Sykkeltur frå Gullbrå til Tour des Fjords!

Eksingedalen IL sin årlege sykkeltur vert torsdag 25.mai, med start frå Gullbrå klokka 11. Turen går i år til Modalstunnelen, der det vert sosialt og kjekt medan me ventar på Tour de Fjords! 8.klasse har kafè med sal av kaffi og kaker, Pøylo serverer smaksprøvar og idrettslaget står for kaffikoking på bålpanne. Proff-syklistane er venta å passera mellom kl 14.30 og 15.

Langtidsvarselet er strålande, så dette ligg an til verta ein fin dag! Toradarmusikk i tunnelen tek i mot syklistane når dei trakkar seg inn i Eksingedalen. Idrettslaget og bygdarådet oppmodar bygdefolk og tilreisande om å møta opp for å skapa god stemning!

Det er sjølvsagt mogeleg å "hengja seg på" sykkelturen etterkvart nedover Eksingedalen, men kjekt om mange vert med heilt frå Gullbrå. Skyss opp att for å henta bilar på Gullbrå vert organisert av turgruppa. Likeeins frakting av syklar/personar opp att frå tunnelen. For å organisera dette, ynskjer me å vita kor mange som treng skyss/frakting dagen før. Ta i såfall kontakt med Aud Marit; Solfrid eller LivAnne.

Sjå elles artikkel om Tour des Fjords tidlegare her på www.eksingedalen.no

 

meir fisk