Ullhuer frå Eksingedalen reddar liv i Afrika

Kvinne- og familielaget har i 10 år strikka huer til nyfødde born i Afrika. Denne veka var det årleg innsamling og i alt 546 huer vart samla inn. Her er det snakk om direkte hjelp frå strikkar, via vår "lokale jordmor" til mor og barn i Malawi eller Zanzibar. Jordmor Britt Eide viste bilete og fortalde frå mor/barn prosjekta i Afrika som ho har vore involvert i, om oppbygging av fødestover og kompetanse i dei to landa. 

Fleire tusen huer er strikka i Eksingdalen og Modalen desse åra.

Huestrikkarane!

Konkurranse mellom bygdene?
Denne gongen var Modølingane dei ivrigaste strikkarane.

Britt, i midten på biletet, viste oss bilete av nyfødde afrikanske babyar med huer frå Eksingedalen. Med det vert dette ekstra meiningsfylt arbeid!

 

Huene var samla inn på strikkekafè i Ljosheim. Damer i alle aldrar frå bygdene møtte fram og det var triveleg prat kring borda. I tillegg til eit meiningsfylt prosjekt er det triveleg å møtast!

meir fisk