Nyhetsarkivet

NM i snø: Eksingedalen tek sølvmedalje

Trefall : 218 cm snø. Jordalen i Voss kommune: 220 cm. Anten vi no held oss til dei offisielle målingane på yr.no eller tal frå lokale målestavar, vert resultatet det same. Eksingedalen tek sølv i NM i snødjupna.
Ein kort situasjonsrapport frå denne dagen, måndag 6. februar kl. 11:

Eg har fått vore frisk i vinter, seier Einar


Med 12. plass i 15 km friteknikk og 39. plass i 10 km klassisk viste Einar Trefall at han framleis er i godt slag. Renna gjekk i Granåsen i Trondheim i helga, og var Norgescup. Einar går i klassen junior 18 år. 

Sprekt arbeidsstyre i 60 år gammalt lag

På årsmøtet i Eksingedalen Kvinne- og familielag 30.januar vart det vald eit nytt arbeidsstyre: Evelyn Gullbrå, Anita Gullbrå, Karin Flatekval, Haldis Øvstedal og Inger Marie Lavik.

Ei sak som vart diskutert på møtet var lagsstrukturen i Eksingedalen. Er her for mange lag til at bygda greier drifta dei? Dette er ein diskusjon som vil halda fram i dalen i 2012 - så kanskje det 60 år gamle laget vert omskapt ved neste åsmøte.Nye tankar omkring lagsstrukturen i dalen vert nok diskusjonstema i fleire lag i 2013.


Laget feira seg sjølv med jubileumskake på årsmøtet 30.januar 2012. Foto. Karin Flatekval


Oppkøyrd løype på Gullbrå

Velkomen på tur !For dei som vil ta søndagsturen i faste spor, er det oppkøyrd rundløype på Gullbrå. Løypa er laga 28.jan med snøscooter og sporkjelke. Den blir ståande til snø eller vind slettar den ut. 

Lengd: 1,5 km. Lett kupert terreng. Start like over brua på Gullbrå.

 

 

 

Løypa ligg klar for innrykk

Nytt namn og ny leiar

Eksingedalen IL er namnet - og den første leiaren er Elisabeth Holth. Ein leiar som har fostra opp ein vinnar - måtte det smitta på heile laget!

Tidlegare hadde Eksingedalen og Modalen felles idrettslag, EMIL. Modalen etablerte sitt eige lag i 2011. Årsmøtet laurdag 21.januar 2012 fekk EMIL nytt namn - og Elisabeth overtok leiarvervet frå Einar Hovda Nilsen.

         

110 spurt - 26 svarte

I desember i fjor sendte BKK ut spørjeundersøking om kraftprosjektet Beinhelleren Pumpe.  110 fekk spørjeskjema og kart i posten. Fristen for å svara var nyttårsaftan. No har BKK fått inn 26 svar.


- Hovudtyngda av kommentarane gjeld friluftsliv. 24 av 26 tok opp dette som sentralt tema. Området er mykje brukt som rekreasjonsområde  med bærplukking, turar,  jakt og fiske. Og området vert brukt både vinter og sommar. Til dømes er eit av forholda som vert trekt fram er at Nedre Blåvatn vert brukt til kryssing på ski vinterstid.


Det gjekk stort sett som vi venta, seier prosjektleiar  for Beinhelleren Pumpe, Ingri Dymbe Birkeland.

Tung snølast hovudgrunnen til straumstans

Mykje dårleg vêr i jule- og nyttårshelga tok knekken på straumforsyninga med langvarig straumstans både like
før jul, i romjula og like over nyttår.

 

 

 


Eksingedalen har vore ekstra hardt råka av straumbrot. Hovud-grunnen er det dårlege vêret seier Sigbjørn Bjånesø i BKK Nett

 

- Det skikkeleg dårlege vêret ga oss hendene fulle med å retta feil. Når vi samanliknar Eksingedalen med andre områder som BKK har ansvaret for, er det et faktum at det var ekstra store problem med straumforsyninga i Eksingedalen denne gongen , seier seksjonssjef Sigbjørn Bjånesø i BKK Nett AS.

Eksingedalen.no i ny drakt

Sida har vore uendra sidan oppstarten i 2002, og er klar for ei fornyingEksingedalen har fått ny nettside. Den er bygd og vert drifta av Kleiveland Musikk og Media ved Roald Kleiveland. Han har lagd denne etter etter ønske fra Eksingedalen Bygdaråd og me er godt fornøyd med resultatet.


Det er mykje ny informasjon på sida. Gi gjerne melding om du finn noko som ikkje stemmer.


Me håper at alle vil vere med å bidra til å fylle kalenderen slik at denne er mest mogleg oppdatert med aktiviteter. Nyhetsstoff er sjølvsagt også kjekt om me får tips om.


Sida frå 2002 vert ny, med håp om at det vert betre

Eksingedalen på YouTube

Også Eksingedalen har fått sine innslag på youtube.com. Av dei filmsnuttane som er lagt ut på nettstaden om eller frå dalen vår, er Håvard Bergo den suverene vinnaren med over 9.000 visningar av video’en der han og fetter Jarle sjonglerar.


Her er rankinglista for Eksingedalen, pr. 18. januar 2012:

Kjempeprestasjonar av Einar Trefall

God antenne løyser radioproblema i Eksingedalen

Mange i Eksingedalen slit med dårlege radiotilhøve i heimen. Bilradioen fungerar godt, men radioane innandørs skurrar og skraper hjå dei fleste. Einaste løysinga på problemet er ei skikkeleg radioantenne utandørs, med kabel frå antenna og inn i radioen.


Fleire stader i dalen er antenneløysinga testa ut det siste året, med knallgodt resultat.


Post- og teletilsynet si lokale avdeling i Bergen har gjeve Eksingedalen Bygdaråd oppskrifta på korleis eksingedølane kan løysa radioproblema:

Årsmøte i Eksingedalen Bygdaråd 20. september

Eksingedalen Bygdaråd, paraplyorganet for lag og organisasjonar i Eksingedalen held årsmøte på Eksingedalen skule tysdag 20. september kl. 19.00. Her er representantane i rådet.

 

Politisk møte i Eksingedalen

Mandag 6 juni var det politisk møte på skulen på Bergo, der dei politiske partia i Vaksdal var invitert for å diskutere framtida til Eksingedalen. Per Jon Odeen var innleigd som møteleiar.

Les meir i Vaksdal Posten http://vaksdalposten.no/nyhet.cfm?nyhetid=1401

 

meir fisk