Vårens vakraste sykkeltur går frå Gullbrå til Eidslandet

Søndag 5.juni arrangerer idrettslaget sykkeltur frå Gullbrå til Eidslandet:
Start i tunet på Gullbrå kl 11, og så trør og rullar me 45 km nedover Eksingedalen. 
"Oppsamling" ved butikken på Lavik, og vidare derifrå mellom 12.30 og 13, alt etter tempo og ynskje frå deltakarane. På Lavik avtaler me kvar felles matpause vert.

Buss oppover att frå Eidslandet 15.30, framme på Gullbrå 16.45.

MEB kan transportera syklar oppover Eksingedalen att påfølgjande tysdag med godsbilen. Dette kostar kr 150 pr sykkel. Dei som ynskjer denne sykkeltransporten må levera sykkelen med namnelapp på  ved kontoret til MEB på Eidslandet innan kl 15.

Idrettslaget køyrer ned 2-3 bilar med plass til nokre syklar. 

Vermeldigane er gode  - så dette vert ein flott dag for sykkeltur! 
Turen passar for heile familien! 

Om du lurar på noko i høve turen, ta kontakt med Solfrid, Aud Marit eller LivAnne

meir fisk