Strålande skirenn i sol!

Første pulje klar for start i Eksingedalen IL sitt lagsmeisterskap

Flotte løyper og varmande sol skapte god ramme omkring Eksingedalen IL sitt lagsmeisterskap. Det var mange blide andlet og muntre kommentarar -  og mykje skryt for dei flotte løypene på "Nesheim Stadion". Yngste deltakar var under to år - og gjennomførte med glans. Det gjorde også alle andre startarar. Etter rennet var det varm saft og kiosk.  Premien var ein gullpokal! Alle i kaffialder fekk seg kaffi - av den passande sorten for dette høvet: "Ever good" . Stor skiglede i Eksingedalen denne flotte laurdagen.

Start nr 1 og ynsgste deltakar, Signe Nesheim, er under to år. Men ski kan ho gå på!

Farten aukar på med aukande startnummer: Elias i flott driv passerer Heidi.

Heldig er han som har den flotte skiløypa rett utanfor huset sitt!

Heidi i fin stil mot mål! Med resten av den skiglade familien rett bak seg!

Start nr 1 mot mål! Som lagsmeister i sitt aller første skirenn.

 

Så er det klart for neste pulje, der Mona Gullbrå er først ut:

 

 

 

 

Farten aukar  i løypa, Håkon Øvstedal er rask i sporet:

 

Og etter at alle er komne i mål, er det premieutdeling.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Elias og Silje poserer gjerne med gullpokalane sine:

meir fisk