Talentpris til Kari Bergo

Kari Bergo fekk tildelt ”Mary Kay Sullivan talentpris” på Vintertreffet på Vaksdal sist helg.
Juryen hadde dette året valt ut Kari. Stian Jordalen og firmaet hans, Dale  Trafikksenter, står bak prisen. Forutan heider og ære er det ein sjekk på 5 000 kr.

Kari fekk prisen fordi juryen meiner ho er eit talent – og at ho har utvikla seg mykje innan musikk. Ho står i dag fram også som ein god leiar for at andre skal bli gode, der ho tek stort ansvar. Kari har markert seg innan song, først som deltakar i jentegruppa Knis og m.a. i kommunale kulturskuleproskjekt som Micael Jackson .

Juryen heldt fram at ho er i god utvikling. Ho går no andreåret ved musikklinja på Voss Gymnas, og stod sist helg på scena i musikkframsyninga #UNG saman med alle musikkelevane på Voss Gymnas.

I tildelinga rettar Stian hyllest til jentegruppa Knis , ei gruppe han har følgt med på og som han beskriv som ei flott jentegruppe som har gjort mykje for kulturlivet i indre strøk av kommunen - men også stilt opp ved ulike tilstellingar på Dale.

Kari saman med gruppa KNIS. fv: Ingrid Trefall(v piano), Kari Bergo, Thea Flatekval, Hanna Gullbrå Tollefsen og Jorill Nese, 

”Mary Kay Sullivan” prisen har fått namnet etter Stian sin mentor og gode lærar då han tok utdanning ved i Maryville College i USA, Dr. Mary Kay Sullivan.
Det heile er ei rørande historie: Studenten Stian hadde ikkje økonomiske midlar til å forsetja med studiet sitt. Han skulle avslutta, men så kom det stadig tilførsel av pengar til skulekontoen hans. Nokon betalte for at han skulle kunna fortsetja. Slik heldt det fram resten av studietida hans. Ved endt utdanning oppdaga han at det var ein av lærarane hans, professor Mary Kay Sullivan, som var den hemmelege betalaren. Ho fortalde at noko til svarande hadde hendt henne ein gong også – og oppmoda Stian om at han kunne ”betala fram nokon” ein gong det var mogeleg for han.

Difor deler Stian Jordalen ut to talentprisar i året til unge i Vaksdal.  Ein for talent innan idrett og ein for talent innan kultur/musikk. Musikkstipendet vart delt ut første gong i 2014, til Ingrid Øygard Steinkopf.

Prisen har det lange namnet: ”Mary Kay Sullivan Prize for Outstanding Young Talents i Music.

meir fisk