"Langfredags-Tur"

Vermeldingane førte til at den tradisjonelle langturen til Kvitanosi vart avlyst. I staden vart det sett opp ein kortare tur i enklare terreng, til Eksestølen. 24 møtte opp på Ekse i 11-tida fredagesføremiddagen, og gjekk i snøver oppover mot stølen.

Framme på stølen hadde dei raskaste spadd opp flotte benkar til til sitjeplassar for heile turfølgjet.   

Sola synte seg - og himmelen vart etterkvart både synleg og flekkvis blå. Det gjorde at 14 Eksingedølar og Modøler labba i veg vidare mot Nesheimstølen og Nesheim. På øvste høgda tjukna det til att - og det var ikkje lett å sjå landskapet. Så skein sola gjennom skyene, det vart lett å sjå - og me kunne nyta dei flotte utforkøyringane mot Nesheimsstølen. Ein tur med skiftande ver - men alle var fornøgde og hadde ein triveleg og fin tur!

 

 

 

 

 

 

På veg mot høgdene......

Frå siste nedskriinga mot Nesheim.

Foto: LivAnne Bergo

meir fisk