Stølsgudsteneste på Brakestadstølen

Foto: Solfrid Urke Nese

Nesheim sokneråd inviterer til stølsgudsteneste på Brakestadstølen søndag 20. august. Andre bygder i kommunen har hatt slike gudstenester lenge. I Eksingedalen har me hatt fjellgudstenester både i øvre Eksingedalen og nedre Eksingedalen. Torvedals-stemnet var eit treff mellom eksingedølar og strendingar i Torvedalen. I nyare tid har det vore eitt stemne her. Dalastemnet på fjellet mellom Flatekval i Eksingedalen, og Farestveit i Modalen har vore på preikelista for Eksingedalen sokn fleire gongar dei siste åra.

Men det er første gong på lenge at det blir halde gudsteneste på ein støl i dalen. Brakestadstølen er valt fordi det er den lettast tilgjengelege stølen. Det er mogleg å køyra med bil halvvegs for dei som synes det er for langt å gå frå hovudvegen. Kalkulert tid frå hovudvegen er ca. 1 time.
Ei friluftsgudsteneste er avhengig av fint vèr, og slik er det også på denne gudstenesta. Skulle det bli regn, blir det gudsteneste i kyrkja på Nesheim i staden for.

Sjå også her: http://eksingedalen.no/side/brakestadstolen-og-ovstestolen

meir fisk