Møbiusstrikk og triveleg samver på strikkekafe i Ljosheim

Ein triveleg kveld vart det i Ljosheim tysdag 8.mars. Strikkepinnane gjekk flittig, og mange nytta høvet til å læra seg Møbisustrikk. Liv Marion frå Garnsenteret på Voss var flink til å forklara. Møbiusstrikk er ein artig og anleis metode til å strikka sjal, der strikketøyet veks ut fram i begge endar og ein sit att med eit vridd sjaI.  tillegg synte Liv Marion fram nye strikkeoppskrifter og modellar -  og inspirerte forsamlinga til nye strikkeprosjekt! 

 

Liv Marion viser, og Veslemøy vil gjerne prøva noko nytt.                          Foto: Anna Bergo


Konsentrasjon er viktig, i tillegg til gode råd frå naboen! Anny, Bjørg og Ingunn hjelper gjerne kvarandre.                                                                                                              Foto: Anna Bergo

 

Damer frå Eidsland, Modalen og Eksingedalen deltok. Det var strikking prat, kaffi og utlodding
- og til slutt innsamling av huer til nyfødde babyar i Malawi.

Heile 340 små huer vart samla inn - og er klare for sending til Afrika. 

 

 

 

Foto: Anna Bergo

 

 

meir fisk