Nyhetsarkivet

Avlyst tur til Saudalsnovi

Turgruppa avlyser turen til Saudalsnovi i dag, søndag. Regnet heldt fram, seier Yr, og skodda ligg tungt utover Sødalen på Flatekval.

Uvisse om fjellturen til Saudalsnovi

På grunn av mykje nedbør er turgruppa laurdag kveld usikre på om det vert tur til Saudalsnovi i morgon, søndag 30.august.

Om det vert tur eller ikkje, vert bestemt søndag morgon klokka 9.
Melding om dette kjem på heimesida.

Nye stølstavler

No blir det enno trivelegare å gå til støls i dalen. Dei fleste av stølane har nemleg fått nye stølstavler. Du finn dei der stien startar.

Ved Britabrua i Røyrdalen finn du denne nye tavla

Resultat Fagerdalsløpet 2015

<
             
Resultatliste Fagerdalsløpet 2015        

Satsar på å støtta talent

Eksingedalen IL har fornya avtalane med sine sponsorar. Avtalane gjeld i tre år, og er med på å sikra at laget kan støtta opp om dei medlemane som satsar tid og krefter på å bli gode i idrett. 

Ta ein dobbel

Merk av søndag 23. august på kalenderen alt no. Då går nemleg Fagerdalsløpet av stabelen. Arrangørane utfordrar i år spesiellt trimmarar om å vera med. Kombiner søndagstur med det sosiale. Det blir kafè utanfor nærbutikken på Lavik etter målgang.

"Ta ein dobbel."
Laurdag 22. august, altså dagen før Fagerdalsløpet, vert Nedstavatnet opp arrangert i Modalen. Altså ein flott anledning til å utfordra seg sjølv. Det er populært å "gå utanfor si eiga komfortsone" for tida, denne helga passar for det. 

Fotball for alle fredag kl 19

Det blir fotball-spel for alle interesserte på fotballbana ved Eksingedalen skule på Bergo fredag 7.aug kl 19. Ta med deg naboen og kom!

Rulla opp Eksingedalen

Denne gjengen jublar etter å ha nytt dagen med hjul under beina og stavar i hendene, 29. juni. Starten var på Eidslandet, mål på Gullbrå.

Frå venstre: Nils L Nesheim (starta på Lavik), Håkon Øvstedal, May-Britt Eriksen, Magnar Nese, Asle Nesheim, Rolf Sælen og Gaute Øvstedal. (Foto: Reidun Bøyum)

Nyrydda buføreveg til Flatekvalstølen

Skal ein  til Flatekvalstølen i sommar, må ein nytta den gamle buførevegen på høgre sida av Skorsdalselva. Denne stien er nyrydda og komme fint fram att i dagen! Den følgjer Skorsdalselva det første stykket, og det er fleire parti med flotte oppmura trapper. På denne stien er det berre små bekkar som skal kryssast - og i desse bekkane er gode steinar å gå på. 


Stien for "Buførevegen" startar like ved Flatekvalskiltet mellom Lavik og Flatekval. Turen tek ein god halvtime. Foto: Liv A Bergo

Heng i ein tråd

Dei store snømengdene i vinter belasta telefonstolpane i Eksingedalen kraftig. Nokre av dei har måtta gitt etter for kreftene frå snøras og vekta av snø. Dei tre eksempla under er alle på Brakestad. Det er frå grunneigarar gitt meding om skadane. Selskapet som har ansvaret for vedlikehald på linjene har til no ikkje gjort noko. Fiberkabel, koparledningar og BKK sin styrekabel som går innover til damanlegga i Stølsheimen held stolpane delvis oppe. Ein stad ligg stolpen og alle kablane på marka der det no blir sleppt beitande kyr.

Ekso, med tilnamnet "Aureperla i vest"

Nettsida "Hooked" omtalar elva i Eksingedalen her. http://www.hooked.no/magasinet/aureperla-vest

Reinhald ved Eksingedalen skule -jobb for deg eller laget ditt?

Annonse frå Vaksdal kommune:

Vaksdal Kommune ynskjer å tilby lag og organisasjonar i Eksingdalen, reinhaldet på Eksingedalen skule for skuleåret 2015-2016. Dei romma som tidlegare vart nytta som barnehage er avstengt, så dei romma treng ein ikkje vaska.

Skulen skal gjerast rein to dagar i veka frå hausten og fram til snøsmeltinga på våren, og tre dagar i veka etter det og fram til skuleslutt.
Arealet på skulen tilseier  eit reinhald på ca 2,5 timar pr dag/gong
Det er det daglege reinhaldet som me ynskjer å tilby dykk, det periodiske og hovudreinhaldet tek me sjølve.

Full opplæring vil bli gjeve
Løn etter avtale

Dersom dette kunne vore interessant for dykk ber me at de tek kontakt med Vaksdal kommune ved

Fagleiar reinhald Anne-Britt Knutsen på telefon 488 80 314 eller
Avdelingsleiar Teknisk drift Torstein Mehus på telefon 488 80 387

Statusrapport mobilutbygging

Her er siste statusrapport frå Telenor, når det gjed utbygging av mobilnett i Eksingedalen. Rapport er levert frå Vaksdal kommune i dag:

Gullbrå TVO:

  • Utsatt idriftsetting fra april/begynnelsen av mai 2015 til august 2015.
  • Vi kan planlegge markering i slutten av august 2015.

 

Trefall TVO:

  • Entreprenør jobber med idriftsetting før sommerferien(planlagt innen 1/7-2015).
  • Leveranse og idriftsetting er bekreftet fra leverandør.

 

Lavik:

Ekstremt i Eksingedalen

Foto: Ekstremsportveko

https://vimeo.com/131512328

Dagens video frå Ekstremsportsveko på Voss 22. juni viser ekstremsportarar i Eksingedalen. I videoen ovanfor (frå 05.32 min) er det fallskjermhopp frå Nesheimsskaret og padling i Bergofossen. I desse dagar er det mange bilar med kajakk på taket, så fossane i dalen vert ivrig brukt. Dessutan er FV 313 nytta til longboarding. Friske folk! 

Bli med på trimtur til Eikefetstølen

Uvèr og mykje snø har gjort at fleire av turgruppa sine turar har vore avlyste i vår.
Difor vert det no ein onsdagstur til: Til Eikefetstølen onsdag 24.juni, start kl 19 ved stølsvegskiltet like nedanfor Eikemo. 

Alle er velkomne med til stølen med kongeleg utsikt frå trekant-toalettet! Foto: LA Bergo

Fagertunhelg

Samemisjonen held kretsårsmøte laurdag 13. juni, og inviterer til møte og basar søndag 14. juni.

Skulen inviterer til sommarfest

Nye bønder-møte på Dale

Vaksdal kommune invitere unge og nye bønder til informasjonsmøte på Dale 10. juni. Invitasjon ligg på heimesida til kommunen. Klikk på lenka under for sjå meir.

http://www.vaksdal.kommune.no/temasamling-for-nye-og-unge-boender.5764621-321721.html

Idrettsstipend til Einar Trefall

I samband med Bergsdalen opp vert det delt ut eit idrettsstipend, gitt av Dale Trafikksenter ved Stian Jordalen. Stipendet er kalla "Alf Hesjedals stipend til idrettstalent". Stipendet vart delt ut for tredje gong i år, og vinnaren vart Einar Trefall frå Eksingedalen. Han studerer for tida på høgskulen i Lillehammer samstundes som han satsar på langrenn. "Eg ynskjer å satsa for bli så god som kan bli", seier Einar.

Veteranbiltur gjennom Eksingedalen

Laurdag 6. juni var det nok mange som registrerte ei kolonne av veteranbilar gjennom Eksingedalen. Bilane var over 70 år gamle, den eldste frå 1917. Denne dagen hadde turen starta på Voss, gjekk over Nesheimsfjellet og ned Eksingedalen og til Mo. Så tilbake til Eksingedalen, ned til Eidslandet og til Dalseid og tilbake til Voss over Hamlagrø. Alle bilane hadde klart seg fint opp Brekkhuslia sa den staselege karen i skinnfrakk og skinnhue. Turfølget hadde unna seg ein rast på Utsikten.

Endringar på kalenderen

Det vinterlege veret no i juni fører til at turgruppa i Eksingedalen IL endrar på sitt program. Kveldstur til Eikefetstølen onsdag 3. juni, og sykkeltur frå Gullbrå til Eidslandet søndag 7. juni er avlyst.

Spreke TINE-bønder

TINE-produsentar i Hordaland stiller lag i Holmenkollstafetten. Dette året var tre eksingedølar med på laget, Håkon Øvstedal, Magnus Trefall og Gaute Øvstedal. Lagleiar og deltakar på laget, Lars Istad frå Voss melder at laget klarte begge måla som var sett før stafetten. Det eine var å forbetra bestetida til laget, og det andre var å slå laget frå TINE-Byrkjelo. Dette var våre deltakarar sterkt delaktive i. Gratulerer.

 

Konfirmasjonsgudsteneste i Eksingedalen kyrkje

Strålande 17.mai i Eksingedalen

Det er sein vår i Eksingedalen, så meir nysnø natt til 17.mai var det ingen som ynskte seg. Men sola gjorde fort grøne bakkane grøne att, og glimt av sol og opphaldsver gjorde dette til ein langt betre "ver-dag" enn metereologane hadde spådd. 17.mai er ein viktig dag i ei lita bygd, der ein kan samlast saman til fest og glede. Som vanleg starta dagen med tog - leia av den eldste på skulen, 9.klassingen Håkon Øvstedal.

Håkon i front saman med elevane ved skulen. Ungdommar med god songstemme og Mari Odland Trefall på fiolin skapte god 17.maistemning. Foto LA Bergo

Gudsteneste i Nesheim kyrkje

meir fisk