Temakart for friluftsområda i kommunen

Vaksdal kommune inviterte denne veka til informasjonsmøte om arbeid med temakart for friluftslivområda i kommunen. Målet med møtet var å få lokal hjelp slik at kartet vert så korrekt og innhaldsrikt som mogeleg.

 

Gruppearbeid med kart, penn og papir. Godt samarbeid med dei med lokalkunnskap saman med planleggjarane Gjertrud Karevoll frå Vaksdal kommune og Marianne frå Bergen og Omland Friluftsråd.                                                     Foto: LivABergo

Det er eit nasjonalt mål om at alle kommunar i Noreg skal kartleggja sine friluftslivsområde innan 2018. Prosjektet er starta av Miljødirektoratet og forankra i både «Nasjonal strategi for et aktivt friluftsliv» og «Nasjonal strategi for statlig sikring og tilrettelegging av friluftslivområder». Vaksdal kommune har samarbeidd med Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) og Hordaland Fylkeskommune om dette prosjektet. I denne fasen av prosjektet ynskjer kommunen hjelp frå innbyggjarane slik at kartleggjina vert så grundig som råd.

meir fisk