Kommunestruktur - kva er lurt å velgja?

På måndag er det folkerøysting i Vaksdal om kommunestruktur. Under røystinga har me i vår kommune to val, antan å ha kommunen som no, eller bli del av Bergen (saman med Osterøy og Samnanger). I Eksingedalen har mange uttrykt ynskje om å bli samanslått med Modalen. Men kan det la seg gjere? Modalen sa i folkerøysting 23.mai nei til storkommune i Nordhordland. 

For å få avklaring, har me sendt nokre spørsmål til kommunen. Nedanfor finn de både spørsmål og svar. 

 

Spørsmål 1 

I intensjonsavtalen mellom Vaksdal, Osterøy, Samnanger og Bergen står det i punkt 11.5 «Mulig grensejustering i Vaksdal kommune Vaksdal kommune vil i perioden fram mot sammenslåing ta stilling til grensejustering i indre deler av kommunen. Dette skjer etter prosedyre i inndelingslova, og forhandlingsutvalgene stiller seg positivt til dette arbeidet.»

Kva betyr «ta stilling til»?  Vil administrasjonen i Vaksdal kommune arbeid for at det blir ei grensejustering i indre strøk, dersom det blir fleirtal for ein storkommune?

SVAR: Sjekk røysteseddelen.  Der står det kva som skjer med indre strøk. (Du finn den nede på denne sida). 

«Skjer det» må administrasjonen følgja opp det vedtaket kommunestyret gjer og som vil vera i tråd med det som står på røysteseddelen. Ordførar har sagt at ei slik grensejustering høyrer heime i ein større samanheng. No er den større samanhengen her.

Spørsmål 2    

Kan ein då vere sikker på at ei grensejustering vil bli gjennomført, eller avheng det av om Modalen / Nordhordland vil ha oss med?

SVAR: Modalen / Nordhordland må jo ville ha Eksingedalen. Dei har vel uttrykt at dei ikkje ynskjer kommunesamanslåing med Vaksdal, men kan tenka seg Eksingedalen.

Spørsmål 3

I intensjonsavtalen, punkt 11.6 står det: "Særlige inntekter Konsesjonsavgiften er kompensasjon for ressursinngrep og skal settes av til bundne driftsfond i den nye kommunen til disposisjon for lokale tiltak/områdesatsing/næringsutvikling i de områdene som konsesjonen gjelder for. For Vaksdal gjaldt dette i regnskapsåret 2015 rundt 3 mill. kroner og for Samnanger rundt 0,9 mill. kroner. Det er et mål å etablere et infrastrukturfond som skal benyttes til samferdsel, fiber- og bredbåndsutbygging og andre infrastrukturtiltak i kommunen. Finansieringen av fondet kan komme fra f.eks. konsesjonskraftmidler, eventuell skatt av nye kraftlinjer og arealavgift av nye oppdrettskonsesjoner. Fellesnemnda skal konkretisere retningslinjer for fondet".

Er her tatt med kraft-inntekter frå Eksingedalsvassdraget, eller er det utelate? I tilfelle korleis blir inntektene fordelt ved ei evt grensejustering.

SVAR: Kraftinntektene som konsesjonskraftgevinst og eigedomsskatt vert brukt fullt ut i drifta av kommunen sine tenester. Då vert det urimeleg å ta desse ut til føremål i noverande Vaksdal kommune samstundes som tenestene skal opp på nivå med resten av «Nye Bergen». Konsesjonsavgiftene derimot vert nytta til drift av VNS, stimuleringstilskott og diverse.

Vert det grensejustering for Eksingedalen følgjer sjølvsagt kraftrealterte inntekter med over i den andre kommunen, etter reglar gitt i Inndelingslova (som vart endra som ein konsekvens av saka i Vaksdal kommune i perioden 2007 – 2011).

Eg meiner at eigedomskatten for verk og bruk vert overført med ein gong, men at det vert ein opptrappings-/nedtrappingsplan for konsejonskraftgevinsten.

Spørsmål 4       

Kan det vere aktuelt å søkje om grensejustering i indre strøk sjølv om Vaksdal kommune blir verande som no?

SVAR: Ikkje frå Vaksdal si side.

I samtlege folkemøte våren 2015 sa  eg at ei grensejustering som einaste tiltak strir mot intensjonane i kommunestrukturreforma som er å skapa større og meir robuste kommunar. Dersom Vaksdal kommune går inn i ei annan kommune er det naturleg at Eksingedalen går ein annan veg. Sjekk røysteseddelen sitt alternativ 2 siste punkt.

Spørsmål 5:

På røystesetelen står det under Alternativ 2, vilkår b: «Vaksdal kommune skal halde folkerøysting om justering av kommunegrenser i indre strok, etter inndelingslova, i samband med stortingsvalet 2017».

Vil alle innbyggjarane i Vaksdal få ta del i ei slik folkerøysting?

SVAR

Frå ordførar Eirik Haga: "Eg meiner det er dei berørte delane av kommunen som skal delta i dette valet, altså Eidslandet og Eksingedalen."

 

Røystesetelen- der me skal stemme på eitt av to alternativ. Alternativ 2 har vilkår med at det skal haldast folkerøysting om justering av kommunegrenser i indre strok.

Lenke til intensjonsavtalen mellom Vaksdal, Bergen, Osterøy og Samnanger finn du her: Intensjonsavt

Då er det opp til kvar enkelt å gjere seg opp ei meining -og bruke røysteretten. Kvar røyst kan vere viktig her. 

Røystelokale i Eksingedalen er på Eksingedalen skule. Der er det ope for røysting måndag 30.mai kl 15-19. Godt val!

 

 

meir fisk