Nyhetsarkivet

Vårens vakraste sykkeltur går frå Gullbrå til Eidslandet

Søndag 5.juni arrangerer idrettslaget sykkeltur frå Gullbrå til Eidslandet:
Start i tunet på Gullbrå kl 11, og så trør og rullar me 45 km nedover Eksingedalen. 
"Oppsamling" ved butikken på Lavik, og vidare derifrå mellom 12.30 og 13, alt etter tempo og ynskje frå deltakarane. På Lavik avtaler me kvar felles matpause vert.

Buss oppover att frå Eidslandet 15.30, framme på Gullbrå 16.45.

1.juni er første onsdagstur

Turgruppa i idrettslaget startar med onsdags-trimturar denne veka, med tur til Eikefetstølen. Start kl 18.00 ved starten av stølsvegen, like nedanfor Eikemovatnet

Eikefetstølen er den posten i idrettslaget sin FJELLTRIM som ligg lengst nede i Eksingedalen. FJELLTRIMMEN omfattar i alt 15 postar til stølar eller toppar. Med tur til Eikefetstølen får du 3 poeng i trimmen, og du har høve til å få kruset dersom du besøkjer alle 15 postane.

Framover vert det trimtur kvar onsdag i juni, sjå turprogrammet til Eksingedalen IL.

Eikefetstølen, stølen med kongeleg utsikt frå utedassen! 

 

Kommunestruktur - kva er lurt å velgja?

På måndag er det folkerøysting i Vaksdal om kommunestruktur. Under røystinga har me i vår kommune to val, antan å ha kommunen som no, eller bli del av Bergen (saman med Osterøy og Samnanger). I Eksingedalen har mange uttrykt ynskje om å bli samanslått med Modalen. Men kan det la seg gjere? Modalen sa i folkerøysting 23.mai nei til storkommune i Nordhordland. 

For å få avklaring, har me sendt nokre spørsmål til kommunen. Nedanfor finn de både spørsmål og svar. 

Gudsteneste i Nesheim kyrkje

Gråtassen tek over for hesten i Eksingedalen

Gråtassen med sjåfør Ivar Bergo var populært innslag i 17.maitoget i Eksingedalen.
Eit samla og langt tog, til Eksingedalen å vera!
Foto: LivABergo

I god tradisjon starta dagen med 17.maitog på Bergo. Å få sitja på med Gråtassen var populært for dei yngste. Deretter kom flaggberar Jakop Flatekval saman med 7.-10.klasse. 

Kjell Stokke heldt ein svært god og tankevekkjande 17.maitale om m.a verdiar i samfunnet vårt og omtanke for medmennska våre. Ein tale mange snakka om utover dagen!

 

På Klårfjell som semesteroppgåve

Olav Bergo har i vår hatt ei sermesteroppgåve der oppgåva lydde: Finn ein lokal salme/folketone, arranger den for 4-stemmig kor. Valet fall på Klårfjell og resultatet kan høyrast ved å klikke på bilete under.

Songarane er fire medstudentar av Olav. Desse er Jenny Kristiansen (solist), Ronja Voldsund, John Henrik Møllerhagen (solist) og Fredrik Haga. Innspelt i studio på NTNU

Informasjonsmøte om Trefallstranda

Det blir møte i Ekse Grendahus tysdag 24. mai klokka 17.00. Der vil Statens Vegvesen informere om planar for tiltak langs Trefallstranda for å betre framkomst. Bygdafolk og representantar frå kommunen er inviterte.

Langs Trefallstanda der det er planar om tiltak for betre framkomst (bilde frå vinter 2015)

I invitasjon frå Kåre Olav Aldal i Statens Vegvesen står det:

Kjell Stokke 17.mai-talar i Eksingedalen

Kjell Stokke frå Stanghelle, med røter i Eksingedalen, skal halda talen på nasjonaldagen. Feiringa finn stad på skulen på Bergo. Dravle og pølser står på menyen. Elles blir det ein fest med tradisjonelt innhald, melder 17.mai-nemnda.

Nysatsing frå Nesheim sokneråd

Nesheim sokn inviterer til kyrkjekafè fredag 6. mai, eit tilbod om sosialt samvær, mat, andakt og song.

Gudsteneste i Nesheim kyrkje

Vinnarbordet

Det er basar, og åretrekninga er godt i gong. Gong på gong kjem det JAAAA frå det same bordet. Vinnarbordet - det nede i kroken. Der det sit tre glade gutar.

Vinnarar, fv Johannes Bergo, Jakop Flatekval, Sigve Øvstedal

Bygda seier ja til Modalen

Torsdag kveld vart det halde årsmøte i Eksingedalen Bygdaråd. Ei sak som engasjerte mange, var om me skulle gi innspel i kommunestruktur-debatten.

Beste film på Sogndal Filmfestival

Håvard Bergo vann prisen for beste film, beste dokumentar og beste sportsfilm under Sogndal Filmfestival torsdag kveld. Han vart dermed den mestvinnande under festivalen.

Det var under ein storslått gallakveld torsdag kl 19.00 i Sogndal Kulturhus Håvard vann prisen for beste film og beste dokumentar for filmen "Helge Bergo . Takk for turen" og beste sportsfilm for "Sway" melder Nrk Sogn og Fjordane. Håvard seier at dette var veldig kjekt å vere med på, ikkje minst å vinna, noko som han seier var uventa. Begge filmane er laga med kjende kulisser frå nærområdet vårt. Me gratulerer!

 

 

 

 

 

 

Borna sin påskedag

Borna sin påskedag vert arrangert i to kyrkjer i Vaksdal dette året. Eksingedalen kyrkje er ei av dei. Søndag 10. april er dagen. Les meir på plakaten som ligg her. 

Eksingedalsdagar 20.-21.august 2016

Laurdag 20..august vert det MARKNAD og Fagerdalsløp
Søndag 21.august vert det Stølstur til Flatekvalstølen

Program for dagane kjem!

Sagbruket vårt

P/L Eksingedalen Bruk

Har du bruk for material, enten det er til nybygg eller reparasjonar, treng du ikkje reisa ut av Eksingedalen for å få tak i det. Sjå berre her.

Turdag søndag 10.april

Turgruppa i Eksingedalen IL inviterer til turdag søndag 10.april. 
Stad: "Hola" rett ved Indretjørna på Fv 313, mot Nonhaugen. 
Tid: frå kl 12
Dette er eit "lågterskel-tilbod", med kort veg for dei som ikkje likar gå så langt på ski. Gode høve for både ski og akebrett.Tur til Nonhaugen for dei som ynskjer det.
Turgruppa syter for bål og serverer bålkaffi! 

 

Basar i Ljosheim fredag 8.april

Kvinne- og familielaget inviterer til basar i Ljosheim fredag 8.april kl 19.00.
Åresal og trekking av loddbøkene.Eiga barnetrekking!
Servering av mat, saft og kaffi.

Årsmøte i bygdarådet - med endeleg sakliste

ÅRSMØTE I EKSINGEDALEN BYGDARÅD

Torsdag 7.april 2016 kl 19.30 på Eksingedalen skule 

Alle over 16 år som er folkeregistrerte i Eksingedalen har møterett og stemmerett ved årsmøtet.

Endeleg sakliste:

1.   Godkjenning av innkalling og sakliste

2.   Val av møteleiar og skrivar

3.   Gjennomgang av årsmelding for 2015

4.   Rekneskap for 2015

5.   Val av arbeidsstyre ( noverande arbeidsstyre er: Evelyn Gullbrå, Frøydis Gullbrå, Jon Trefall)

6.   Drøfting av Bygdarådet sine moglege arbeidsoppgåver

7.   Møteplassar for folk - på tvers av alder, buplass og interesser. Kva vil me ha?

8.   Kommunestruktur. Skal me i Eksingedalen følgje resten av Vaksdal mot Bergen om der blir samanslåing, eller skal me arbeide for andre alternativ?

Eidsland Grendalag har no gitt uttale til høyringsnotat Modalen kommune har sendt ut. Dei ynskjer i framtida å verte ein del av Modalen kommune, evt saman med ein større nordhordlandskommune. Arbeidsstyret i bygdarådet føreslår at det i møtet blir stemt over tre alternativ:

-Me arbeider for at Eksingedalen skal følgje resten av Vaksdal (unngå oppsplitting av kommunen)

-Me gir innspel på at Eksingedalen ynskjer å bli del av Modalen kommune, på same måte som Eidslandet har gjort

-Me arbeider for at Eksingedalen skal bli del av Voss kommune

Her treng me debatt og alle synspunkt må kome fram. Vårt framlegg er at dersom det blir over 2/3 fleirtal for eitt forslag kan styret i bygdarådet arbeide vidare med dette.

9.   I 2016 går konsesjonsvilkåra for Eksingedalsvassdraget ut, og skal fornyast. Dette gir oss ein anledning til å gje innspel som kan ivareta allmenn-interesser i dalen. Det kan medføre positive tiltak og gode ringverknader for bygdene våre. Orientering.

Langløp på ski påskeafta

Det vart arrangert langløp på ski, både klassisk og skøyting, på Nesheim påskeafta. Mildver og vind prega løpet. For dei som gjekk klassisk var det gode forhold. Dei som gjekk skøyting fekk ei tøffare oppgåve, då det vart bløtt i traseen, Vind og lause forhold gjorde løpet til ein kraftprøve. Alle gjekk ikkje like langt, det var valfri løypelengd, med øvre grense på 3 mil.

"Langfredags-Tur"

Vermeldingane førte til at den tradisjonelle langturen til Kvitanosi vart avlyst. I staden vart det sett opp ein kortare tur i enklare terreng, til Eksestølen. 24 møtte opp på Ekse i 11-tida fredagesføremiddagen, og gjekk i snøver oppover mot stølen.

Framme på stølen hadde dei raskaste spadd opp flotte benkar til til sitjeplassar for heile turfølgjet.   

"Skjærtorsdags-Bingo"

Tradisjonen tru var gymsalen på skulen godt fylt opp av forventningsfulle bingospelarar torsdagskvelden i påska. Foto: LivABergo

Full aktivitet i påska

Når påska kjem, fyllest Eksingedalen med utflytta døler, hyttefolk og andre ferierande. Snøen ligg innnbydande, og det går ikkje mange påskedagar før der er spor av ski og moro nær sagt overalt - og uavhengig av vèr. Det er også tid for tradisjonar. På Gullbrå var det tid for tradisjonelt påskeskirenn torsdagen.

Full innsats ved standplass.fv Torstein Gullbrå, Jan-Olav Hilleren og Svein A Tollefsen

Idrettslaget har fellestur til Eksestølen i staden for Kvitanosi

Turgruppa avlyser fellestur til Kvitanosi langfredag på grunn av dårlege vermeldingar. I staden vert det tur til Eksestølen, med start frå Ekse kl 11. Frå Eksestølen er det mellom anna mogeleg å gå vidare til Nesheimstølen for dei som ynskjer det. Eksestølen er ein lett tur som passar for alle.

Påskearrangement i Eksingedalen

Eksingedalen IL står for to gode "påsketradisjoner":
Torsdag kl 19.30 er det PÅSKEBINGO på skulen på Bergo
Fredag er det plan om fellestur til KVITANOSI. Start frå Gullbrå kl 11. Vermeldingane for fredag er tidleg i veka ikkje så gode. Turen kan bli avlyst i dårleg vêr. Dette vert opplyst om på Bingoen, følg elles med på www.eksingedalen.no for opplysning om dette.

meir fisk