Smittande song-glede

Frå Voss til Eksingedalen med smil og musikk. Slik kan Vossagospel sin konsert i Nesheim kyrkje beskrivast. Koret, som også har medlemar frå Eksingedalen, fekk publikum til å delta med både song og klapping. Sjølv om dirigent Tom Jarle Istad Kristiansen kommenterte at «det var godt at folket hadde beina planta på jorda» då applausen og smila blant publikum ikkje vart etterfølgd av verbale utrop.

Tilhøyrarane vert ikkje berre tilhøyrar, men invitert til å vera med på å syngja. Og dei tok utfordringa då Kristiansen bad dei syngje saman med han medan koret høyrde på.
Koret tok oss gjennom mange av dei kjende gospelsangane, dei fleste med engelsktekst naturleg nok. Blant desse var nokre av Elvis sine. Andraè Crouch er ein annan kjend bidragsytar til gospelmusikken som me fekk høyra songar av. Men det var også nokre med norsk og svensk tekst.
Koret avslutta konserten med det dirigenten omtala som den mest kjende og brukte gospelsang, «O happy day».
Og så blei det ekstranummer, fordi det kom stille frå ein av tilhøyrarane, «Kan de synge en sang til ?»

meir fisk