Nyhetsarkivet

Bingo på Ekse Grendahus

Framtidig drift av butikken på Lavik kanskje sikra

Eksingedalen Eigedom AS tilbyr Hege Marie Lavik å kjøpe butikkbygget på Lavik.

Under den ekstraordinære generalforsamlinga som vart halde 30. september vart det fleirtal for å tilby Hege å kjøpa heile bygget for kr. 50.000,-. Grunnen til at generalforsamlinga valde denne løysinga var planane for vidare butikkdrift som vart lagt fram. 
- Det viktigaste for dalen er at det framleis skal vera butikk her, sa fleire av dei frammøtte. 

4826 smalabeist skal heim i frå fjella i Eksingedalen

September er tid for sauasanking. Heile 4 826 smalabeist  (sauar og lam) vart sleppte i Eksingedalsfjella i vår. I desse dagar er det slutt på sommarferien, og alle skal heim att. Med eit sankevèr utanom det vanlege, sol og sommarvarme  - vert det mange fine turar. Eksingedalsfjella om hausten kan anbefalast! Så får ein håpa at dei aller fleste av dyra vender fint heimover når dei ulike sankelaga går "manngard" i fjella!

Sankehelg og ettersanking er no gjennomført, så om turgåarar ser sau i fjellet er det fint om dei melder frå til grunneigarar i Eksingedalen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sau sett -  på framsida av Nonhaugen!   Foto: LivABergo

Trefallstranda får breiare veg

Arbeidet viser godt i det mest rasfarlege partiet av Trefallstranda. Noko av overskotsmassane er brukt til utbetring av innmark på Trefall.

Bli med på Yogakurs i Eksingedalen!

Eksingedalen IL inviterer til yogakurs! Liv Anne Aanesen frå Modalen heldt i oktober og november yogakurs over fire kveldar på Eksingedalen skule. Kurset høver for nybyrjarar og har fokus på rørsle, balanse, noko styrke - og på pust og avspenning.  Kurset er ope for alle, frå ungdom til pensjonist, damer og menn. Dei fleste av øvingane er fleksible slik at dei kan tilpassast om ein har nedsett styrke eller har trøblete område som kne, rygg mm.

Eksingedalen IL 40 år.

Noverande og tidlegare medlemer i Eksingedalen IL /EMIL er invitert til feiring på Eksingedalen skule laurdag 29. oktober i år. Dette er på dagen 40 år sidan laget vart skipa. Det skjedde også på skulen på Bergo.
Påmeldingsfrist er 15. oktober, og skal gjerast til Elisabeth Holth på telefon 56595833 eller e-post: post@haugenfjellgard.no 

Det blir servert rømmegraut og spekemat, eller pølser til dei som ynskjer det. Det blir også kaker og kaffi.

Vind og regn, men onsdagstur vart det!


Blide folk Gullbråholmen, siste dagen i august.                                    Foto: LivABergo


Onsdag etter onsdag med regn og vått ver, men turane til idrettslaget vert gjennomført! Ein frisk og flott gjeng gjekk til Gullbråholmen i kveld. Vegard og Svein serverte kakao, kaffi og kjeks - og til me skulle heim att vart det lysare i veret.

Neste onsdag går turen til Brakestadstølen. Vel møtt!

Gudsteneste i Nesheim kyrkje

Fin tur avslutta ei god Eksingdalshelg

Ein fin gjeng møttest på Smalastølen og traska lia opp til Flatekvalstølen søndag. Godsnakking med "Gompetrollet", nokre seigmenn og litt sjokolade måtte til - og så kom alle seg godt til støls.

Sigrid var god og interessant historieforteljar under matpausen på stølsvollen. 

Marknad med mykje moro

Det krev mykje planlegging før startskotet går for marknadshelga. Program skal lagast, aktørar hankast inn. Der må vere salsbuer og aktiviteter -noko som passar for alle. Så må dei handlande få høve til å kjøpe seg ein matbit eller to - og litt underhaldning høyrer også med. Når så alt dette er i boks, og til og med vèret spelar på lag - ja då er det duka for skikkeleg fest - Det vart Eksingedalsmarknad på sitt beste i år!

Traktorparade - Kjell Flatekval i spiss

Duellen

Kampen mot klokka, eller kampen med seg sjølv. Å gjera arbeidsoppgåvene sine, fylgje taktikken slik som planlagt. Mange idrettsutøvarar har uttalt desse setningane. Slik også for dei som er med på Fagerdalsløpet. Dei fleste kjem åleine til mål i dette løpet, slik som raskaste løpar, Kjetil Dyrvik frå Voss. Og Idar Gullbrå som 14 år gamal vart tredje raskaste løpar.
Men av og til blir det ein duell, der spurten avgjer kven som vinn. Anita og Frøydis utkjempa ein slik duell i år. Disponera kreftene slik at det var litt att til spurten. Vinnaren av duellen, Anita, trekte det lengste strået. Denne gongen.

Glad vinnar av Fagerdalsløpet 2016: Kjetil Dyrvik frå Voss   

Mosjon og mat

Programmet for marknadsdagen på Lavik viser at det ikkje skal vera vanskeleg å verta mett. Oppfordringa frå Eksingedalen IL er difor å skjerpa apetitten med å delta i trimklassen i Fagerdalsløpet. Dersom du synes at det blir for knapp tid å starta kl. 11.00 gir du melding til Magnar at du vil starta før. Ta turen og ver på plass i god tid før opninga skjer kl. 12.00

Varer og mat i rikeleg utval under MARKNADEN i Eksingedalen

Innimellom program, konkurransar og toradarmusikk kan ein frå kl 12 -16 sjå og handla ulike varer - og verkeleg kosa seg med god mat kring kafeborda. Utvalet spenner frå det lokale til det internasjonale.
Dette vert å finna i marknadsområdet laurdag:

Sal av mat:

Rømmegraut, laga og servert av Anne Margrethe
Heimalaga "kvardagsmat" frå Pøylo: korv med potet, gulrot og kålrabi
Thai-mat, laga av Nora
Indisk mat laga av Sukhjeet i Nærbutikken

"Søt kafe" med kaker og kaffi, ved Thea, Jorill og Kari

I salstelta:

Sprek start på Eksingedalsdagane

For sjuande gong arrangerer Eksingedalen IL Fagerdalsløpet. I år markerer løpet oppstarten av Eksingedalsdagane 2016, og er både for trimmarar og dei som vil springa på tid. Start er ved Fagerdalen Kraftverk og mål ved butikken på Lavik. Trimmarane byrjar kl 11og er i mål til marknadssopninga. Konkurranseklassen byrjar 11.45 - og dei raskaste i konkurransklassen vil vera i mål like etter klokka 12. 

 

Løypa startar ved Fagerdalen Kraftverk, går via Haugen og ”runden” ned att til kraftverket, så vidare til målgang ved Eksingedalen Nærbutikk på Lavik

I Fagerdalen går løpet på grusveg. Det er først stigning i vel 2 km, så vel 2 km med nedover og flatt.
Siste kilometeren, frå kraftverket til mål ved butikken,er flat og går på asfalt.

Både trim og konkurranse har same startstad, og løparane er ansvarlege for å koma seg til startstaden sjølve.

 

 

 

Løypekart for FAGERDALSLØPET


 

Eksingedalsdagane 2016

Fin fiskefangst.

Alvhild Trefall likar å fiska, og tek stundom turen til sin barndoms dal, Eksingedalen. På Trefallsvatnet i båt kosar ho seg med fiskestang. Fangst blir det alltid, men den 19. juli i år vart spesiell.

Set av helga 20.-21.august til EKSINGEDALSDAGAR!

Eksingedalen inviterer til FAGERDALSLØP og EKSINGEDALSMARKNAD ved Nærbutikken på Lavik laurdag 20.august. Søndagen er det STØLSTUR til Flatekvalstølen. 
Dette er ein møteplass med god handel, god mat - og ikkje minst mykje 
god prat!
Pøylo serverer det salte, AnneMargrete sel rømmegraut, Nora serverer thai-mat
-  og så vert det også ein "søt kafè".

Glimt frå sist Marknadsdag, august 2014.

Mobilutbygging - 4G sendar på Lavik enno ikkje på plass

Det aller meste av Eksingedalen har no mobildekning. 4 nye 4G sendarar frå Telenor har blitt sett i drift i 2015, berre ein manglar før alle fastbuande i dalen har dekning på huset.

Den siste, på Lavik har latt vente på seg. Her har Telenor ynskje om å få plassere sendar i mast som er sett opp for det nye naudnettet. 

Status 5.juli frå Vaksdal kommune er som følgjer:

Butikkstyrar i Eksingedalen

Eksingedalen Nærbutikk

Sukhjeet Kaur Bharj ynskjer å avslutte butikkdrifta ved Eksingedalen Nærbutikk. Difor er Eksingedalen no på  jakt etter nye driftarar i bygget på Lavik, som dalen eig. Det er difor eit AS og varelageret i butikken som er til sals. Interesserte må difor ta kontakt med Sukhjeet for nærare informasjon.

Jonsokfeiring

Fleire stader i dalen er det tradisjon for å samle folk til grilling, bålbrenning og ymse aktiviteter på jonsokaftan. I år fekk me fint ver og god temperatur, noko som gjorde det ekstra kjekt å nyte sommarkvelden. Her er nokre glimt frå feiringa. 

Bål på Ekse

 Folk og feiring øverst i dalen

Elevar med høgt karaktersnitt

På skuleavslutninga på Bergo på torsdag vart undersøkingar om at små skular ikkje har høgare karaktersnitt enn store skular gjort til skamme...

10. klasse saman med Liv Anne Bergo, Sigmund Simmenes og kontaktlærar Eirik Fære

Idrettsmerke

Kvar vår er det fast program med idrettsmerke-tevling i Eksingedalen. Elisabeth Holth har hatt ansvar for dette i mange år - og svikta ikkje i år heller.

Fv Solfrid Urke Nese, Anita Gullbrå og idrettsmerke-generalen Elisabeth Holth sjekkar resultat

"Tour de Eksingedalen"

Idrettslaget sin tradisjonelle vårtur vart i år ein sommarleg sykkeltur gjennom Eksingedalen. Aldri har veret vore så fint, like varmt på Gulbrå kl 11 som på Eidsland nokre timar seinare! Blide syklistar fekk triveleg tur - og turen kan absolutt anbefalast! For dei som valde å sykla delar av dalen oppover også, vart det i tillegg ei god treningsøkt! 

Turen kan så absolutt anbefalast!
Nokre glimt frå turen:

 

 

 

 

 

 

 

Klare for start på Gullbrå.                                                                      Foto: Thea Flatekval

Resultat frå RÅDGJEVANDE FOLKERØYSTING i Eksingedalen valkrins

Resultatet frå Eksingedalen valkrins er:

24 røysta for alternativ 1: Vaksdal som eigen kommune
23 røysta for alternativ 2: Vaksdal kommune saman med Bergen kommune
19 røysta blankt

I alt står 126 personar i dette mantalet som gjeld alle f.o.m 16 år frå Nese til Gullbrå. 66 røyster vart tald opp i valkrinsen, i tillegg kjem dei som har stemt på førehand og dei som stemmer andre stader i kommunen på valdagen.

Dugnad i Ljosheim er utsett

Husastyret melder om at den oppsette vaskedugnaden i Ljosheim er utsett. Ny dato kjem seinare!

meir fisk