Rekordmange krus - og nytt styre

Under årsmøte i Eksingedalen idrettslag 5. mars vart det utdelt krus til dei som har gått på alle postane i fjelltrimmen gjennom ein sesong ( 12 stølar, 3 fjelltoppar). I 2015 var det rekordmange som klarte dette - heile 28 stykk. 

Premie for å ha fullført alle postar i fjelltrimmen i 2015. Nede fv: Haldis Bjotveit Øvstedal, Mari Odland Trefall, Anita Gullbrå, Helene Gullbrå Eriksen, Hanna Gullbrå Tollefsen, Vegard Gullbrå Tollefsen. 2. rekkje fv: Liv Anne Bergo, Solfrid Urke Nese, May-Britt Eriksen, Frøydis Gullbrå.  3 rekkje fv: Håkon Øvstedal, Karin Flatekval, Jomar Flatekval, Jon Trefall, Magnar Nese, Sveinung Tyssen Bergo. 

Det er eineståande krus som premie, kvart år er det bilde av ein ny post på fjeltrimmen. I år var det bilde av Nesheimstølen. For nokre går det sport i dette - å prøve skaffe full serie med krus. Det inneber at ein må gå alle postane kvart år i 15 år. Det skulle bli bra folkehelse av slikt!

Fine krus å samle på  - men dei kostar litt sveitte

Under årsmøte var det også val, og styret har fått ny samansetjing. Det nye styret ser slik ut:

Elisabeth Holth, leiar

Magnar Nese, styremedlem ( leiar skigruppa)

Liv Anne Bergo (leiar turgruppa)

Sveinung Tyssen Bergo, Kasserar

Anita Gullbrå, styremedlem

meir fisk