Ope møte om "Temakart friluftsområde"

Vaksdal kommune inviterer til ope informasjonsmøte og arbeidsverkstad onsdag 4.oktober kl 18 - 19.30 på skulen på Bergo. Kommuneplanleggjarane ynskjer hjelp frå innbyggjarane i til kartleggjing av friluftsområda i kommunen. Det vert invitert til  opne møte i Eksingedalen og på Dale.

Vaksdal kommune starta i 2016 eit prosjekt i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd og Hordaland Fylkeskommune med med mål om å kartleggja alle friluftsområda i kommunen. Dette er ein del av eit nasjonalt mål om at alle kommunane i Noreg skal kartleggja sine friluftsområde innan 2018. Dette er ikkje ein juridisk bindande plan, men skal fungera som kunnskapsgrunnlag og temakart. Informasjonen om friluftsaktivitet kan seinare nyttast i lag med andre temakart. Prosjektet er starta av Miljødirektoratet og forankra i nasjonale strategiar for å sikra og tilretteleggja for friluftsliv.

Utkast til grunnlagsdokumenta er å finna på heimesida til kommunen: www.vaksdal.kommune.no og så gå deretter inn på "byggje og bu".

meir fisk