STRIKKEKAFÉ i Ljosheim på Kvinnedagen

Ekstra informasjon dersom du vil prøva MØBIUS STRIKK:
Ta med ein rundpinne 80 cm, tjukn etter kva garn du har og vil strikka av.
Liv Marion tek med pinnar nr 5, 5,5 og 6 - og noko garn som er passande til dette. Så høve til å kjøpa hjå Liv Marion om du ikkje har
.

Kvinne- og familielaget invitererer til strikkekafe i Ljosheim tysdag 8.mars kl 19.00. Liv Marion frå Garnsenteret på Voss vert med, ho demonstrerer Møbiusstrikk. Vil du læra denne teknikken, tek du med deg garn og rundpinnar av ulik lengde. Moebius var ein tysk matematikar som levde i starten av 1800-talet. Han utvikla ein magisk vridd sirkel som denne strikketeknikken er basert på. Møbiusstrikk er godt eigna til å strikka sjal, der strikketøyet veks fram i begge endar ut frå midten av arbeidet.

Elles vert det innsamling av babyhuer til fødeavdelinga i Malawi, eit prosjekt laget har støtta i mange år. Kaffi og litt utlodding vert det også. Alle er velkomne, med eller utan handarbeid!

 

.

meir fisk