Lagsmeisterskap i langrenn førstkomande laurdag

Det første skirennet går av stabelen laurdag 13. februar. Dette rennet er lagsmeisterskap for Eksingedalen IL, men er ope for deltaking for alle som vil gå skirenn. Rennet går i klassisk stil i løypene på Nesheim. Løypene er i år preparert med traktor og Skjeldalsfres og er faste og stødige. For dei som treng godt feste for stavane er dette ei god nyhet. 
Når rennet er ferdig blir det kiosk og premieutdeling. Blir det fint ver skjer dette på Nesheim, elles flyttar me til Bergo og skulen med dette, er meldinga frå skigruppa i Eksingedalen IL.

meir fisk