Nyhetsarkivet

Resultat etter 21 dagar i rugemaskin på skulen:


Stor stas med to søte små kyllingar i klasserommet!      Foto: Eksingedalen skule

Undra seg til sølvmedalje

Kvifor fins det stølar i dalen vår? Arbeidet med dette spørsmålet resulterte denne veka i tur til prisutdeling på VilVite-senteret i Bergen for elevar og lærarar ved Eksingedalen skule. Her ser me dei stolte prisvinnarane.

Slik vurderte juryen arbeidet til elevane ved Eksingedalen skule.

Tour des Fjords i Eksingedalen

OBS: Forventa passeringstid er endra i forhold til dei som først var skreve inn.

På Kristi himmelfartsdag, 25. mai vil det internasjonale sykkelrittet Tour des Fjords gå gjennom nedste delen av Eksingedalen. Her vil fleire World tour lag vere med. Denne etappen av rittet er 184 km lang og startar på Brekke i Sogn og går via Modalen, Eidslandet, Dale, Trengereid og til Norheimsund. Det vert aktivitetar fleire plasser langs løypa, blant anna på Eksingedals sida av Modalstunnelen.

Kyrkjekafè i Markhuset

OPPTUR 2017 i Eksingedalen

Første onsdagen i mai kvart år er det turdag for mange ungdommar i Hordaland. Den Norske Turistforeninga har i fleire år gjennomført OPPTUR i mai for alle 8.klassingar. For første gong var det i år eigen OPPTUR i Eksingedalen, og for alle elevane ved Eksingedalen skule.
Arrangørar var V
oss Utferdslag og Eksingedalen IL.
Gjengen på Kultatoppen.   Foto: Håvard Bergo

Lite ny asfalt i år

Det har vore særs slitsamt - både for førar og bil å ferdast på vegane i Eksingedalen siste tida. Oppsprukken asfalt, humper og holer -  og konsekvenser av vegarbeid set sit preg på bilturen gjennom dalen. Fleire stikkrenner er fornya - men er der håp om betring av vegdekket med det første?

Flikking av hole i asfalt - ser ut for å bli meir slikt. 

Sko funne, søkjer prinsesse - eller prins

Topptursko - plaststøvel er funne i Eksingedalen, mellom Bergo og Bindingsbø. Truleg mista ein gong i løpet av påsken. Ta kontakt på tlf. 97588303 og beskriv støvelen. Reknar med at det er vanskeleg å gå på tur berre med ein.

Langløp på ski påskeafta

Dei tre raskaste på tremila, Gaute Øvstedal (1), Hermann Skjeldal (2) og Rolf Sælen (3) flankerar Nils L. Nesheim, primus motor for rennet. Etter å ha vore tidtakar dei første åra, var Nils i år deltakar. Han fullførte 2 mil i fin stil, i løypene som går på innmarka på Nesheim.
Hermann Skjeldal er oppfinnaren av Skjeldalsfresen, som er løypemaskina som vert brukt til å laga løypene.
Resultatlister finn du under "Eksingedalen IL" og "Resultat" på denne sida.

Ullhuer frå Eksingedalen reddar liv i Afrika

Kvinne- og familielaget har i 10 år strikka huer til nyfødde born i Afrika. Denne veka var det årleg innsamling og i alt 546 huer vart samla inn. Her er det snakk om direkte hjelp frå strikkar, via vår "lokale jordmor" til mor og barn i Malawi eller Zanzibar. Jordmor Britt Eide viste bilete og fortalde frå mor/barn prosjekta i Afrika som ho har vore involvert i, om oppbygging av fødestover og kompetanse i dei to landa. 

Fleire tusen huer er strikka i Eksingdalen og Modalen desse åra.

Folkevandringar i Eksingedalen

Fire blide jenter skin om kapp med sola på Kvitanosi.

Dette illustrerer to flotte Eksingedalsdagar, med skitur i etterlengta sol til Kvitanosi langfredag og meir enn fullsett gymsal til bingo på skulen skjærtorsdagskvelden. Eksingedalen IL er svært godt nøgde med frammøtet! Kring 180 vart talde på bingo, og jammen var nok talet endå høgare på Kvitnosturen. Fakisk snakk om rekord! Uoffisielle tal frå Gullbrå er 200 på tur!

Klart for 3-mil på Nesheim

Påskeafta er det klart for langløp på Nesheim.

 
 

Å gå tre mil er målet for mange, men arrangøren påpeikar at det er lov å gå kortare distansar. Løypa på Nesheim er 2,5 km lang, så det blir nokre rundar på dei som vel å gå 3 mil. 

Turkonkurranse

Bygdene i Vaksdal har blitt utfordra i trimkonkurranse knytta til Bergsdalen Opp. Der er turmål i heile kommunen, mellom anna alle mange stølar og nokre fjelltoppar i Eksingedalen. Du får poeng for kvart mål du sjekkar inn på. Bli med, og få Eksingedalen/Eidslandet opp på listene. 

Haugastølen er turmål i trimkokurransen

Idrettslaget inviterer til påskebingo og tur til Kvitanosi

Eksingedalen IL har to gode påsketradisjonar: BINGO og PÅSKETUR!
Bingoen er som vanleg skjærtorsdag kveld, og fellesturen på ski går langfredag.

Kl 19.30 torsdag 13.april ynskjer laget alle velkomne til bingo i gymsalen på skulen.
Det vert som vanleg 4 omgangar bingo med kaffipause midtvegs.

Kr 20,- pr bingobrett
Kr 30,- for brus og mat / kaffi og mat

Diverre er det komme feil pris på bingobrettet på plakatane.
Hugs kontantar! Idrettslaget lovar mange fine gevinstar i år også!

Gratulera med dagen, Hege og Eksingedalen!

Klokka 10.00 fredag 7.april 2017 opna ei blid Hege Marie Lavik døra til Eksngedalen Snarkjøp As. Mange gode ord frå kundar i kø, alle glade for å ha butikk i Eksinedalen att! Butikken er helt ny, lys og triveleg - og hyllene var fulle av varer. Utvalet såg verkeleg innbydande ut!

Hege har god grunn til å smila i dag! Og i kaffikroken ventar ei nydeleg kake.

 

 

Kunde nr 1 gjennom kassa var Elias frå Eksingedalen skule som handla inn til påskekantina.

Aktivt arbeidsstyre heldt fram i Bygdarådet

Torsdag 6.april la Bygdarådet som vanleg fram ei fyldig årsmelding for årsmøtelyden. Dette året kunne ein feira at to viktige saker er i mål: Telenor leverer 4G-signal i heile Eksingedalen - og 24.mars fekk også heile dalen DABsignal.
At Bygdarådet har vore viktige pådrivarar er heilt sikkert!

Frøydis Gullbrå heldt fram som leiar av Bygrarådet. Jon Trefall og Laila Bolstad Eikefet heldt fram i styret - og med seg får dei Ole Jakob Nese som ny styremedlem.

Blid gjeng ved oppvaskbenken etter årsmøtet: Frøydis, Jon og Laila.

Kyrkja informerer

Grunna mannskapsmangel er familiegudstenesta på Flatekval på søndag flytta til kl. 15.00.

Årets 11-åringar i dalen er særskild innbedne, det gjeld og dei me eventuelt  ikkje har nådd med brev.

Helsing Kyrkjekontoret

Sakliste til årsmøte klar

Til årsmøte i Eksingedalen Bygdaråd 6. april, er fylgjande saklite klar:

 

Endeleg sakliste til årsmøte i Eksingedalen Bygdaråd:

1.    Godkjenning av innkalling og sakliste

2.    Val av møteleiar og skrivar

3.    Gjennomgang av årsmelding for 2016

Blide Hege opnar butikk til påske!

Eksingedalen kan gle seg! For fredag 7.april opnar Hege Marie Lavik opp att butikken på Lavik under namnet Eksingedalen Snarkjøp. Ho kan ynskja både bygdafolk og tilreisande velkommen til påskehandel på Lavik. Butikken er heilt ny: Nytt golv, nymåla veggar, ny innreiing og ikkje minst: Ny himling med ledljos. Hege er godt nøgd. Ho har pussa opp heile butikken og husveret oppe også. Det har vore mykje arbeid, men no kjenner Hege det ekstra spennande: For snart kjem varene, og det er knappe to veker til alt er skikkeleg i gang!

- Eg gler meg veldig, seier Hege. Eg opnar fredag 7.april kl 10.00. Eg er spent på om folk kjem!

Dekka med DAB

Øvste del av dalen, Ekse og Gullbrå fekk inn lyd i DAB-radioen i dag. Dermed er heile dalen utbygd med DAB+ signal, og me er rusta for nedbygging av FM band. 

DAB-adapter med gode signal på Gullbrå                                Foto: Frøydis Gullbrå

Årsmøte i Eksingedalen Bygdaråd

Eksingedalen anno 1887

 

I 1887 utgav Thrond Sjursen Haukenæs Natur Folkeliv og Folketro paa Voss  og Vossestranden som er ei samling av folkelivsskildring, eventyr og sagn. Forteljinga under er henta herfra. Me har funne denne på historier.no  

Omtrent 1 Mil i Nord for Teigdalen ligger Eksingedalen. Er der trangt og vildt i Teigdalen, med daarlige Færdselsveie og sparsomme Næringskilder, saa er alt dette i endnu høiere Grad særegent for Eksingedalen. Kun den, der fra Barnsben af er vant med saadanne Omgivelser og saadanne Livsforholde, kan leve og befinde sig vel paa saadanne Steder. Mest maa man forundre sig paa, at Folk overhovedet har holdt paa at bosætte sig i saadanne Afkroge.

<--break- />

Eksingedalen er beboet i en Længde af henved 5 Mil. Den tager sin Begyndelse ved Eidsfjorden, der ligger i Brudviks Præstegjeld, gaar først mod Nordøst, indtil den skjærer Bygdegrændsen, og fortsætter siden ret mod Øst gjennem en Del af Hosanger Præstegjeld og løber endelig et lidet Stykke østenfor gaarden Ladvik ind i Voss Præstegjeld, hvem de sidste og øverste gaarde i Dalen tilhører. Den Del af Dalen, som hører Hosanger til, danner et særskilt lidet Kirkesogn med en af Graasten i 1883 opbygget Kapelkirke. Bygdens Folk murede selv Kirken op under Tilsyn af Anders Ladvik; den er reist paa Gaarden Fladekvals Grund, i den smukkeste og bedste Del af Dalen. Her er ogsaa Kirkegaard, og ligeledes er der Kirkegaard paa Næsheim, som ligger noget over en Mil længere op i Dalen.

Skiglede, leik, konkurranse og litt alvor

50 løparar stilte på startstreken til ope Vaksdalmeisterskap, VM, i friteknikk på Nesheim Stadion i Eksingedalen. Dette er det tredje året Eksingedalen IL skipar til VM i friteknikk, rennet som avløyser den tidlegare VM-stafetten.

Resultatliste nederst på denne saka.

Rennleiar Magnar Nese ynskjer dei yngste velkomne til start.

TINE-plakett til Rune Nesheim

På årssamlinga til TINE-produsentlaget for Vaksdal og Modalen, som vart halde på Bergsdalstunet, fekk Rune Nesheim overrekt 10-årsplakett for levering av elitemjølk. Som namnet på plaketten seier, har Rune levert elitemjølk samanhengande i 10 år. Gunn Elise Helle, rådsmedlem i TINE-sørvest og Kristine Sæterdal som er leiar i det lokale produsentlaget stod for overrekkinga.

Ope Vaksdalsmeisterskap i langrenn, fri teknikk

INVITASJON TIL DET TREDJE OPNE VAKSDALS-MEISTERSKAP I LANGRENN, FRI TEKNIKK

PÅ NESHEIM, EKSINGEDALEN SØNDAG 12. MARS 2016 KL. 12.00

Rennet går i fri teknikk. Det blir også køyrt klassisk-spor.

Tidspunkt: søndag 12. mars klokka 12.00 på Nesheim

Det blir konkurrert i:

-vanlege klassar, gutar og jenter, kvinner og menn

-trim kvinner og menn

-miksklasse alle aldrar: For alle som vil gå utan tidtaking, med valfri løypelengd. Du går i mål når du synes du har gått langt nok.

meir fisk