Nyhetsarkivet

Fortryllande førjulstonar

Kyrkja på Nesheim var pynta med eit dryss av snø, og innafor dørene var det varmt og lunt då klokka slo 11 og det var klart for årets førjulskonsert.

Magiske tonar frå Mari Odland Trefall si fiolin.

Fullt hus og alle i arbeid

Når Kvinne- og familelaget inviterer til joleverkstad, let ikkje folk seg be to gonger. Idag var det i tillegg julekortmotiv kor me snudde oss ute - akkurat dagen for å gjere klar ny pynt til jul!

Arbeidet er begynt

Adventskonsert

Førjolstreff i Ljosheim

Kvinne- og familielaget inviterer små og store til tradisjonelt førjolstreff i Ljosheim laurdag 12.desember kl 11 - 15. 
For dei yngste vert det nisseverkstad, baking av kakemenn, peparkaker og lussekattar - medan dei vaksne kan nytta høvet til å laga dekorasjonar eller kransar til jol. 

Kl 13 vert det servert risgraut, jolekaker, saft og kaffi.

Frå joleverkstaden desember 2013

Avlyst møte

Bibelskulen på Bildøy avlyser planlagt møte i Nesheim kyrkje laurdag 28. november. Grunnen er dei store nedbørsmengdene som er meldt.

Sikringsarbeidet godt i gang

Sikringsarbeidet etter raset i Nesheimslia er godt i gang, og etter første veka ser det slik ut. Laus stein er fjerna og bolting er ferdig i det øverste partiet.

 

Siste nytt om mobilutbygging

Ny 4G sendar er idriftsett på Bindingsbø i slutten av oktober.

For det vidare arbeidet med utbygging av mobildekning i Eksingedalen får me i dag følgjande referat frå siste møte mellomTelenor og kommunen:

Høvik/Vetlejord:
•   Planlagt idriftsett i slutten av november 2015.

Lavik:
•       Møte med Motorola og Nødnett gjennomført  27.oktober.

•       Avklaringer om innplasseringer jobbes med mellom tekniske enheter i Motorola og Telenor Norge.

•       Nytt statusmøte avtalt 11. desember.

Haustfest med liv og latter

Dølalaget arrangerte haustfest på Ljosheim fyrste laurdagskveld i november. Variert program og feststemte folk gjorde kvelden til ein suksess

Musikk og moro

Synfaring i Trefallstranda

Vegvesenet inviterte i oktober bygdafolk og kommunen til å vere med å vurdere kva tiltak som kan gjere vegen langs Trefallstranda tryggare. Kanskje litt rettare og breiare vegbane langs stranda i alle fall vil gjere det raskare å passere her. Referat frå møtet kom i dag: 

Trefallstranda vinter 2015. Litt smalt                                                 Foto: F. Gullbrå

 

Villreinplan på høyring

Framlegg til interkommunal kommunedelplan for Fjellheimen villreinområde er lagt ut til offentleg ettersyn. 

Kommunane Vik, Aurland, Høyanger, Modalen, Vaksdal og Voss har i fellesskap utarbeidd framlegget til interkommunal kommunedelplan for Fjellheimen villreinområde.

Formålet med planarbeidet er å sikra villreinstamma gode levevilkår i eit langsiktig perspektiv. Planframlegget inneheld føresegner og retningsliner for arealforvaltninga av området.

Høyringsdokumenta er å finne på Vaksdal kommune sine heimesider:
 
 
Uttalar/merknader til planframlegget skal sendast til Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgt. 16, 5722 Dalekvam, eller post@vaksdal.kommune.no, innan 11. desember 2015.

Smalahove

I Eksingedalen er der kultur for å halda gamle tradisjonar ved like. Hausten er tida for sanking, slakting og smalahove-sviing. I dag var dagen for sviing fleire stader i dalen, mellom anna på Bergo.

Funne roen

Fv 313 er open

Raset like ovanfor Nesheim er rydda og vegen er open att!

Steinras ved Nesheim

Mykje stein og store blokker har rasa ut på Fv 313 mellom Nesheim og Teigdalen. Vegen er førebels stengt til geolog gjer vurdering på tordag.

Slik såg det ut like etter raset hadde gått                              Foto: Aud Marit Bergo

Nye 4G signal på veg

Utbygginga av mobilnettet i Eksingedalen held fram.

Kommunen løyvde ekstra midlar i september, slik at ein skulle sikre at alle dei planlagte stasjonane i Eksingedalen vart bygde. Det er tre stasjonar som står att å få sett i drift, det er Bergo/Bindingsbø, Lavik og Høvik/Vetlejord.

I dag får me status frå einingsleiar Willy Andrè Gjesdal i Vaksdal kommune:

Bergo/Bindingsbø: I følgje Telenor vert denne sett i drift i løpet av hausten.

Bingo

Nytt rekkverk

Når vinteren no nærmar seg med stormskritt, er det jammen godt å ha eit rekkverk å støtte mot om det blir glatt i bakken.

Nytt rekkverk på «fjellvegen»                                               Foto: F.Gullbrå 

Haustfest i Ljosheim

Laurdag 7. november blir det arrangert haustfest i ungdomshuset Ljosheim på Flatekval. 

Festen startar kl 20.00. Det blir servert hjortegryte av lokale råvarer og me skal få oppleve premiere på ny Eksingedalsfilm ( laga av Håvard Bergo). Vidare ut over kvelden vil det bli toradarspel frå lokale utøvarar og då er det høve til å svinge seg for dei som vil det. Det blir også dans til musikkanlegg ut på kvelden. Bar.

Pris: 250,- inkl mat og all underhaldning ( kr 100,- for kun dans, dvs etter kl 22)

Påmelding: til Karin N Flatekval, mobil 900 25 856 innan 4.nov

Aldersgrense: 16 år

Open "Temadag" ved Eksingedalen skule

Skulen inviterer til open dag fredag 2.oktober kl 10-12. Denne fredagen er det ein praktisk skuledag. Ungdomsskuleelevane skal m.a. driva med plantefarging ute ved bekken. Resten av elevane skal fylla ein  "trollvev" med naturmateriale, farga garn med reinslav - og gjera ulike aktivitetar innadørs. Det vert "gratis-kafe" med servering av kaffi og kaker, og høve til å sjå på ein del av det elevane har arbeidd med denne veka.

4.-10.klasse ved Eksingdalen i "hjarta av Stølsheimen", på toppen av Raudberget

Valresultat frå Eksingedalen

Måndag 13.9 var det kommuneval, fylkestingsval og kyrkjeval. Resultata er klare. Dei viser at det ikkje vert nokon representantar frå Eksingedalen i kommunestyret komande år. Ivar Bergo var nærast, med plass som 1.vara på Senterpartiet si liste. For dei to kyrkjene  dalen blir heile sokneråda skifta ut begge stader.

 

Valresultat for kommunevalet frå valkrins Eksingedalen (kjelde: Vaksdalposten)

Senterpartiet 81,8%

Kristelig Folkeparti 13,6%

Fremskrttspartiet 3%

Høyre 1,5%

Folk og historie, kultur og natur

Regn og vind var ingen hindring for dei som ville oppleva kulturminne og historie frå Gullbrå. Rundt 40 personar møtte opp, både frå fjern og nær når Osterøy museum i samarbeid med folka på Gullbrå inviterte. 

Litt nytt og litt gamalt mellom bygningane på Gullbrå

Ansiktsløft på ballbana

Dugnad på Bergo torsdag kveld

Busker står for fall!                                                                                       ( Foto: F Gullbrå)

4G – og takk for det!

I 2011 kom pengar frå Fylkeskommunen til utbygging av mobildekning i delar av Vaksdal som mangla slik. I desember 2013 kom avtale om utbygging på plass mellom Vaksdal kommune og Telenor. I dag kunne det endeleg feirast at fyrste del av utbygginga er sett i drift – Trefall, Ekse og Gullbrå har fått solid 4G dekning å boltre seg med.

Snora blir klypt og 4G er i lufta ( f.v: Frøydis Gullbrå, Willy Andre Gjesdal, Eirik Haga, Pål Henrik Lukashagen)  Foto: M B Eriksen

Valtinget i Eksingedalen

Opningstid: Måndag 14.september kl 11-18
Stad: Eksingedalen skule

Kommunestyreval, fylkestingsval og kyrkjeval

Kafè ved skuleelevane mellom 11.30 og 14.15, deretter "sjølvbetent" kafè.

Kulturhistorisk vandring

Nabolag – menneske, kulturminne og historie

Sundag 13. september 2015 kl 13 blir det arrangert kulturhistorisk vandring på Gullbrå.

Osterøy museum kjem på besøk, i tillegg håpar me andre interesserte vil vere med.  

                                                                                                       Foto: F.Gullbrå

Markering - mobilutbygging godt i gong!

Frå Vaksdal kommune får me:

Invitasjon til markering av mobilutbygging i Eksingedalen tysdag 8. september

 

Gullbrå får 4G mobildekning fredag 4 september, medan Trefall og Ekse fekk dette tidlegare i sumar.

Dette er fyrste byggetrinn i eit samarbeidsprosjekt mellom Telenor og Vaksdal kommune for til saman 7 basestasjonar i område med spreidd busetnad.

Vaksdal kommune finansierar utbygginga saman med Hordaland fylkeskommune, medan Telenor står for utbygging og drift.

I samband med dette vert det invitert til ei markering på Ekse grendahus tysdag 8. september klokka 1100.

Ordførar Eirik Haga vil foreta offisiell opning medan Telenor vil orientere om utbygginga. Innbyggjarar i Eksingedalen vert invitert til opninga.

Vel møtt. 

...og gje beskjed vidare til alle interesserte.

meir fisk