På reise med jolegåver til flyktningar i Vaksdal

Elevane ved Eksingedalen skule reiste mandag morgon til Dale på besøk til Vakdal introsenter med ei stor korg med gåver til born og unge flyktningar i Vaksdal. I adventstida har elevane hatt med seg gåver, og har gjeve ei pakke i staden for å få. Dette er tredje året skulen har hatt "omvendt adventskalender".

Elevrådet ved Eksingedalen skule klare for tur til Dale for å overrekkja gåver og fortelja om Eksingedalen for elevane ved Vaksenopplæringa på Introsenteret. Foto: Eksingedalen skule

meir fisk