Sluttsal på Eksingedalen Nærbutikk

I veke 47,samt 28. 29. og 30. november vert det sluttsal på Eksingedalen Nærbutikk. Det blir 30% avslag på pris på alle varer. Unntaket er drikker med alkohol og tobakk. Desse varene er det ikkje lov å selja til nedsett pris.
Denne veka er også den siste veka det blir tinga inn ferskvarer og mjølkeprodukt. I veke 48 blir butikken open te dagar. 1. desember vert kassa stengt, då er det ikkje råd å handla på Eksingedalen Nærbutikk lenger.

Fram til Hege Marie Lavik opnar butikken på Lavik i ny drakt i februar, må eksingedølane handla andre stader. Varer som held seg ei stund går det derimot an å sikra seg på Lavik no. Og det til ein rimeleg pris.

meir fisk