Kom deg ut-dag på Nesheim søndag 21.januar

Turgruppa i Eksingedalen IL og Vaksdal Turlag står saman om Kom deg ut-dag på Nesheim, på sjølvaste 150-årsdagen til Den Norske Turistforeningen. Når den største friluftsorganisasjonen i Noreg fyller 150 år, vert alle invitert med på feiring ute i det fri. Ein reknar med at 150 utebursdagar går av stabelen rundt om i landet på Kom deg ut-dagen, med totalt 40 000 små og store bursdagsgjester.  

Frå Eksingedalen IL sin Kom deg ut-dag på Nesheim februar 2017.                                 Foto: LivABergo 

Eksingedalen IL og Vaksdal Turlag  ynskjer velkommen til utedag ved skiløypa på Nesheim. Det vert bålkos og aktivitet - og sjølvsagt høve til å gå i dei fine løypene! 

- Dette er ei feiring av DNT sine fyrste 150 år som foreining, men like mykje feirer me at me er ein turnasjon som elskar friluftsliv. Me håpar så mange som mogeleg har lyst til å vera med på verdas største utebursdag denne dagen, seier styret i det nyskipa Vaksdal Turlag.

Det vert Kom deg ut-dag på Lid i Bergsdalen også, til same tid. Kl 12-14, søndag 21.januar. 

 

meir fisk