Tour des Fjords i Eksingedalen

OBS: Forventa passeringstid er endra i forhold til dei som først var skreve inn.

På Kristi himmelfartsdag, 25. mai vil det internasjonale sykkelrittet Tour des Fjords gå gjennom nedste delen av Eksingedalen. Her vil fleire World tour lag vere med. Denne etappen av rittet er 184 km lang og startar på Brekke i Sogn og går via Modalen, Eidslandet, Dale, Trengereid og til Norheimsund. Det vert aktivitetar fleire plasser langs løypa, blant anna på Eksingedals sida av Modalstunnelen.

Det er 5. gong sykkelrittet Tour des Fjords vert arrangert. Vår etappe er den 2. av 5 etappar i årets ritt som startar i Balestrand og ender opp i Stavanger. 

Basert på at starten i Brekke går til rett tid og dei heldt ein gjennomsnittsfart på mellom 40-44 km/t vil ryttarane vere på Mo ca kl 14.35. Dette er ikkje offisiell tid og dette kan verte justert ved endringar i rittet. Vaksdal kommune har hatt møte for å informere og oppmuntre til aktivitetar langs løypa. Oppsummering frå dette møtet ligg på kommunen sine nettsider http://www.vaksdal.kommune.no/oppsummering-fraa-idemoete-om-mogelege-aktivitetar-kring-tour-des-fjords.5973950-298878.html

Vegen vil verte stengd for motgåande trafikk 1,5 til 2 timer før ryttarane kjem.

 

Idrettslaget vil arrangere sykkeltur frå Gullbrå til tunnelen same dag. Ved Modalstunnelen vil det verte sal av vaflar og kaffi laga på bålpanne. Smaksprøver frå Pøylo mm. Toradar/trekkspelmusikk vil møte ryttarane når dei  nærmar seg tunnelmunningen. Om me får det til, vil det verte konkurranse der det er mogleg å tippe på kva ryttar som er først ute av tunnelen. Dette vil gje ei ekstra spenning når me venter på syklistane. Me oppmodar folk om å møte opp ved tunnelen i god tid og vere med å gje eit godt førsteinntrykk av Vaksdal kommune.

 

meir fisk