Nyhetsarkivet

Folkefest - med sykkel, musikk og Dag Otto

Dei yngste av dei frammøtte ved Modalstunnelen var mest opptekne av ein ting. Når kjem Dag Otto? Anledningen var sjøvsagt sykkelrittet Tour des Fjords som kom gjennom tunnelen frå Modalen og susa vidare nedover Eksingedalen.
Og Dag Otto skuffa ikkje. Det blei tid både til selfies med TV2-helten og tv-opptak som vart vist i sendinga frå etappen. 

Dag Otto tok seg tid til fotografering- til glede for fleire

Sykkelfesten er i gang!

Belgieren Dries Van Gestel vann første etappe av Tour des Fjords. Edvald Boason Hagen, som var favoritt til å vinne 1. etappe av sykkelrittet, var skuffa etter å ha passert målstreken saman med hovedfeltet som vart 24 sekund etter ei gruppe på fire utbrytere som stakk av i klatringen opp mot Gaularfjell.

Syklistane som startar i Gulen, er forventa å komme ut av Modalstunellen mellom 14.30 og 14.45, alt etter kva fart dei klarer å holde. Frå klokka ca 13.00 er det kafè og mulig å kjøpe pølser, brus, kaker og kaffi. Det er Ungomskulen som lagar til og organiserer kafèen. Inntekta går til skuletur. Hugs kontanter. For dei som sykler vil det også vere mulig å stoppe på Lavik for ein is el.l.

Doktorgrad til landsbygda, Frøydis disputerer!

Eksingedølen og "landsbygd-legen" vår, Frøydis Gullbrå, er no i siste innspurt med doktorgraden sin. Tysdag 30.mai disputerer ho for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: “Children as next of kin and the general practitioner: A qualitative study about the general practitioner’s opportunities to help.”

Doktorgraden omhandlar "dei usynlege barna", barn av sjuke eller rusavhengige foreldre, og fastlegen si rolle i høve desse.

 

Kveldssol, fjell og Gullbrå gjev Frøydis energi til siste innspurten.  Foto: Privat

Gudsteneste og baby- og småbornssong i Eksingedalen kyrkje

Invitasjon til baby- og småbornssong

Me ynskjer velkomen til baby- og småbornssong for de som er under skulealder i Nesheim og Eksingedalen sokn!
Det vert ei enkel og uformell samling tilpassa aldersgruppa, med blant anna kjende og nye rørslesongar, litt kreativ bibelfortlejing og såpebobler.
Samlinga vert samstundes med gudstenesta i Eksingedalen kyrkje på sundag, kl. 11 -12 i sakristiet.
Bruk gjerne inngangen på baksida for å koma direkte inn.

Onsdagsturane er i gang!

Første tur er til Vetlejordstølen, start kl 18 frå Vetlejord. Sjå elles turprogrammet for Eksingedalen IL og kalenderen på sida her. Vel møtt til ny onsdagstur-sesong!

Sykkeltur frå Gullbrå til Tour des Fjords!

Eksingedalen IL sin årlege sykkeltur vert torsdag 25.mai, med start frå Gullbrå klokka 11. Turen går i år til Modalstunnelen, der det vert sosialt og kjekt medan me ventar på Tour de Fjords! 8.klasse har kafè med sal av kaffi og kaker, Pøylo serverer smaksprøvar og idrettslaget står for kaffikoking på bålpanne. Proff-syklistane er venta å passera mellom kl 14.30 og 15.

Strandadravle, Norge og dugnadsvilje

Sigbjørn Hauge drog linjene frå Eidsvoll 1814 til dagens Norge i talen sin til festlyden i Eksingedalen 17. mai. Fin vêr, smilande fjes og god deltaking i aktivitetane prega dagen. "Det går no mest av seg sjølv, det er så gode rutinar på kva som skal gjerast" sa ein av komitèmedlemane. Men jobba gjorde, dei i mange timar. Stor takk til dei.

Sigbjørn Hauge, frå Haugsvik, held tale og las sjølvskrive dikt om korleis Strandadravlen vert laga.

Velkomen til nasjonaldagsfeiring i Eksingedalen

Sigbjørn Hauge, varaordførar i Voss, er festtalar på skulen på Bergo 17. mai. Tradisjonen tru vert det vossadravle, pølser, is og brus å eta. Samt leikar, konkurransar og lotteri. 17. maikomitèen ynskjer alle hjarteleg velkomne.

Sigbjørn Hauge. Foto TV2

Resultat etter 21 dagar i rugemaskin på skulen:


Stor stas med to søte små kyllingar i klasserommet!      Foto: Eksingedalen skule

Undra seg til sølvmedalje

Kvifor fins det stølar i dalen vår? Arbeidet med dette spørsmålet resulterte denne veka i tur til prisutdeling på VilVite-senteret i Bergen for elevar og lærarar ved Eksingedalen skule. Her ser me dei stolte prisvinnarane.

Slik vurderte juryen arbeidet til elevane ved Eksingedalen skule.

Tour des Fjords i Eksingedalen

OBS: Forventa passeringstid er endra i forhold til dei som først var skreve inn.

På Kristi himmelfartsdag, 25. mai vil det internasjonale sykkelrittet Tour des Fjords gå gjennom nedste delen av Eksingedalen. Her vil fleire World tour lag vere med. Denne etappen av rittet er 184 km lang og startar på Brekke i Sogn og går via Modalen, Eidslandet, Dale, Trengereid og til Norheimsund. Det vert aktivitetar fleire plasser langs løypa, blant anna på Eksingedals sida av Modalstunnelen.

Kyrkjekafè i Markhuset

OPPTUR 2017 i Eksingedalen

Første onsdagen i mai kvart år er det turdag for mange ungdommar i Hordaland. Den Norske Turistforeninga har i fleire år gjennomført OPPTUR i mai for alle 8.klassingar. For første gong var det i år eigen OPPTUR i Eksingedalen, og for alle elevane ved Eksingedalen skule.
Arrangørar var V
oss Utferdslag og Eksingedalen IL.
Gjengen på Kultatoppen.   Foto: Håvard Bergo

Lite ny asfalt i år

Det har vore særs slitsamt - både for førar og bil å ferdast på vegane i Eksingedalen siste tida. Oppsprukken asfalt, humper og holer -  og konsekvenser av vegarbeid set sit preg på bilturen gjennom dalen. Fleire stikkrenner er fornya - men er der håp om betring av vegdekket med det første?

Flikking av hole i asfalt - ser ut for å bli meir slikt. 

Sko funne, søkjer prinsesse - eller prins

Topptursko - plaststøvel er funne i Eksingedalen, mellom Bergo og Bindingsbø. Truleg mista ein gong i løpet av påsken. Ta kontakt på tlf. 97588303 og beskriv støvelen. Reknar med at det er vanskeleg å gå på tur berre med ein.

Langløp på ski påskeafta

Dei tre raskaste på tremila, Gaute Øvstedal (1), Hermann Skjeldal (2) og Rolf Sælen (3) flankerar Nils L. Nesheim, primus motor for rennet. Etter å ha vore tidtakar dei første åra, var Nils i år deltakar. Han fullførte 2 mil i fin stil, i løypene som går på innmarka på Nesheim.
Hermann Skjeldal er oppfinnaren av Skjeldalsfresen, som er løypemaskina som vert brukt til å laga løypene.
Resultatlister finn du under "Eksingedalen IL" og "Resultat" på denne sida.

Ullhuer frå Eksingedalen reddar liv i Afrika

Kvinne- og familielaget har i 10 år strikka huer til nyfødde born i Afrika. Denne veka var det årleg innsamling og i alt 546 huer vart samla inn. Her er det snakk om direkte hjelp frå strikkar, via vår "lokale jordmor" til mor og barn i Malawi eller Zanzibar. Jordmor Britt Eide viste bilete og fortalde frå mor/barn prosjekta i Afrika som ho har vore involvert i, om oppbygging av fødestover og kompetanse i dei to landa. 

Fleire tusen huer er strikka i Eksingdalen og Modalen desse åra.

Folkevandringar i Eksingedalen

Fire blide jenter skin om kapp med sola på Kvitanosi.

Dette illustrerer to flotte Eksingedalsdagar, med skitur i etterlengta sol til Kvitanosi langfredag og meir enn fullsett gymsal til bingo på skulen skjærtorsdagskvelden. Eksingedalen IL er svært godt nøgde med frammøtet! Kring 180 vart talde på bingo, og jammen var nok talet endå høgare på Kvitnosturen. Fakisk snakk om rekord! Uoffisielle tal frå Gullbrå er 200 på tur!

Klart for 3-mil på Nesheim

Påskeafta er det klart for langløp på Nesheim.

 
 

Å gå tre mil er målet for mange, men arrangøren påpeikar at det er lov å gå kortare distansar. Løypa på Nesheim er 2,5 km lang, så det blir nokre rundar på dei som vel å gå 3 mil. 

Turkonkurranse

Bygdene i Vaksdal har blitt utfordra i trimkonkurranse knytta til Bergsdalen Opp. Der er turmål i heile kommunen, mellom anna alle mange stølar og nokre fjelltoppar i Eksingedalen. Du får poeng for kvart mål du sjekkar inn på. Bli med, og få Eksingedalen/Eidslandet opp på listene. 

Haugastølen er turmål i trimkokurransen

Idrettslaget inviterer til påskebingo og tur til Kvitanosi

Eksingedalen IL har to gode påsketradisjonar: BINGO og PÅSKETUR!
Bingoen er som vanleg skjærtorsdag kveld, og fellesturen på ski går langfredag.

Kl 19.30 torsdag 13.april ynskjer laget alle velkomne til bingo i gymsalen på skulen.
Det vert som vanleg 4 omgangar bingo med kaffipause midtvegs.

Kr 20,- pr bingobrett
Kr 30,- for brus og mat / kaffi og mat

Diverre er det komme feil pris på bingobrettet på plakatane.
Hugs kontantar! Idrettslaget lovar mange fine gevinstar i år også!

Gratulera med dagen, Hege og Eksingedalen!

Klokka 10.00 fredag 7.april 2017 opna ei blid Hege Marie Lavik døra til Eksngedalen Snarkjøp As. Mange gode ord frå kundar i kø, alle glade for å ha butikk i Eksinedalen att! Butikken er helt ny, lys og triveleg - og hyllene var fulle av varer. Utvalet såg verkeleg innbydande ut!

Hege har god grunn til å smila i dag! Og i kaffikroken ventar ei nydeleg kake.

 

 

Kunde nr 1 gjennom kassa var Elias frå Eksingedalen skule som handla inn til påskekantina.

Aktivt arbeidsstyre heldt fram i Bygdarådet

Torsdag 6.april la Bygdarådet som vanleg fram ei fyldig årsmelding for årsmøtelyden. Dette året kunne ein feira at to viktige saker er i mål: Telenor leverer 4G-signal i heile Eksingedalen - og 24.mars fekk også heile dalen DABsignal.
At Bygdarådet har vore viktige pådrivarar er heilt sikkert!

Frøydis Gullbrå heldt fram som leiar av Bygrarådet. Jon Trefall og Laila Bolstad Eikefet heldt fram i styret - og med seg får dei Ole Jakob Nese som ny styremedlem.

Blid gjeng ved oppvaskbenken etter årsmøtet: Frøydis, Jon og Laila.

Kyrkja informerer

Grunna mannskapsmangel er familiegudstenesta på Flatekval på søndag flytta til kl. 15.00.

Årets 11-åringar i dalen er særskild innbedne, det gjeld og dei me eventuelt  ikkje har nådd med brev.

Helsing Kyrkjekontoret

meir fisk