Årsmelding 2011-2012

ÅRSMELDING FOR EKSINGEDALEN BYGDARÅD,

September 2011- februar 2012

 

Medlemmer i Bygdarådet pr 1. februar 2012:

Øvre Eksingedalen Grunneigarlag

Eksingedalen Grunneigarlag

EMIL

Eksingedalen Kvinne- og familielag

Eksingedalen Bondelag

Eksingedalen Bonde- og Småbrukarlag

Dølalaget

Eksingedalen skule og barnehage

 

Kommunestyret

Nærbutikken

Helsevesenet

 

Arbeidsutvalet

 

 

 

 

 

Redaktør for heimesida:

Leif Kåre Ekse

Geir Ove Carlsen

Elisabeth Holth

Haldis Øvstedal

Magnar Nese

Grete Haugen

Ivar Bergo

Maya Mykkeltvedt/

Mari Odland Trefall

Karin N. Flatekval

Sukheet Bharj

Frøydis Gullbrå

 

Olav Gullbrå

Svein Tollefsen

Gunnar Hatland

Liv Anne Bergo

 

 

Magnar Nese

 

 

Andre tillitsvalde:

Revisorar: Olav Nese og Rune Nesheim

Valnemnd:  Grete Haugen, Astrid Lavik, Kåre Magnar Trefall

 

Tremannsutval i samband med vassdragsaker:

Bjarne Lavik, Sveinung T Bergo, Gunnar Hatland

 

5-mannsutval i samband med Beinhelleren Pumpe:

Tremannsutvalet + Trygve Nilsen og Reidar Fjellanger

+ Ekso Elveeigarlag v/ Knut Eirik Møster

 

Sti- og kartgruppe

Elisabeth Holth, Berit Vetlejord, Grete Haugen, Astrid Lavik, Britt Eide, Gunnar Hatland,
Liv Anne Bergo

 

Heimesideutval: Svein Tollefsen, Magnar Nese, Gunnar Hatland,

ÅRSMØTET I 2011:

Sist årsmøte vart halde 20. september 2012 på Eksingedalen skule. 13 av dei 15 medlemmane i Bygdarådet møtte, i alt var 16 representantar på møtet.

Årsmeldinga og rekneskapen for 2010-2011 vart samrøystes godkjende. Dato for årsmøte i Bygdarådet framover vart bestemt til januar/februar. Med det kan årsmøtesaker og –vedtak i Bygdarådet lettare formidlast til dei einskilde laga på deira årsmøte.

 

Arbeidsutval etter årsmøtet:

Liv Anne Bergo, leiar for eitt år

Svein Tollefsen, kasserar for 2 år

Olav Gullbrå, styremedlem for 2 år

Gunnar Hatland, var ikkje på val

 

Revisorar: Olav Nese og Rune Nesheim

Ny valnemnd: Grete Haugen, Astrid Lavik, Kåre Magnar Trefall

 

Magnar Nese heldt fram som redaktør for heimesida

 

Årsmøtet prioriterte desse sakene framover:

  • Marknadsdag: Må halda på siste helga i august
  • Kart og informasjonsmateriell: Gruppa komma i gang med arbeidet  i løpet av oktober
  • Heimesida: Få ny side opp å gå før desember, med ansvar hjå heimesideutvalet
  • Ved all kontakt med BKK ang tilgroing, fiskeforvaltning, Beinhelleren Pumpe osv heldt ein fast om krav om samla plan for vassdraget uansett kva delplanar dei har. tremannsutvalet frontar saka, og grunneigarar tek kontakt med tremannsutvalet med dokumentasjon / krav.
  • Økonomi: Ved fakturering av arbeid /sal av annonser m.m. skal 10% av fakturasummen gå til Bygdarådet. Dette for å sikra inntekt til drift av laget. Arbeidsutvalet får mandat til å justera satsen.
  • Hjartestartar: Arbeida for å få ein hjartstartar plassert i Eksingedalen

 

 

ARBEIDSÅRET,  september 2011- februar 2012:

Arbeidsåret har vore kortare enn vanleg (5 månader) på grunn av utsett årsmøte i 2011 og framskunda årsmøtedato for 2012. Om arbeidsåret har vore kort, har det vore arbeidd med viktige saker for bygda vår – og dette gjev etter kvart resultat.  Mange arbeidstimar er utført dette halvåret også – for Eksingedalen.  

 

Faste saker for Bygdarådet:

  • Drift av heimesida Eksingedalen.no.
  • 17-mai: Utval av komitè, innkalling til møte, søknad om tilskot. Komiteen har ansvar for gjennomføringa.  
  • Marknadsdag og Stølsdag: Fastsetjing av dato og val av komité. Komiteen har ansvar for gjennomføringa.
  • Sommarjobb: Gjera kjent rettleiande satsar og formidla jobbar ved etterspørsel
  • Vedlikehald av stølsvegar og Reitlevegen: Søknad om midlar, gjennomføring av tiltak

 

”Små saker” frå arbeidsåret:

  • TV-aksjonen: Organisering av lag til å ta ansvar for innsamlinga
  • Uttale omkring Reguleringsplan FV 344, rassikring av Trefallstranda
  • Kontakt med BKK ang straumforsyninga / alle straumbrota
  • Brøyteberedskap
  • Utval av 17.mai nemnd

 

Større saker

·         Fornying av Eksingedalen.no

·         Mobildekninga i heile Eksingedalen

·         Arbeid med stiar og kart

·         Bustader og etableringstilskot

·         Samarbeid  mellom bygdelaga og Vaksdal kommune, LivOGLyst 2012

  • Situasjonen i og rundt Ekso

 

Meir om dei enkelte sakene:

 

Eksingedalen.no

Den nær ti år gamle nettsida vår vart fornya då den nye nettsida vart publisert i januar 2012. 

Kleiveland Musikk og Media har laga eit rammeverk, og me har fått ei nettside som er lett å oppdatera. Svein Tollefsen har gjort ein kjempejobb for å få sida klar med det innhaldet den har i dag. Tanken vidare er at fleire skal kunna leggja inn nyhende og kallendarstoff - og at det er så ofte fornying at det vert interessant å besøkja sida ofte. Når det gjeld kallendaren, er det viktig at redaktøren for sida får melding om hendingar. Likeeins er ein glad for saker / tips om aktuelle saker.

 

Me håpar dette vert ei nyttig og spennande side for Eksingedølar og alle andre – og ei side som stadig fortel noko nytt!

 

Framover vert det prioritert å få delar / heile sida omsett til engelsk.

Magnar Nese er redaktør for sida, i tillegg er det 4-5 andre som òg legg inn stoff (Svein, Frøydis, Liv Anne, Håvard, Gunnar).

 

Dei som gjer arbeid for nettsida har høve til å fakturera timar for arbeidet.

 

Turstiane våre, stølsvegar og Reitlevegen

Sti- og kartgruppa er komme i gang med desse sakene:

·         Turkart for Eksingedalen

·         Vestlandsprosjektet: ”Merking og gradering av turstiar på Vestlandet”

·         Prosjektet ”Vandring i Hordaland”, marknadsføring av 100 turar i Hordaland

 

Gruppa skal etter kvart arbeida med:

·         Organisering av årleg arbeid med rydding og merking

·         Prioritering av midlar

·         Gradering av stiane etter vanskegrad

 

Det vert arbeid med eit turkart som dekkjer området frå Eidsfjorden i vest til Myrkdalen i aust. Kartet skal vera trykt på begge sider, med turkart (1: 50 000) på eine sida og turframlegg / informasjon på baksida. Så mange stiar som mogeleg skal GPS-registrerast.

 

Vestlandsprosjektet er inne i sitt andre år. Bygdarådet fekk i 2011 tildelt 25 000 kr etter søknad om midlar til  ”Merking og gradering av turstiar på Vestlandet”. Prosjektet går ut på at turstiar på Vestlandet skal merkast likt og graderast etter vanskegrad – og følgje ”Nasjonal standard for merking og graderingav turløyper”. Ny søknad er sendt februar 2012, med håp om tildeling av meir midlar. Gruppa arbeider med prioritering av bruka av dei økonomiske midlane me har.

 

Først og fremst vert stølsvegane / turstiane som er komme med i ”Vandring i Hordaland” prioriterte. Me fekk i utgangspunktet høve til å velja ut ein tur, men får kanskje med fleire. ”Vandring i Hordaland” er eit prosjekt knytt til turisme og reiseliv, og eit kriterium for å komma med er nettopp merking etter nasjonal standard. Ut frå andre kriterie for prosjektet har me valt ut Haugen- Haugastølen- Lavikstølen som vår tur, der både bilveg og sti skal vera med. Gruppa arbeider med turomtalar, bilete og GPS-merking.

 

Det vart òg sendt SMIL søknad til Vaksdal kommune om midlar til vedlikehald av turstiane våre. Budsjettet var sett til 25 000 kr pr år. Me fekk løyvd 5 000 kr for 2011, og i veddtaket står det at ”omsøkte midlar skal vedlikehaldast 5 år etter at tiltaket er gjennomført”. Det vil seia: Arbeid og utgifter for 5 000 kr skal dekkja 6 år, og me kan søkja nye SMILmidlar 2017.

 

Bygdarådet ser det som svært viktig at me kan betala litt til dei som ryddar og merkjer opp att – og kan betala utgiftene ved oppvøling. Stiane vert mykje trakka, og har stor verdi for bygda.

 

 

Mobildekning i heile Eksingedalen:

Vaksdal kommune vart i juli i år  tildelt 4,7 mill kroner til utbygginga. Dette skal dekke 2/3 av antatt utbyggingskostnad på ca  7 mill. Resten av midlane er foreslått henta frå næringsfondet i Vaksdal. Saka var oppe i kommunestyret 26. september, og vidare ut på anbod etter dette.

 

Svein skriv meir

 

Rydding etter tilgroing i Ekso

I september 2011 vart elva mellom Flatekval og Lavik rydda for tilgroing. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom BKK og Eksingedalen Bygdaråd. BKK dekkjer kostnaden, og Eksingedalen Bygdaråd følgjer opp arbeidet på staden, som ein del av den praktiske gjennomføringa.

Området her er om lag 175 mål. Ute i elva var det mest flotgras som danna eit grønt teppe over store delar av elveleiet. Graset vart klypt ned med to amfibiefartøy, og elvebotnen vart fresa opp for å riva laus røter til flotgras, krypsiv, elvesnelle og andre vekstar som dominerte dei rolege partia av elva.

I Bergovatnet  vart eit område på ca. 75 mål  behandla berre med klypping av graset ute i elva, utan at  botnen i vatnet vart frest opp. Det er altså to forskjellige metodar som vart nytta, fresing av botnen i Laviklonane, og ingen fresing i Bergovatnet. Planen med dette er at ein skal få erfaring og kva tiltak som gjev tilstrekkeleg godt resultat.

Det vert no arbeidd med planar for vidare opprydding i elva i 2012. Denne gongen har området rundt Flatekval høg prioritet. I tillegg kan det verta aktuelt å opna opp Ospesundet igjen, slik at det vert mogeleg å koma inn her både for oss lokale og tilreisande fiskarar. I tillegg vert det oppfølging av arbeidet på Bergo, i den grad det er nødvendig. Når planane er klare for det som skal gjerast tidleg på hausten i år, vil det bli sendt ut informasjon gjennom grunneigarlaga.

 

Fiskeforvaltning i Ekso

BKK og Eksingedalen Bygdaråd har no drøftingar om  ein  samla fiskeforvaltningsplan  for Eksingedalsvassdraget.  I 2003 fekk Bygdarådet utarbeidd ein plan, med økonomisk støtte frå Fylkesmannen i Hordaland. Det var Tore Wiers som no er tilsett ved Uni Miljø (Universitetet i Bergen) som laga fiskeforvaltningsplanen. Sidan den gongen er ein god del av tiltaka som vart føreslege her  gjennomført. No er det snakk om ei oppdatering som same mannen skal stå for. Når denne planen er ferdig i løpet av vinteren, skal den godkjennast av Hordaland Fylkeskommune. Tidlegare var det Fylkesmannen som hadde det overordna  ansvaret, men frå 1. januar 2010 er det fylkeskommunen som har overteke ansvaret for innlandsfisket  - det vil seia fisket i fjellvatna og elva ned til Nese.

Når godkjenning av planen ligg føre, kan BKK og Bygdarådet inngå avtale om tiltak og kostnadsdekning.  Slik det no ligg an til, kan fôringsanlegget i Sødalen verta oppgradert. Vert partane einige – og slik ser det ut no – kan det vera aktuelt også å fora opp lokal brunaure til så stor fisk at han kan halda røyebestanden i sjakk først og fremst i Askjelldalsvatnet.  BKK har ei svært positiv haldning til å vera aktiv medspelar i fiskeforvaltninga i vassdraget, og gav i haust økonomisk bidrag til kultiveringsarbeidet som no vert gjort. Salet av fiskekort dekkjer ikkje på nokon måte driftskostnadene og arbeidet som vert utført for å halda Ekso oppe som beste brunaure-elva på Vestlandet. 

Ein avtale mellom BKK og Bygdarådet tek også sikte på å vera dekkjande for  fornyinga av konsesjonsvilkåra for regulering av vassdraget. Vilkåra for denne konsesjonen skal  vera reviderte innan 2016. Det er NVE som set i gang den formelle prosessen for nye konsesjonsvilkår.

 

Beinhelleren Pumpekraftverk

Planane for Beinhelleren Pumpekraftverk  har enno ikkje fått si endelege form. I samarbeid med Eksingedalen Bygdaråd sendte BKK like før jul ut ei spørjeundersøking  til alle fastbuande og grunneigarar  frå Vegaskiftet ( lika ovanfor Lavik) og til og med Trefall. I tillegg var hytteeigarane i  Norddalen også med på undersøkinga. Det vart sendt ut 110 skjema, og 26 svarte.  Multiconsult AS som lagar konsekvensutgreiing for BKK når det gjeld Beinhelleren Pumpe, vil følgja opp ein del av svara ved å kontakta dei som har sendt inn skjemaet. På denne måten skal  ein skaffa seg best mogeleg kunnskap om konsekvensane av ei utbygging.

Saka om Beinhelleren Pumpe skal greiast ut i fem alternativ. BKK har enno ikkje teke stilling til kva for eitt av desse alternativa som det skal søkjast om. Sidan denne avgjerda ikkje er teken, er det for tidleg å kommentera planane. Det får vi høve til når NVE sender saka på offisiell høyring, når so langt kjem.

 

Områdeplan for landskapspleie og kulturlandskap

Sjølv om det framleis er tidleg i prosessen, har Eksingedalen Bygdaråd likevel kome med eit innspel til planarbeidet for Beinhelleren Pumpe. Det gjeld landskapspleie og vedlikehaldet av kulturlandskapet i dalen. I 2003 utarbeidde Aurland Naturverkstad ein områdeplan for Eksingedalen med tittelen ”Landskapsanalyse og forslag til utviklingstiltak”, med sterk medverknad frå Bygdarådet.

Det som Bygdarådet har bede om, er at denne planen må oppgraderast og fornyast. Målet er m.a. at vi med ein konkret plan i hand kan drøfta med BKK kva rolle kraftselskapet skal ha for utvikling og vedlikehald av landskapet i Eksingedalen. Vassdraget er sterkt prega av kraftutbygginga og redusert vassføring i elva. Tilgroinga langs elva aukar på. Når våren kjem og det kjem lauv på trea, er det store strekningar vi ikkje ser att elva. Dette er ikkje berre grunneigarane sitt ansvar, men også BKK spelar ei rolle her all den tid det må takast omryn til kantvegetasjonen langs elva – noko som NVE påpeikar ovanfor dei som regulerer vassdraga. Bygdarådet har meldt frå om at dersom ein områdeplan kan lagast i samband med planane for Beinhelleren Pumpe, er det bra. Om dette ikkje vert aktuelt no, vil vi ta saka opp under fornyinga av konsesjonen for Evanger-utbygginga

 

Eksingedalen Bygdaråd, Eidslandet  Grendalag og Vaksdal kommune

Ordførar og varaordførar kom i november 2011 med spenstige utspel i lokalavisene om tilskot til husbygging med utleigeeinigar i staden for kommunal bustadbygging. Tanken var at dette kunne gje raskare bustadbygging i Eksingedalen. Tilbakemeldingar frå bygdafolket til arbeidsutalet var temmeleg eintydig: Slepp ikkje dei kommunale bustadplanane.

 

I byrjinga av desember hadde arbeidsutvala i dei to bygdene eit samarbeidsmøte med representantar frå Formannskapet. Det var slått kraftig fast at den største utfordringa vår er å få neste generasjon til å flytta heim att/ andre til å flytta hit. I den samanheng vart det peika på trongen for nye hus, og kor mange tomme hus og gardsbruk som er i området vårt. Handsaming av bu- og driveplikta vart teke opp, likeeins trong for etablaringstilskot til både hus og etablering. Me vart møtt med ei forståing om at det må gjelda andre ordningar for desse strøka av kommune.

 

For å få inspirasjon til vidare arbeid, vart leiarane i Bygdarådet og Grendalaget inviterte med ordførar og varaordførar til LivOGLyst konferanse i Bergen i januar.

 

LivOGLyst - Folk til bygdene

Konferansen enda opp med ein søknad om eit LivOGLyst-prosjekt,. Prosjektet omfattar bygdene Eksingedalen, Eidslandet, Stamnes og Bergsdalen. Vaksdal kommune er prosjekteigar og Vaksdal Næringsselskap har utarbeidd søknaden.

 

”Folk til bygdene” har som overordna mål:  ”Å stoppa negativ folketalsutvikling, samt leggja til rette for tilflytting og auke i folktalet i utkantbygdene i Vaksdal kommune.”

Prosjektmål er: ”Å få busetnad inn att i minimum 16 tomme småbruk og/eller hus, med minimum 50 nye innbyggjarar i utkantbygdene, innan utgangen av 2014.”

 

Prosjektet omfattar 7 delprosjekt:

  • 1-dags konferanse i Eksingedalen og Eidslandet mai/juni 2012
  • Kartlagging av tomme hus og småbruk
  • Kontakt med eigarar med oppmoding om sal / utleige
  • Marknadsføring og profilering av ledige hus / gardsbruk
  • Handsaming av bu- og driveplikta i Vakdal
  • Revidering av arealplanen med tanke på lettare å kunna byggja hus
  • Potensiell næringsetablering

Karin, Olav og Liv Anne har vore med i utarbeiding av prosjektet.

Bustader

Gunnar – noko å tilføya her?

Eksingedalen 13.februar 2012

 

 

Svein Tollefsen        -         Olav Gullbrå        -            Gunnar Hatland          -           Liv Anne Bergo

meir fisk