Pylser frå Pøylo

På Høvik i Eksingedalen, nærare bestemt i Pøylo held Laila Bolstad og Bjørn Eikefet til. No er dei i full gong med å lage julemat. I vel to år har dei arbeidd med å byggje opp ei lokalmat-bedrift, Heimalaga mat frå Pøylo. Sakte og sikkert har produksjon og lønsemd auka. Målet er å skapa nye arbeidsplassar.

Laila og Bjørn i aksjon med korven

I godt tilrettelagt og godkjent lokale ved heimen deira på Høvik, står Bjørn og Laila denne dagen og lagar korv. Praten går livleg og arbeidet lett. Med nyinnkjøpt pylsemaskin er arbeidet med korven godt effektivisert, og det tek ikkje mange sekund å trylle ut ein korv i akkurat passe lengd. Ein etter ein blir dei plassert i kasse for vidare handsaming - snart ventar røyken i eige røykehus. I tillegg til korv lagar dei også mange andre kjøtprodukt i denne bedrifta. Til jul har dei no klar rullepylse, sylteflesk, og lutafisk. Heile året lagar dei i tillegg spekepylsa, skinkepylsa og Eksingedalskorv. Dei har eigne oppskrifter, og lagar mat heilt utan kunstige tilsetjingsstoff. Oppskriftene har blitt til gjennom erfaring og utprøving. Ein liten prøvesmak gjer meg overbevist om at dei har greie på kva dei driv med.

Varene blir seld i ein del lokale butikkar, i tillegg til messer og marknader.  Råvarene blir no innkjøpt frå slakteri. Dei ville gjerne lage kjøtmat av lokale råvarer, men dette er vanskelegare å få tak i. Men har du eige kjøt, ja då kan du kome her og få laga korv av det.

Rullepylser til modning - klare før jul

Det ser ut som dei samarbeider godt om produksjonen. Laila inrømmer at det er Bjørn som er flinkast med kjøtet og oppskriftene, medan ho likar best å møte kundar og samarbeide med folk. Dei har starta i det små, og arbeidd seg gradvis oppover, etterkvart som etterspurnad og sal har auka. Ny pylsemaskin er i godt driv, og utafor er dei i ferd med å byggje opp nytt bygg med kjøl og frys. Då vil lagerkapasiteten auke, og dei kan kanskje tilby varer til fleire butikkar. Dei vil ikkje ha fleire kundar enn at dei kan levere når kunden går tom.

No er det desse to som arbeider her - i tillegg til anna jobb utanom. Målet er å få til arbeidsplassar - også for andre. Dei har idar og pågangsmot, og tenkjer også å utvide bedrifta til å omfatta andre salsprodukt i matmarknaden. Kanskje her kan bli arbeid for nokon som ikkje finn sin plass andre stader, lurer Laila med eit smil. Det skulle ikkje forundre meg om dei får det til.

Eit kvarters arbeid - Eksingedalskorv klar for røyk

meir fisk