Kyndelsmesse og persok

Ein eksingedøl sa ein gong at kyndelsmesse-dokka kjem når den kjem. Ei dokk er eit kraftig snøfall, og det har me hatt dei siste dagane. Kyndelsmesse er i følge primstaven 2. februar, så snøfallet dei siste dagane bomma med 18 - 20 dagar til å bli kalla kyndelsmesse-dokk. Forklaringa til teiknet på primstaven er slik. 

LEITEGUTENS PRIMSTAV

 2.Februar, Kyndelsmesse. 
Primstav:
Sjuarma lysestake, Krone, Lilje. 
Religiøst:
Til minne om Jesus som var på besøk i tempelet som 12 åring.
Denne dagen skulle alle lysa som skulle brukast i kyrkja og i heimanevigslast for å gje beskyttelse mot alle vonde makter, sjukdom uveir osv.
Merkedag for veiret:
Slik veret er på kyndelsmesse skal det vere i sju veker.

 

I og med snøfallet dei siste dagene er det verteikna knytt til dagane som er mest interessante.

Persok er eit anna teikn på primstaven, og datoen for denne merkedagen er 22. februar, og her fylgjer forklaringa til teiknet på primstaven til denne dagen.

LEITEGUTENS PRIMSTAV
 22.Februar, Persok.
Primstav:
Nøkkel, stein, hønseegg 
Relgiøst:
St. Peters dag eller Peters stol kunne og dagen heite. Dagen er til minne om at Peter blei overhode for den kristne kyrkje og blei den fyrste biskop 41-67 
Merkedag for veiret:
Som veiret er i dag vil det vere i fire veker.
Gamal overtru:
St Peter kasta denne dagen ein varm stein i vatnet slik at isen begynte å tine.
 
                   

 

meir fisk