Utenatt med Anna

Friluftsgruppa hadde natt til laurdag 5. mars overnattingstur til Almane. Dei tøffaste sov heilt ute under open himmel - dei andre i lavvo.

Anna passar på at Elias Bergo har alt han treng til ei natt ute.

Anna Bergo driv friluftsgruppa for alle elevar på skulen i Eksingedalen. Denne helga hadde ho invitert dei med på friluftsovernatting. Nesten alle ville vere med på tur - og dei fekk heldigvis fint vèr.

Når me kjem oppover i 22-tida fredagskvelden sit alle rundt bålet og syng. Panna med bål-popcorn går rundt. Andreas finn fram bok og vil lese høgt. Stemninga er upåklageleg og heimlengselen som me kanskje venta å finne, er ingen stad å spore. Over det heile lyser ein flott stjernehimmel med mengder av stjerneteikn å finne.

Alle rundt bålet med popcorn, song og historiar

Etterkvart vil nokon i soveposen. Tærne er litt kalde. Dei fleste finn posen i lavvoen, Elias (7) er klar for ute-natt. Han har gravd seng sjølv - med nattbord. 10-klassing Magnus ligg trygt rett attmed. Anna pakkar godt rundt og ser til at han har litt ekstra klede i posen om det blir kaldt. Hovudlykta blir plassert på nattbordet. Då kan natta kome. Anna får det etterkvart travelt. Fleire treng hjep for å få på varme sokkar, ny stilong, dobbel sovepose. Det går som ein leik. Ein etter ein får dei god hjelp og finn etterkvart ro i posen.  Då kan dei få nokre timar kvile før ny dag ventar med bålkokt havregraut til frukost. 

Vel heime -og ut att på skileik laurdagen fortel fleire at dei har sove godt, og er IKKJE trøytte. Frukosten var også god. Elias sov heile natta ute. Anna ser slett ikkje trøytt ut. 

Jammen er dei heldige desse ungane, som får oppleve dette. Så får me håpe den einaste vaksne på turen ikkje har tatt skrekken.

 

meir fisk