Vegen går vidare for Sukhjeet

Ganske nøyaktig seks år etter at Sukhjeet Bharj starta opp som butikksjef i Eksingedalen takkar ho for seg. Sist i november stengte ho butikkdøra på Lavik, og det vert eit opphald på eit par månader før butikken opnar utpå nyåret, nyoppussa og med ny eigar. 

 

- Suket, Sukat, Susji og Sukki, det er mange måtar å uttala namnet mitt på her, smiler Sukhjeet. Men ungane i Eksingedalen, dei er flinke. Dei seier det rett!                  
Foto: Håvard Bergo

- Eg har likt meg godt her, og har kjent meg godt motteken i Eksingedalen. Det har vore godt å oppleva å bu her i bygda. Eg vil takka alle mine kundar, eg er glad i alle! Og eg har hatt gode medhjelparar her, mange som har teke eit tak i travle tider. Særelg vil eg takka Oddvar og Kjell som har arbeidd mykje her. Dei er lette å be, og arbeider raskt og effektivt! Ordnar opp i mykje.

- No ynskjer eg Hege lukke til med ny butikk utpå nyåret. Eg trur Hege og familien har gode føresetnader for å trekkja nye kunder og få auka omsetning i butikken. 

Saman med familien er Sukhjeet  fastbuande i Bergen. Der har ho budd heilt sidan ho kom til Noreg. Ho syns pendlinga til Eksingedalen er utfordrande,særleg om vinteren. Det er hovudgrunnen til at ho no gjev seg med butikkdrifta. Omsetninga har vore grei nok siste åra, takka vere BKK som har hatt faste bestillingar i samband med annleggsdrift øvst i Eksingedalen. Handelen elles er variabel. No skal Sukhjeet saman med familien satsa på butikkdrifta i Bergen. Familien driv butikk på Starefossen, og familien skal no stå meir saman om å drifta denne. 

I tillegg jobbar Sukhjeet som morsmålslærar. Ho har høgare utdanning frå India og godkjenning som 2-språkleg lærar. I haust starta ho i 50% stilling som lærar i 2-språkleg fagopplæring i Bergen kommune. Ho underviser 5 elevar i 3.-5.klasse på 5 ulike skular i punjabi, eitt av språka i India. 

- Eg trivst godt med folk og eg har etterkvart brei arbeidserfaring. Kven veit, kanskje eg kjem att til Eksingedalen med ei heilt anna bedrift ein gong!

Seier Sukhjeet og ryddar vidare i butikken. Med ein god hjelpar i full sving på lageret. Tida med indisk butikksjef i Eksingedalen er forbi for denne gongen. Eksingedølane takkar Sukhjeet for butikkdrift dei siste seks åra, og særleg for omtanke for dei som ikkje så lett dreg til butikken og handlar sjølve. Dei aller heldigaste har også fått varene sine heimkøyrt.  

No må eksingedølane for første gong på mange, mange år ut av bygda for å handla mat, for ein periode. 

meir fisk