Nyhetsarkivet

Blide trimmarar på felles søndagstur

9 turgåarar møttest på Ekse til Eksingedalen IL sin fellestur til Eksestølen. Det var vårleg i lufta, med varmegrader og litt skoddeyr. Sikta var periodevis dårleg, så alle valde vegen attende til Ekse i staden for mot Nesheimstølen.

Opp att frå Eksestølen. Alle var glade for at det var fellestur - så ein kom seg ut på ski denne søndagen også! Foto:LivABergo

God deltaking på ope VM i Eksingedalen

På rekkje og rad, klare til VM-start. Godt med ein vaksen ved sida av seg. Start nr 2, Emilie Farestveit med bestemor Anne Mari trygt i handa.

Over 30 stilte til start i ope VM (Vaksdalsmeisterskap) i friteknikk.  Det er andre gongen Eksingedalen IL arrangerer denne typen skirenn, som erstattar VM i stafett som laget stod for tidlegare. I år gjekk rennet i dei flotte løypene på Nesheim. Etterkvart vart det litt nysnø i lufta, men fin temperatur og god stemning i kiosk- og målområdet var det under heile arrangementet. Gullpokal og medaljer - og attpåtil ein sjokolade i premie var topp! Premieutdelling på skikkeleg "palle", med fillrye på.  Det ser elles ut til at konkurranse-instinktet og motivasjonen for å ta ut alle sine krefter aukar med aukande alder.  Med unnatak av eldstemann som utelukkande tel talet på mil i Nesheimsløpa. 30 mil til no i vinter.

Møbiusstrikk og triveleg samver på strikkekafe i Ljosheim

Ein triveleg kveld vart det i Ljosheim tysdag 8.mars. Strikkepinnane gjekk flittig, og mange nytta høvet til å læra seg Møbisustrikk. Liv Marion frå Garnsenteret på Voss var flink til å forklara. Møbiusstrikk er ein artig og anleis metode til å strikka sjal, der strikketøyet veks ut fram i begge endar og ein sit att med eit vridd sjaI.  tillegg synte Liv Marion fram nye strikkeoppskrifter og modellar -  og inspirerte forsamlinga til nye strikkeprosjekt! 

 

Liv Marion viser, og Veslemøy vil gjerne prøva noko nytt.                          Foto: Anna Bergo

Rekordmange krus - og nytt styre

Under årsmøte i Eksingedalen idrettslag 5. mars vart det utdelt krus til dei som har gått på alle postane i fjelltrimmen gjennom ein sesong ( 12 stølar, 3 fjelltoppar). I 2015 var det rekordmange som klarte dette - heile 28 stykk. 

Premie for å ha fullført alle postar i fjelltrimmen i 2015. Nede fv: Haldis Bjotveit Øvstedal, Mari Odland Trefall, Anita Gullbrå, Helene Gullbrå Eriksen, Hanna Gullbrå Tollefsen, Vegard Gullbrå Tollefsen. 2. rekkje fv: Liv Anne Bergo, Solfrid Urke Nese, May-Britt Eriksen, Frøydis Gullbrå.  3 rekkje fv: Håkon Øvstedal, Karin Flatekval, Jomar Flatekval, Jon Trefall, Magnar Nese, Sveinung Tyssen Bergo. 

Utenatt med Anna

Friluftsgruppa hadde natt til laurdag 5. mars overnattingstur til Almane. Dei tøffaste sov heilt ute under open himmel - dei andre i lavvo.

Anna passar på at Elias Bergo har alt han treng til ei natt ute.

Anna Bergo driv friluftsgruppa for alle elevar på skulen i Eksingedalen. Denne helga hadde ho invitert dei med på friluftsovernatting. Nesten alle ville vere med på tur - og dei fekk heldigvis fint vèr.

Ope meisterskap i langrenn i Eksingedalen

Eksingedalen IL ynskjer alle som vil gå langrenn velkomne til Nesheim i Eksingedalen 12. mars. Då vert det arrangert Vaksdalsmeisterskap i langrenn, fri teknikk. Sjølv om det heiter Vaksdalsmeisterkap er det ope for alle som vil delta. Sjå innbyding under.

STRIKKEKAFÉ i Ljosheim på Kvinnedagen

Ekstra informasjon dersom du vil prøva MØBIUS STRIKK:
Ta med ein rundpinne 80 cm, tjukn etter kva garn du har og vil strikka av.
Liv Marion tek med pinnar nr 5, 5,5 og 6 - og noko garn som er passande til dette. Så høve til å kjøpa hjå Liv Marion om du ikkje har
.

Lukkast ikkje med å løysa ut snøskred

Trefall 25. februar kl. 10.45

Første smell er utløyst. Det danna seg ei lita sprekke i snøen, men det blei ikkje utløyst skred slik ein håpa på. Heller ikkje dei andre forsøka lukkast.

Talentpris til Kari Bergo

Kari Bergo fekk tildelt ”Mary Kay Sullivan talentpris” på Vintertreffet på Vaksdal sist helg.
Juryen hadde dette året valt ut Kari. Stian Jordalen og firmaet hans, Dale  Trafikksenter, står bak prisen. Forutan heider og ære er det ein sjekk på 5 000 kr.

Trefallstranda opna

Tysdag 23. februar kl. 15.00 vart vegen mellom Brakestad og Gullbrå opna for trafikk.

Kyndelsmesse og persok

Ein eksingedøl sa ein gong at kyndelsmesse-dokka kjem når den kjem. Ei dokk er eit kraftig snøfall, og det har me hatt dei siste dagane. Kyndelsmesse er i følge primstaven 2. februar, så snøfallet dei siste dagane bomma med 18 - 20 dagar til å bli kalla kyndelsmesse-dokk. Forklaringa til teiknet på primstaven er slik. 

Ras i Trefallstranda stengjer vegen i Eksingedalen

Eit ras i Trefallstranda mellom Brakestad og Trefall stengjer vegen i Eksingedalen. Trefall, Ekse og Gullbrå er difor isolert. Det har kome om lag 1 meter med tørr nysnø dei tre siste dagane, og  rasfaren er betydeleg, kan ein sjå på yr.no sine sider. Dette står å lesa i "Hordaland"
http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/35-personar-isolerte-av-snskred

Drama i lysløypa

Håkon og gamlingen.

Strålande skirenn i sol!

Første pulje klar for start i Eksingedalen IL sitt lagsmeisterskap

Flotte løyper og varmande sol skapte god ramme omkring Eksingedalen IL sitt lagsmeisterskap. Det var mange blide andlet og muntre kommentarar -  og mykje skryt for dei flotte løypene på "Nesheim Stadion". Yngste deltakar var under to år - og gjennomførte med glans. Det gjorde også alle andre startarar. Etter rennet var det varm saft og kiosk.  Premien var ein gullpokal! Alle i kaffialder fekk seg kaffi - av den passande sorten for dette høvet: "Ever good" . Stor skiglede i Eksingedalen denne flotte laurdagen.

Resultatliste lagsmeisterskap langrenn

Sol og kaldt vinterver møtte deltakarane på Nesheim. Skarpt føre og gode spor gjorde at to av løparane valde å staka løpet på glatte ski. Elles var skareklister beste festesmørningen. 

Lagsmeisterskap i langrenn førstkomande laurdag

Det første skirennet går av stabelen laurdag 13. februar. Dette rennet er lagsmeisterskap for Eksingedalen IL, men er ope for deltaking for alle som vil gå skirenn. Rennet går i klassisk stil i løypene på Nesheim. Løypene er i år preparert med traktor og Skjeldalsfres og er faste og stødige. For dei som treng godt feste for stavane er dette ei god nyhet. 
Når rennet er ferdig blir det kiosk og premieutdeling. Blir det fint ver skjer dette på Nesheim, elles flyttar me til Bergo og skulen med dette, er meldinga frå skigruppa i Eksingedalen IL.

Friske friluftsfolk i Eksingedalen

Kvar torsdagskveld mellom kl 16.30 og 19 samlast omlag alle skuleborna i Eksingedalen til aktivitet ute. Gruppa starta opp i november, med mykje snø og mange snøballar i lufta. No i januar har det vore flott skøyteis på Bergovatnet, der faklar og lys stemningsfult har ramma inn uteområdet. Fleire av dei yngste har prøvd skøyter for aller første gong. Dei har leika, spelt hockey, målt isdjupn, studert fisk under stålisen, tredd maggot prøvd seg på isfiske. Og så har fleire lært å laga bål.
Her har dei det like kjekt alle saman, anten dei er 6 år eller over 20!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

   Klare for isfiske! 

Vinterregn i Øvre Eksingedalen

Før i tida var det stort sett snø som dala ned frå himmelen på vinterstid her i Eksingedalen. No syns fleire derimot at det ofte er regn som kjem – også midtvinters. Er det slik? For å få eit skikkeleg svar på dette, tok tre ungar på Gullbrå utfordringa med å undersøkje dette litt nærare. Resultata vart presentert på nyttårsfest på grendahuset.

fv Vegard Gullbrå Tollefsen(12), Silje Gullbrå(9) og Idar Gullbrå(12) presenterte resultata sine 

O jul med di gleda

Grendalaget inviterte til juletrefest på Ekse 2. juledag. Tradisjonelt program og fint vinterver gjorde at huset vart oppfyllt - og det såg ut til at folket hygga seg.

Også dei vaksne var lette å be med på stolleik

God jol

Me ynskjer alle våre lesarar ei god jol med litt stemning frå julegudstenesta i dag.

Klikk på biletet for song (link til youtube)

Gudsteneste på julafta

Eksingedalen skule på TV2

I går var der innslag frå Eksingedalen skule på TV2 nyhenda.

Klikk på biletet for å sjå innslag ( litt reklame først)

Peparkakebygd med kjente hus frå Eksingedalen

Kjenner du att huset ditt? Foto: Eksingedalen skule.

I kveld, fredag 18. desember kl 19.30, er det joletrefest på skulen. Det vert joleframsyningar ved elevane, graut med mandel i og gang rundt joletreet. 
Eksingedalen skule ynskjer alle velkomne til joletrefest!

 

Kun villsnø i Eksingedalen

I øvre delar av Eksingedalen er det no bra med snø, og her har siste veka vore særs gode tilhøve for skigåing. 

May-Britt Eriksen og Haldis Bjotveit Øvstedal på skitur til Nonhaugen 15.des

Sikrare straumforsyning

Fjellangerlinja.

I haust har det kome ny kraftlinje frå Vegaskiftet til Fjellanger. Arbeidet er utført dei to siste månadane. I staden for luftspenn er det no lagt jordkabel på over halvparten av strekningen, fram ny transformator i Diket. 

Jordkabelen kryssar Fagerdalselva i lufta, for så å gå vidare i jord til transformatoren i Diket. I bakgrunnen kan ein skimte gamlelinja. Foto: Magnar Nese

Problemlinje.

meir fisk