss. 

Ved brua innerst i Teigdalen. Knut Bergo er klar for å ta fatt på klatringa   Foto: LA Bergo

Forbi krysset til Lia og i fint driv oppover. God asfalt heile vegen opp     Foto: LA Bergo

Etter utsikten litt slakkare, men enno er det nokre høgdemeter att            Foto: LA Bergo

Toppen nærmar seg                                           Foto: LA Bergo

Dersom du ikkje berre vil sykle opp og ned denne bakken, er ein fin rundtur vegen frå Evanger, på fv 313 inn Teigdalen og opp denne skildra klatringa. Vidare nedatt til Eksingedalen og på fv 344 ned dalen til Eidslandet. Derifrå gjennom handhogde tunellar og variert fjordlandskap til du kjem til Stamnes og vidare til Dale. Denne turen er ca 80 km og byr på totalt 1500 høgdemeter. Både på Dale og Evanger er togstasjonar som kan lette logistikk. E16 går også mellom desse stadane. No i år er det dårleg asfaltdekke i Eksingedalen, men dette er lovt betring på i løpet av hausten 2017. Det er også mørke tunellar mellom Eidslandet og Evanger, slik at god lykt er nødvendig. God tur!

Ruta frå Evanger til Dale om Eksingedalen - med høgdekurve

 

Utsikt frå fjellet ned til Eksingedalen                                                  Foto: LA Bergo

meir fisk