Staseleg bruopning på Flatekval

Mykje folk var samla til staseleg bruopning søndag. Ei ny, solid og god bru er komme på plass over Skorsdalselva på veg til Flatekvalstølen. Her har det vore bru i over 50 år, men vatn og snø har med jamne mellomrom brote sund bruene. Den siste brua vart øydelagt for eit par år sidan. I nedbørsperiodar har det vore utfordrande å kryssa elva her, iallfall utan å bli kald og våt på beina.  I sommar tok tre grunneigarar verkeleg tak i dette! Den nye brua er langt meir solid enn dei tidlegare. 

Brubyggjarane. Heidra av turgruppa i idrettslaget som "Kongar"    Foto: LivABergo

 

Ekte bruopning med talar, snorklipping og servering av sprudlevatn og bridgeblanding. Foto: Mari O Trefall 

Så vart brua prøvd, av ei fin rekkje av folk oppover til Flatekvalstølen. Foto: LivABergo

Den øvste brua, rett før stølen, er også vølt opp og sett i god stand att. På stølsvollen var det servering av pølser, kaffi, kake og meir bridgeblanding. Ei triveleg stund på ein elles kald haustdag med lette snøflak i lufta, men også små, gode solglytt innimellom.

Sigrid Tyssen fortalde om stølane og stølsdrifta i gamle dagar, kvar den gamle stølen låg og om Vadet der dei kryssa stølselva litt høgare oppe enn der brua er i dag.   Foto: LivABergo

 

meir fisk