Nyhetsarkivet

Klart for lagsmeisterskap i langrenn

Resultatliste finn du under Eksingedalen IL, Resultat

Laurdag 25. februar er det klart for lagsmeisterskap i langrenn på Nesheim. Nysnø og kulde har laga ei flott ramme for arrangementet. Men, vinteren er ustabil på Vestlandet og laurdagen ser ikkje ut til å bli like fin som dei to siste dagane. 
Difor er starten av rennet flytta ein time fram i tid, til kl. 12.00

Rennet er ope for alle som vil delta, og deltakarlista viser like mange deltakarar frå andre lag som frå arrangørlaget Eksingedalen IL.

Natt under stjernene

 Vinternatt under stjernehimmel i Almane.                               Foto: Stian Drotningsvik

Endeleg kom kvelden då det var klart for å sova ute! Gjengen i Friluftsgruppa hadde fullpakka sekkar med varme ullkle og gode soveposar der dei med lette bein vandra opp i Almane. Sju minusgrader og klårvêr lova godt. Timane gjekk fort med leik, kos og prat rundt bålet.

 

Andre tonar i kyrkja på Flatekval

- Det går ikkje an å spela halvtonar på torader, det styrte valet av salmar, sa Svein Trefall, etter at den første toradergudstenesta i Eksingedalen var over. Difor var de mange kjende "bedehussongar" på salmelista den dagen. I tillegg til å spela til salmane, stod Toradergruppa for både preludium og postludium i kyrkja på Flatekval den vakre søndagsettermiddagen i februar.

Hovudlyktrenn på Nesheim

Resultatliste frå hovudlyktrennet på Nesheim 14.februar finn du under Eksingedalen IL, Resultat på denne sida.

Registrering av nye liv i sauemagane, på sjølvaste morsdagen

Fosterteljar Tor Erok Ertzaas frå Levanger startar rundreisa si med fosterteljing 11.januar kvart år. Han reiser rundt til saueflorar i heile Noreg, og leitar etter nye livsteikn. 7 veker brukar han på rundreisa si, og er som regel heime att på garden sin i Trøndelag 27.februar kvart år. Målet er å komma attende på faste datoar kvart år.

Fosterteljar Ertzaas, omreisande med ultralydapparat i kofferten.

Takk til vår dyktige dyrlege!

Fredagskvelden var Verpelstad gard fylt opp av bønder som ville heidra den fantastiske dyrelegen sin! Frå Eksingedalen gjekk det denne kvelden både buss og bilar til dyrlege- og bondefest.

Jan Vaksdal har vore "dyrlege Vaksdal" i Vaksdal kommune i 37 år. Ein dyrlege som er like flink med både folk og dyr, med gode historiar og eit godt glimt i auga! 

Festen var skipa til av faglaga i kommunen, Bondelaget,
Sau- og geit og Tine.

 

 

Åshild og Jan Vaksdal fekk takketalar, songar,
blomar, gåver
og gode ord
med seg heim att.

 

2016 var eit aktivt turår i Eksingedalen

2 633 namn var oppførte i bøkene til idrettslaget sin FJELLTRIM for sesongen 2016. Mest besøkt i år var Brakestadstølen, med Kultatoppen og Flatekvalstølen som turmål nummer to og tre. 

På idrettslaget sitt årsmøte var det premiering, og 27 ivrige trimmarar hadde nådd målet om alle 15 postane og med det greidd kruset! Kruset er det sjuande i serien, og 11 turgåarar har alle krusa til no.

I tillegg vart dei ivrigaste premierte med gåvekort i sportsbutikk på Voss:

6-12år: Elias Bergo, 51 poeng og alle postane
13-16 år: Vegard Gullbrå Tollefsen, 78 poeng og alle postane
Vaksne: Haldis Øvstedal, 177 poeng og alle postane

Småtrolldiplom (for alle under skulealder) vart delt ut til syskentrioen på Nesheim, Heidi, Signe og Kasper.

Kom deg ut dagen!

Ski, akebrett, "plastvåpen-funn", ein liten skihoppar og ein lilla ballong skapte aktivitet mellom ungane som kom seg ut på "Kom deg ut dagen". Turistforeninga skipar til "kom deg ut dag" i heile Noreg søndag 5.februar, og i Eksingedalen tok turgruppa i idrettslaget utfordringa og inviterte til "Kom deg ut dag" på Nesheim.

Omlag 25 møtte opp og tok del i bålkos, leik eller trim. I tillegg suste spreke menn stadig forbi i langrennsløypa på Nesheim skistadion, med tydeleg mål om å bli endå raskare!
Sol, varmegrader og godt humør  - ein fin dag å komma seg ut! 

Gudsteneste i Eksingedalen kyrkje

"Gudsteneste med torader

Komande søndag syter Toradergruppa i Eksingedalen for det meste av musikken ei gudsteneste.
Det skjer i Eksingedalen kyrkje på Flatekval, og dei skal både spele til salmane og syte for det meste av musikken elles.
Det var soknerådet som tok initiativ til å bruke desse lokale musikarane i ei gudsteneste, og om ettermiddagen denne søndagen skjer det.
Sjølve gudstenesta vert ganske så vanleg, men ho vert kan hende gladare enn elles, for toraderane kan berre spele musikk i dur!
Når soknerådet i tillegg freistar med kyrkjekaffi, må vel berre dette bli ein fin ettermiddag i kyrkja?"

Slik lyder meldinga frå kyrkjekontoret. Under finn du plakaten for gudstenesta.

Ei aktiv helg i vente med Eksingedalen IL

Laurdag 4.februar kl 13 inviterer skigruppa til skileikdag på Bergo. Dette skjer i førekant av årsmøtet, som skal haldast på skulen kl 15. Servering vert det også, av pølser, saft og kaffi.

Søndag 5.februar er det "Kom deg ut dag" i Grøndalen. Start frå Gullbrå kl 11.30, lett skitur innover til ein høveleg stopp-plass der det vert familieakivitetar.
- Målet er å komma oss ut for å ha det kjekt saman, seier turgruppa.

Program for FRILUFTSGRUPPA:

Programet for friluftsgruppa er no å finna i kalenderen. Dei kommande vekene vert det friluftskveld tysdag- eller torsdagskveldar frå kl 17 til 19, med oppmøte i Almane.

 

Fredag 17.  til laurdag 18.februar skal gjengen overnatta i gapahuken og lavvo.

 

Foto: Anna Bergo

 

"I en natt så kald og klar"

Denne julesalmen av Bjørn Eidsvåg, og fleire andre songar, kan du høyra under gudstenesta i kyrkja på Nesheim julafta kl. 12.00. "Juleferiekoret" stiller med nyinnøvde songar for å laga ei fin ramme rundt julefeiringa i Eksingedalen.

Edvard Bø er liturg, og Mari Odland Trefall trakterer fiolinen i samspel med organisten under salmesongen.

Songarane har eit ynskje om å sjå mange i kyrkjebenkane denne dagen.

På reise med jolegåver til flyktningar i Vaksdal

Elevane ved Eksingedalen skule reiste mandag morgon til Dale på besøk til Vakdal introsenter med ei stor korg med gåver til born og unge flyktningar i Vaksdal. I adventstida har elevane hatt med seg gåver, og har gjeve ei pakke i staden for å få. Dette er tredje året skulen har hatt "omvendt adventskalender".

Endeleg mobildekning til alle

6. desember vart endeleg masta på Lavik i Eksingedalen klar til å sende 4G signal utover Haugen, Fjellanger, Yksendalen og Lavik. Dermed har alle fastbuande i dalen fått mobildekning.

Kake må til når mobildekninga er på plass                                   Foto: F Gullbrå

Utekveld i Almane

Også i haust har det vore tilbod om friluftsgruppe for alle ungar i Eksingedalen. I kveld inviterte dei til utekveld i gapahuken.

Bål og drøs i gapahuken i Almane                                                   Foto: F Gullbrå

Vegen går vidare for Sukhjeet

Ganske nøyaktig seks år etter at Sukhjeet Bharj starta opp som butikksjef i Eksingedalen takkar ho for seg. Sist i november stengte ho butikkdøra på Lavik, og det vert eit opphald på eit par månader før butikken opnar utpå nyåret, nyoppussa og med ny eigar. 

 

- Suket, Sukat, Susji og Sukki, det er mange måtar å uttala namnet mitt på her, smiler Sukhjeet. Men ungane i Eksingedalen, dei er flinke. Dei seier det rett!                  
Foto: Håvard Bergo

Adventskonsert

Førjolskos i Ljosheim

Konsentrerte og blide fjes prega kvinne- og familielaget sin joleverkstad i Ljosheim. Det var mykje å produsera av, og eit lite joletre var pynta til inspirasjon. Kreativiteten var stor, med spekter frå jolekuler, englar og nissar til "mannen med ljåen". Talet på ferdige produkt vart hyppig samanlikna, kven lagde eigentleg flest ting?

Undervegs vart det servert både risgraut og jolebakst.

Klypping, liming, maling.... Mange val. "Kva skal eg laga?"

Få postpakker heim med postbilen

Vil du ha postpakker heimsendt med landpostbodet? Her er enkel oppskrift.

Etter omlegging i posten sine rutiner våren 2016, er no vanleg praksis at alle postpakker til Eksingedalen blir oppsamla på post-i-butikk på Mo i Modalen. Mottakar får melding enten på sms, i brev eller på mail om sendinga. Når ein har mottatt melding om at ei pakke er klar for henting på Mo, går det an å be om å få den sendt heim. Dette kan gjerast på to måtar.

1. Ring Postens kundeservice (04004). Tast 5. Be om å få pakke heimsendt.

2. Bruk internett og bestill heimkøyring her : Bestille heimkøyring

For begge måtane er det nødvendig at du har sendingsnummer eller kollinummer på pakken. Dette finn du i meldinga du får frå Posten. Du kan velgje kva dag pakka skal komme, og det må vere nokon heime når postbilen kjem den dagen.

NB! Dette gjeld når pakker blir sendt med Posten si teneste, og du får melding frå Posten Norge eller Bring.  Nokre nettbutikkar brukar konkurrerande utkøyrar (PostNord), og dei leverer også pakker til post-i-butikk på Mo. For desse pakkene kan du ikkje bestille heimkøyring. 

Joleverkstader i Eksingedalen

Tradisjonen tru inviterer Kvinne- og familielaget til joleverkstad i Eksingedalen. I år er det to arrangement. Den første joleverkstaden er  i Ljosheim laurdag 3.desember kl 11 - 15, for born i alle aldrar. Her vert det verkstad og baking av peparkaker og jolemenn.
Kl 13 er det kafè med graut, jolebakst og kaffi - ope for alle som har lysst!

Luciadagen, tysdag 13.desember vert det førjolsmøte og joleverkstad for vaksne kl 19.30 på skulen. Her kan ein laga dekorasjonar til jol, og det vert servert "lussekattar", kaffi og gløgg.

Eksingedalen Kvinne- og familielag ynskjer alle velkomne!

Sluttsal på Eksingedalen Nærbutikk

I veke 47,samt 28. 29. og 30. november vert det sluttsal på Eksingedalen Nærbutikk. Det blir 30% avslag på pris på alle varer. Unntaket er drikker med alkohol og tobakk. Desse varene er det ikkje lov å selja til nedsett pris.
Denne veka er også den siste veka det blir tinga inn ferskvarer og mjølkeprodukt. I veke 48 blir butikken open te dagar. 1. desember vert kassa stengt, då er det ikkje råd å handla på Eksingedalen Nærbutikk lenger.

DAB i heile Eksingedalen?

Det er planlagt meir DAB utbygging i Eksingedalen. Dette melder NRK i dag.

Idrettslaget jubilerte

Tekst: Sigrid Nese

Eksingedalen IL feira 40 år!

Laurdag 29.oktober 2016 feira Eksingedalen idrettslag 40- års jubileum. På denne dagen for førti år sidan, 29. oktober i 1976, vart Eksingedalen idrottslag skipa. 

Feirar 40 med JUBILEUMSFEST!

Eksingdalen IL feirar 40 år og styret innbyr til JUBILEUMSFEST!

Tid: Laurdag 29.oktober 2016, kl 13-17
Stad: Eksingedalen skule

For: ALLE! Små og store, yngre og eldre

Fredag 29.oktober 1976 vart Eksingedalen idrottslag skipa. Det er 40 år sidan!
Styret i Eksingedalen IL inviterer no  til JUBILEUMSFEST nøyaktig på 40-årsdagen til laget, den 29.oktober 2016. Alle noverande og tidlegare medlemmar er inviterte til jubileumsfeiringa
.

Påmelding til Elisabeth Holth innan 15.oktober,
tlf 56 59 58 33 eller e-post
post@haugen.fjellgard.no

Har nokon bilete frå idrettsaktivitet i Eksingedalen?

Styret i Eksingedalen IL ynskjer å visa fram laget sin aktivitet i 40 år. Her treng ein hjelp frå medlemmar! Har du bilete å låna ut? Bileta skal setjast saman til ei biletframsyning på jubileumsfesten 29.oktober. Ta kontakt med LivAnne eller andre i styret innan 18.oktober dersom du har bilete.

meir fisk