Utetid, innetid og årsmøtelaurdag

Til trass for at gradestokken var nær 20 kuldegrader, samla det seg fleire og fleire born, ungdommar og vaksne til skileik på Bergo laurdag. Det er god tradisjon med skileik for heile familien før idrettslaget heldt årsmøtet sitt. Løypene var gode - og køyrt opp som reine labyrinten. Her var kuleløype, hopp, hinderløype og stødige spor til å gå i. Passeleg for smale ski, breie ski, korte og lange ski, kjekt var det med akrebrett også!

Stor konsentrasjon  -  og det går så bra!          Foto: Anna S Bergo

Ein strålande dag, med sola som stadig nærmar seg. Framleis nokre få dagar til den når dalbotnen og garden på Bergo. Men, 20 minus er kaldt, så då var det godt å komma seg inn i gymsalen på skulen og eta varma pølser og mykje god bakst. 

Skigruppa delte ut distansemerke på ski, friidrettskontakten delte ut statuettar og pokal for dei med lang fartstid ti idrettsmerketaking.

May Britt og Frøydis fekk 15-årsstatuett, Magnar er stolt med 20-årspokal.   Foto Liv A Bergo

 
Turgruppa delte ut 29 turkrus til dei som hadde greidd alle dei15 postane i Fjelltrimmen.
I tillegg var det premiering av fem ivrige turgåarar.
 
I det heile eit svært aktivt turår for idrettslaget!

 

 

 

 

Fornøgde krusvinnarar: Elias, Odin, Helene og Svein

Årsmøtet vart gjennomført på godt "årsmøte-vis". Årsmeldinga viser også i år stor og variert aktivitet, særleg til å vera i ei lita bygd. Folket stiller godt opp om ulike typar arrangement, anten det er på ski, til fots eller på sykkel. At fotballbane endeleg har fått si opprusting, vart trekt fram. Noko ungdommar som er heime om sommaren set stor pris på. Ein fin samlingsplass!

 

 

 

 

 

 

Anna Sveinungsdotter Bergo tok attval som leiar. med seg i styret har ho Anita Gullbrå, Aud Marit Brønstad Bergo, Magnar Nese og Sveinung Tyssen Bergo. Elisabeth Holth heldt fram som ansvarleg for idrettsmerketakinga. I skigruppa heldt Magnar Nese, Ivar Bergo og Olav Gullbrå fram. Same folket som før fortset i turgruppa også; Aud Marit B Bergo, Solfrid U Nese og Liv Anne Bergo. 

 

 

Termninlista for skiaktivitet er klar, og datoane er komme inn i kalenderen på www.eksingedalen.no 

 

 

Turgruppa har snart sitt program for sesongen kjem etterkvart. Første tur vert søndag 11.mars til Trefallstølen og vidare om Storhaug og Beinhelleren.

 

 

Anna, med truger på beina på "Kom deg ut-dagen", klar til ny innsats!

meir fisk