Vinnarbordet

Det er basar, og åretrekninga er godt i gong. Gong på gong kjem det JAAAA frå det same bordet. Vinnarbordet - det nede i kroken. Der det sit tre glade gutar.

Vinnarar, fv Johannes Bergo, Jakop Flatekval, Sigve Øvstedal

Det er lunt og godt i Ljosheim, og det fyllest bra opp rundt borda når Kvinne-og familelaget inviterer til basar ein fredagskveld i april. Eiga barnetrekning er som oppvarming, før det verkeleg begynner når årene kjem fram. Spenning - JAA - og Nei...! Nokon går tomhendte heim, andre får mykje. Slik er det med den vinnarlukka, og det er kanskje det som gjer det så kjekt med basar. Det kan jo bli meg - neste gong. Spenninga er der, heilt til siste slutt. Og om du ikkje får så mykje med heim, går det i alle fall an å gle seg med andre som viser vinnarglede - og så går no inntekta til eit godt føremål. 

 

 

meir fisk