Tøffe ungar på direkte-TV

Den Norske Turistforening DNT feirar 150 år i desse dagar. I samband med dette fekk Vakdal kommune besøk av NRK1 og "Norge nå" i kveld, sidan det ferskaste lokallaget i DNT  nettopp er Vaksdal turlag. Sendinga fann stad ved Bergsdalstunet i Bergdalen - og ungar frå friluftsgruppa i Eksingedalen stilte opp i programmet då dei vart spurt.

Lars Monsen var også på TV frå Bergsdalen - her med friluftsgruppa etter sending 

Det var strålande forhold med nysnø på bakkane, eit par minus i lufta og ingen nedbør, då programmet var klar for sending. Eksingedalsfolket hadde stillt opp tidleg, og det var fleire som fekk prøve akebakken i forkant. Det var også andre turlagsfolk og støttespelarar frå dalen som møtte opp - og det vart fyrt i grill -og poppa popcorn. Første ladning gjekk opp i flammar, men andre gong gjekk det bra.

Då det endeleg var klart for TV-sending kl 20.25, sat fire friske ungar frå Eksingedalen klar til å delta. Det var Vemund, Elias, Silje og Johannes. Dei fekk vera med å laga softis i med hjelp av snø. Silje fortel i etterkant at det smaka godt, men isen var litt mjuk. Kanskje dei må rista endå hardare neste gong?

Etter ein halvtime var sendinga over, og det var tid for litt bilder og ein ørliten prat  med TV folka. Så bar turen heimatt. For ei slik hending ofrar ein nokre minutt av nattesøvn - og i morgon skal me sjå programmet.

Like før kamera kjem på -og ungane er klare

Softis -laga ute i snøen 

Opplyst mellom husa på Bergsdalstunet- ved "hovudstudio" 

TV-folka såg ut til å vere nøgd etter sending

Pause-Popcorn. Ei utfordring                             Alle foto: F GUllbrå

meir fisk