Natt under stjernene

 Vinternatt under stjernehimmel i Almane.                               Foto: Stian Drotningsvik

Endeleg kom kvelden då det var klart for å sova ute! Gjengen i Friluftsgruppa hadde fullpakka sekkar med varme ullkle og gode soveposar der dei med lette bein vandra opp i Almane. Sju minusgrader og klårvêr lova godt. Timane gjekk fort med leik, kos og prat rundt bålet.

 

Berre gode ord og blide ungar og ungdommar. Like blide heile tida, kunne dei vaksne melda. Imponerande samhald på tvers av alder, med deltakarar frå 7-16år.

 Godt friluftsliv!                                                                                      Foto: Anna Bergo

Mellom gapahuken og bjørketrea var det knytt opp tre hengekøyer. Der hadde to jenter, ein gut og ei mengd med kosedyr hatt heile natta i friluft. Dei fortalde ivrig korleis dei sovna til stjerner og vakna til fint morgonljos!  Dei fem ungdommane hadde sett opp lavvo litt unna dei andre. Litt fridom måtte dei nok ha.

Yngstemann hadde sove trygt saman med dei vaksne inne i gapahuken: 

- I går kosa eg meg, og i dag kosar eg meg òg! Og no et eg marshmallows til frukost! Og eg har vore på Kultatoppen før frukost! 

Frukostutvalet var godt og variert: Havregraut, nudlar, pølser og attpåtil marshmallows og brownies frå kvelden før.  

- Me har sove ute EI vinternatt før så dette gjekk fint, var ein kommentar frå dei eldste.
Ja, det har desse unge eksingedølane. Faktisk to netter! Og no med eigen lokal sjølvlaga #: #ksmgua

meir fisk