Marknad med mykje moro

Det krev mykje planlegging før startskotet går for marknadshelga. Program skal lagast, aktørar hankast inn. Der må vere salsbuer og aktiviteter -noko som passar for alle. Så må dei handlande få høve til å kjøpe seg ein matbit eller to - og litt underhaldning høyrer også med. Når så alt dette er i boks, og til og med vèret spelar på lag - ja då er det duka for skikkeleg fest - Det vart Eksingedalsmarknad på sitt beste i år!

Traktorparade - Kjell Flatekval i spiss

Dagen starta med Fagerdalsløp, ei overkommeleg løype med både trim- og konkurranse klasse. Etter målgang ved butikken på Lavik, opna marknaden for alvor. Mange utsal bydde på lokalproduserte matvarer, handverk og mykje anna. Toradargruppa spelte opp og skapte stemning.

Toradarmusikk skapar stemning

Markandshelg er også helga då folk møtest for å slå av ein prat - og gjerne ta seg ein matbit. Mange gjorde nettopp det. Og det var litt å velgje i for dei svoltne; både indisk, thaimat og tradisjonell lokal norsk mat var råd å få smake. Den søte kafe serverte innbydande kaker og kaffi. Og når behovet for å "gjere noko" melde seg - ja då kunne ein prøve hesteriding, luftgeværskyting eller pil og boge. For dei kunst-interesserte var der salsutstilling av Svein Trefall sine maleri å besøkje. Litt for ein kvar smak, med andre ord. 

Dagen vart avslutta med andeløp i elva. 

Fleire bilder frå dagen blir å finne i album på denne sida.

meir fisk