OPPTUR 2017 i Eksingedalen

Første onsdagen i mai kvart år er det turdag for mange ungdommar i Hordaland. Den Norske Turistforeninga har i fleire år gjennomført OPPTUR i mai for alle 8.klassingar. For første gong var det i år eigen OPPTUR i Eksingedalen, og for alle elevane ved Eksingedalen skule.
Arrangørar var V
oss Utferdslag og Eksingedalen IL.
Gjengen på Kultatoppen.   Foto: Håvard Bergo

Bjørn Grande og Sverre Kvitne frå Voss Utferdslag hadde først ein spørjekonkurranse for elevane, ein konkurranse som Voss Utferdslag gjennomfører i alle klassane som er med på OPPTUR.

 

I rask rekkje til topps, og samling for foto. Fotograf: Håvard Bergo

Etter OPPTUREN til Kultatoppen var det matlaging og leik i Almane. Anna Bergo frå Eksingedalen IL var godt førebudd til å ta i mot gjengen ved gapahuken. Skuleborna er drivne friluftsfolk og sette fort i gang med vedkløyving, oppfyring av bål og matlaging. Alle laga sin eigen innbakte pizza - og kunne medan dei venta gå på slak line, leika eller slappa av i hengekøyer mellom trea eller rundt bålet.

Nydeleg vårvêr var det også, så ein perfekt skuledag med høg trivsel! Ein OPPTUR på alle måtar!

 

 

meir fisk