Årsmelding 2013-2014

ÅRSMELDING FOR EKSINGEDALEN BYGDARÅD,

Året 2013-2014

Medlemmer i Bygdarådet , mars 2014:

                                                                                    

Øvre Eksingedalen Grunneigarlag

Eksingedalen Grunneigarlag

Eksingedalen IL

Eksingedalen Kvinne- og familielag

Eksingedalen Bondelag

Dølalaget

 

 

Kommunestyret

 

Eksingedalen skule og barnehage

Nærbutikken

Helsevesenet

 

Arbeidsutvalet

 

 

Redaktør for heimesida:

Magnar Nese

Roy Feirund

Frøydis Gullbrå

Haldis Øvstedal

Leif Kåre Ekse

Ivar Bergo

 

 

Karin N. Flatekval

 

rektor

Sukheet Bharj

Frøydis Gullbrå

 

Olav Gullbrå, Gunnar Hatland

Svein Tollefsen, Liv Anne Bergo

 

Magnar Nese

Andre tillitsvalde:

Revisorar: Olav Nese og Rune Nesheim

Valnemnd: Kåre Magnar Trefall, Albert Gullbrå, Evelyn Gullbrå

 

Tremannsutval i samband med ulike vassdragsaker:

Bjarne Lavik, Sveinung T Bergo, Gunnar Hatland

Sist årsmøte var to representantar for kvart av laga innkalla til årsmøtet.Dette arbeidsåret har heile styra vore kalla inn til møta med mål om breiare informasjon og diskusjon.

 

ÅRSMØTET I 2013:

Sist årsmøte vart halde 18/3 2014 på Eksingedalen skule.

20 møtte på årsmøtet, alle laga var kalla inn med to representantar.

Årsmeldinga og rekneskapen for 2012-13 vart samrøystes godkjende.

 

Arbeidsutval etter årsmøtet:

Liv Anne Bergo, leiar for eitt år

Olav Gullbrå, styremedlem for 2 år

Svein Tollefsen, styremedlem og kasserar for 2 år

Gunnar Hatland, var ikkje på val

 

Revisorar: Olav Nese og Rune Nesheim

Ny valnemnd: Kåre Magnar Trefall, Albert Gullbrå, Evelyn Gullbrå

 

Magnar Nese heldt fram som redaktør for heimesida

 

Årsmøtet prioriterte desse sakene framover
(Rekkefølgja vart ikkje prioritert):

·         ”Snakk bygda fram!” ”Eksingedalen: Ein god stad å bu og leva”: Arbeid for å få folk til å flytta til Eksingedalen (eit innspel frå Frøydis)

  • LivOGLyst” prosjektet og ”Folk til bygdene”, leggja til rette for tilflytting, i nye og eksisterande hus
  • Alternativ E16, Vinje- Romarheimsdalen. Eit prosjekt Svein har jobba med
  • Oppfølging av oppreinskingsarbeidet i elva
  • Følgja opp arbeid med nytt fiskeforvaltningsanlegg
  • Mobilsaka: Oppfølging av planleggingsarbeidet og underskrift av intensjonsavtalen.
  • Heimesida: Vidareutvikling og arbeid med denne
  • Stiar og kart, vidareføra arbeidet
  • Starta arbeid med FFTH, fiber til alle hus
  • Greia ut om godtgjersle og løn til arbeidsutvalet i Bygdarådet + tilsetjing av rekneskapsførar
  • Krav til Vaksdal kommune om å byggja to nye hus i to år (=fire bueiningar)
  • Brøyteberedskap må følgjast opp
  • Hjartestartar: Innkjøp - plassering - beredskap

 

ARBEIDSÅRET, mars 2013-2014:

 

Faste saker for Bygdarådet:

  • Drift av heimesida Eksingedalen.no.
  • 17-mai: Utval av komité, innkalling til møte, søknad om tilskot. Komiteen har ansvar for gjennomføringa, og å skaffa talar til året etter. Utnemning av 17.mai komité vert gjort i januar/februar, komiteen arbeider sjølvstendig.
    17.maitalar 2013 var ordførar Eirik Haga.
    17.mai 2014 skal rådmann Trine Grønbech halda talen.
  • Marknadshelg: Fastsetjing av dato og val av komité. Komiteen har ansvar for gjennomføringa. Tradisjonen er sistehelga i august, dvs 30.-31. august 2014. Komitémedlemmane arbeider over to marknadar, for å få kontinuitet.
  • Sommarjobb: Gjera kjent rettleiande satsar / formidla jobbar ved etterspørsel.
  • Vedlikehald av stølsvegar og Reitlevegen: Søknad om midlar, gjennomføring av tiltak
  • TV-aksjonen: Organisering av lag til å ta ansvar for innsamlinga. Dette året var det Bondelaget  som fekk ansvaret for innsamlingsaksjonen ”Ingen tid å miste” (innsamling til demensforskning).

Saker 2013-14:

·         Eksingedalen.no

·         Arbeid med stiar og kart: Nye informasjonstavler for Stølsvegane

·         Bustader på Lavik

·         Samarbeid  mellom bygdelaga og Vaksdal kommune, LivOGLyst

  • Opprydding i Ekso i 2013 og overvakingsprogram for ny tilgroing

·         Rydding av kantvegetasjon langs elva

·         Linjerydding

·         Fiskeforvaltning, fiskeforvaltningsanlegg, samarbeidsavtale med BKK, Ekso Villfisk AS

·         Askjelldalen

  • Beinhelleren Pumpe
  • Konsesjonsfornyinga

·         Straumforsyninga Lavik-Gullbrå

·         Mobilutbygginga

·         Kommunale fond knytt til jakt og fiske

·         Folkemøte: «Framtidsblikk Eksingedalen». Samarbeid med Vaksdal kommune.

·         Søknad om bygdeutviklingsmidlar til infrastrukturplan

  • Fiberkabel fram til alle heimane ,FTTH (= fiber to the home)

·         Rassikring i Trefallstranda

·         Namnesak for Eksingedalen og vegnamn i Eksingedalen

·         Ny organisering av Bygdarådet og framlegg til nye vedtekter

 

Om dei enkelte sakene:

Eksingedalen.no

Heimesida har godt omdøme frå omverda, og særleg kjekt er det med god tilbakemeldingar frå folk utanfrå Eksingedalen. Mange nyttar sida for å orientera seg som turistar, og for å følgja med på kva som skjer i Eksingedalen. Sidan all skriving vert gjort på dugnad, kan det diverre gå for lang tid mellom nye saker på sida. For oppdatering av kalenderen er ein avhengig av tilsendte saker frå bygdefolket.

 

Det har fleire gonger vist seg at nyhenda som er lagt ut på sida vert plukka opp og referert i lokalavisene. I politiske saker verkar sida også som ein pådrivar for å få fortgang i saker som er viktige for Eksingedalen.

 

Årsmeldingar og andre meldingar frå Bygdarådet vert frå no å finna under eiga fane i hovudmenyen på sida. Dette er nytt, og er gjort for at det skal verta enklare å finna fram til informasjon som ein tidlegare har leita i arkivet for å finna.

 

Magnar Nese er redaktør for sida, i tillegg er det 4-5 andre som legg inn stoff (Svein, Frøydis, Liv Anne, Gunnar). Dei som gjer arbeid for nettsida har høve til å fakturera timar for arbeidet, dette er ikkje gjort dette året.

 

Vegmeldingar på eksingedalen.no

Vegmeldingar er viktig for Eksingedalen, og det var særleg stor misnøye med at det var vanskeleg å vita om 313 Nesheim-Brekkhus var open eller ikkje. Bygdarådet tok difor i januar 2013 ny kontakt med  Statens Vegvesen for å få opp kvaliteten, med særleg tanke for at dei offisielle vegmeldingane på eksingedalen.no skal vera korrekte og oppdaterte.
Etter dette: Vegvesenet har skjerpa inn meldingsrutinane frå brøytebilane, og firma som har ansvar for vegvedlikehaldet. I tillegg har oppdatering av opplysningane som Vegtrafikk-sentralen i Bergen står for, blitt prioritert opp. På nettsida eksingedalen.no er det laga nye datarutinar, med  oppdatering kvar halvtime. Resultatet no er at tenesta fungerer godt og effektivt, utan ei einaste tilbakemelding om svikt. Gledeleg å høyra at mnge nyttar seg nettopp av eksingedalen.no for å sjekka vegmeldingane.

 

Stølsvegane: Nye informasjonstavler

Sti- og kartgruppa har desse oppgåvene:

·         Vestlandsprosjektet: ”Merking og gradering av turstiar på Vestlandet”

·         Turkart for Eksingedalen

·         Organisering av årleg arbeid med rydding og merking

 

Grete, Astrid, Elisabeth, Kåre Magnar, Frøydis og LivAnne har arbeidd med stiar og kart også dette året. Våren 2013 vart det gjort avtale med Grafika på Hamar om oppsett og trykking av nye tavler, deretter kjøp av tavler gjennom Asker-produkter. Tavlene er standardtavler for turstiar, og haldbare i høve vedlikehald. No vert det jobba med tekstar og bilete, alle tavlene får også engelsk tekst. I samband med nye økonomiske midlar, treng ein fornying av grunneigaravtalane. Dette vert gjort i samband med at grunneigarane får tekstane om sin støl til gjennomsyn. Målet er nye tavler til sommaren!

Bygdarådet ser det som svært viktig at me kan halda fram med vedlikehald av stiane og betala utgifter ved oppvøling. Stiane har stor verdi for både fastbuande og turistar.

 

Vestlandsprosjektet (”Merking og gradering av turstiar på Vestlandet”) går ut på at turstiar på Vestlandet skal merkast likt og graderast etter vanskegrad. Ein skal følgja ”Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper”. Bygdarådet fekk i 2011 tildelt 25 000 kr og i 2012 tildelt  20 000 kr etter søknad.

 

Eit turkart som dekkjer området frå Eidsfjorden i vest til Myrkdalen i aust er i arbeid. Kartet skal vera trykt på begge sider, med turkart (1: 50 000) på eine sida og turframlegg / informasjon på baksida. Det har ikkje vore arbeidd meir med dette kartet siste året, då ein vil ha med turomtalene frå informasjonstavlene.

 

Bustader på Lavik

Bustader har vore fast årsmøtesak sidan 80-talet. Det var i 2011 lova prosjektering i 2012 og bygging 2013. Ingenting skjedde i 2012. I november 2012 vart det avsett midlar til både prosjektering og bygging i 2013. Kommunen fann hausten 2013 prosjektet for dyrt til å bli realisert. Med så høge husleiger dette prosjektet vart budsjettert til, vil ein ikkje få leigd ut bustadene. Så saka om bustader på Lavik ser ut til å vara evig. Karin har arbeidd politisk med bustadsaka.

 

Modalsplassane
har det ikkje vore kamp om dette året, då dei er freda til 2015.

 

Samarbeid  mellom bygdelaga og Vaksdal kommune, LivOGLyst

Prosjektet LivOGLyst – ”Folk til bygdene” omfattar bygdene Eksingedalen, Eidslandet, Stamnes og Bergsdalen. Vaksdal kommune er prosjekteigar og Vaksdal Næringsselskap har utarbeidd søknaden. Overordna mål er å snu utviklinga med fråflytting frå utkantsbygdene i Vaksdal, ved å arbeida målretta for tilflytting til bygdene gjennom eit fellesprosjekt for dei fire utkantsbygdene. Det er tilsett ekstern prosjektleiar for m.a. ta kontakt med eigarar som ikkje er busette i bygdene, med mål om  for å formidla ledige hus for utleige eller sal. Vaksdal kommune skulle tilretteleggja regelverk for at dei som ynskjer selja garden kan få byggja seg hytte. Dette arbeidet er ikkje gjort. Olav, Karin og Liv Anne har vore på nokre møte dette året, prosjektet er ikkje komme noko vidare sidan sist årsmøte.

 

 

Opprydding i Ekso 2013 og oppfølging av tilgroing

Sommaren 2013 var tredje året der BKK stod for opprydding i samband med tilgroinga i elva. Dette året vart opprydding i Storatjødna på Bergo prioritert. Dette prosjektet kosta truleg rundt 400.000 kr. I tillegg vart det gjort forsøk på å rydda innløpet til Ospesundet, og klypping av gras ute i Trefallsvatnet. Arbeidet her vart hindra av låg vassføring, og måtte i denne omgang avsluttast utan den innsatsen som var planlagt. Opning av Ospesundet må truleg gjerast mest frå land med passande gravemaskin. Frå Bygdarådet si side er det ikkje arbeidd med saka etter november 2013.

Rådgivende Biologer AS starta i år opp eit prosjekt for å kartleggja korleis tilgroinga vil utvikla seg der det tidlegare har vore rydda, m.a. for å tilrå kor ofte opprydding bør skje. I alle områda der det vore klypping av flotgras og andre artar som veks opp frå elvebotn, er det plukka ut og plotta inn observasjonspostar på GPS. På sommarstid vert det sett ut ei form for ruser på desse punkta, slik at tilgroinga skal kunna kartleggjast heilt presis frå år til år. Prosjektet skal i denne omgang som kjent gå over fem år, medrekna observasjonane i 2013

 

Kantvegetasjon langs elva

Som kulturlandskapet elles i Eksingedalen, gror området mellom elva og vegen oppover Eksingedalen til. Mange stader er det vanskeleg å sjå elva frå vegen, sjølv om avstanden berre er kort. Midtsommars med lauv på trea er det i delar av dalen som å køyra gjennom ein grøn tunnel på. NVE har også ansvar for kantvegetasjonen langs elva, då dette påverkar næringsstoffa i vatnet. BKK vil bidra sterkt til at det kan utarbeidast ein plan for rydding av kantvegetasjonen. Ein slik plan må godkjennast av Fylkesmannen si Landbruksavdeling og Miljøavdeling, i tillegg til at NVE, etter det vi forstår, skal gje si godkjenning.

For grunneigarane som er interessert, kunne dette vore ei god løysing, og til og med ei inntektskjelde for dei som vil rydda. Det er ikkje arbeidd med saka etter november 2013.

 

Linjerydding

Det er mange og lange kraftleidningar i Eksingedalen, oppover langs dalen og på tvers. Det må stadig vekk ryddast langs linjene, mest for å fjerna tre som kan ta oppi og skada luftleidningane. No er det arbeidarar frå Baltikum som er leigd inn til dette skogsarbeidet. Resultatet har vore ymse, og fleire grunneigarar har hatt god grunn til å sukka over at trea berre er meia ned og ikkje fjerna. I møte med BKK Nett AS om sikrare straumforsyning i dalen, tok representantane frå BKK opp om det var interesse for å overta linjeryddinga lokalt, sjølvsagt til full betaling. BKK ville gjerne ta imot lokale, koordinerte innspel på framtidig endring. Det er ikkje arbeidd med saka etter november 2013.

 

Fiskeforvaltning, fiskeforvaltningsanlegg, samarbeidsavtale med BKK, Ekso Villfisk AS

Driftsplanen for Eksingedalsvassdraget (2003) vart fornya i 2012. Den nye forvaltningsplanen, Tiltaksplan for Eksingedalsvassdraget, er meir geografisk omfattande, og gjeld heile vassdraget, inkludert magasin og fjellvatn. Fornyinga av Fiskeforvaltningsplan vart arbeidd med i regi av Bygdarådet, med kontakt/informasjon og høve til innspel frå dei to grunneigarlaga undervegs. BKK var ein vesentleg økonomisk bidragsytar til utarbeiding av den nye planen.

Nytt fiskeforvaltningsanlegg for Ekso Villfisk er ein del av forvaltningsplanen. For å utvikla både fisket og fiskeforvaltninga vidare er meir rasjonell drift, nytt fôringsanlegg  for fisken og ei utvida geografisk satsing i større delar av vassdraget eit vilkår. Dette er bakgrunnen for at Bygdarådet har hatt drøftingar med BKK om økonomisk deltaking i bygging av nytt anlegg og økonomisk tilskot til framtidig drift av anlegget. Det har difor vore forhandlingar om ein samarbeidsavtale mellom Eksingedalen Bygdaråd og BKK om dette.

I november 2012 var forhandlingane komme mot slutten og grunneigarlaga fekk invitasjon til å ta del i danning av nytt aksjeselskap Ekso Villfisk AS. Framlegget var at Rune Nesheim, Bjarne Lavik, Bygdarådet, Øvre Eksingedalen Grunneigarlag og Eksingedalen Grunneigarlag kunne gå inn med eigarpart på 20 prosent kvar. Grunneigarlaga vart inviterte til å delta i interimsstyret og vera med på danning av det nye selskapet Ekso Villfisk AS. Grunneigarlaga tok dette opp på årsmøta sine, og begge årsmøta gjorde vedtak under visse vilkår om å bli med i oppstart av Ekso Villfisk, og begge laga valde sin representant i interimsstyret. Dei som var med i interimsstyret var: Rune Nesheim, Bjarne Lavik, Geir Over Carlsen (EG), Ivar Bergo (ØEG) og Gunnar Hatland (Bygdarådet).

 

Etter den tid har det vore mykje fram og tilbake omkring danninga av det nye selskapet. Enkelte grunneigarar har vore redde for fiskerettane, noko Bygdarådet heile tida har hevda at ikkje har vore ein del av forhandlingane.

 

Det tok lang tid før den siste møterunden med samarbeidsavtalen vart ferdig, tida det tok var noko Bygdarådet ikkje rådde over. Siste møtet vart endeleg halde 19.februar 2014, og avtalen vart utsendt frå BKK 27.februar 2014. «Samarbeidsavtalen mellom Eksingedalen Bygdaråd og BKK Produksjon AS» omfattar bygging og drift av nytt fiskekultiveringsanlegg. Det står klart i avtalen at grunneigarane sine rettar til fisk eller fiske ikkje er berørt. Samarbeidsavtalen er, som avtala i 2012, lagt fram for styra i grunneigarlaga.

 

Siste månadene er det på mange ulike måtar komme til uttrykk mistru og misnøye med Bygdarådet sitt arbeid i høve forhandlinga og om mogeleg eigarskap og innhaldet i denne samarbeidsavtalen. Enkelte grunneigarar har engasjert seg både i og utanfor grunneigarlaga og -styra. Bondelaget har brukt advokat i saka. BKK har no klargjort kva rolle dei kan ha og korleis dei kan gå inn i høve Ekso Villfisk AS. Det som er heilt klart, er at samarbeidsavtalen må ha solid lokal forankring dersom  BKK skal satsa i Eksingedalen. Grunneigarlaga har no fått  tilbod om å overta samarbeidsavtalen, og gå vidare utan Bygdarådet.

 

Arbeidet  har vore svært arbeidskrevjande for Bygdarådet. Frå tidleg i januar 2014 har saka fått så stort arbeidsomfang for heile arbeidsutvalet at det rett og slett har gått ut over andre saker. Dette er utan tvil den mest dokumenterte saka dette arbeidsutvalet har arbeidd med i alle desse åra.

 

Askjelldalen pumpekraftverk

For nær tre år sidan tok BKK opp att planar frå omkring år 2000 om å byggja Askjelldalen pumpekraftverk. Kraftverket skulle pumpa vatn frå Askjelldalen og opp i Holskardvatn, der lagringskapasiteten er stor for vatn til kraftproduksjon vinterstid. Når vatnet igjen skulle tappast frå Holskard og ned i Askjelldalen, skulle det her nyttast til kraftproduksjon på vegen ned til Askjelldalen. 

 

Prosjektet ville vera sterkt avgrensa når det gjeld bygging, og ulempene ville vera små og ubetydelege. BKK fekk positivt omtale og tilbakemelding i uttale frå Vaksdal kommune. Også Eksingedalen Bygdaråd var positiv i sin uttale, men la vekt på at det måtte setjast inn tiltak for å førebyggja at det gjennom pumpinga til Holskard vart overført røye - som er uønskt fiskeslag i Holskard.

 

Seint på hausten vart det offentleggjort fleire viktige prognosar for kraftprisane i Europa komande ti-år. Særleg la BKK vekt på tyske prognosar som var omfattande og grundige. På bakgrunn av den framtidige forventa kraftprisen, bestemte BKK seg for å trekkja søknaden, og ba NVE om å avslutta sakshandsaminga. Prosjektet er no fullt og heilt stoppa. I denne saka var det aldri snakk om full konsesjonsbehandling, men endringar av planar innanfor området som omfattar konsesjonen for Eksingedalsvassdraget frå 1966.

 

 

 

Beinhelleren pumpe

I 2011 tok BKK for fullt opp att planar for bygging av Beinhelleren pumpe. Her skulle det samlast opp vatn nedanfor Askjelldalsdammen, i Beinhelleren. Utgreiinga frå BKK si side hadde fem alternativ, der det mest omfattande også ville ta vatn heilt frå Fjellanger og overføra også frå dette vassdraget til Beinhelleren. Etter kvart vart planane reduserte til om lag det halve i vassmengd.

 

NVE arrangerte folkemøte i Eksingedalen hausten 2013, og inviterte til høyring med frist i desember 2013. Mange grunneigarar og hytteeigarar var motstandar av planane, og dei sendte inn uttale om det som ramma dei einskilde her om ulemper og direkte skade.

 

Bygdarådet sin rolle vart å kommentera konsekvensen av det som  omfatta sjølve elva frå Beinhelleren og heilt ned til sjøen. Konklusjonen i uttalen frå Bygdarådet var at ein går imot planane, på same måte som grunneigarane lokalt, Vaksdal kommune og i høg grad Fylkesmannen i Hordaland. Men Bygdarådet, som avgrensa seg til å uttala seg om vassføringa i elva, hadde eit anna utgangspunkt.  Me meinte det var uhaldbart å halda seg til gjennomsnittsberekningar for vassføringa i elva, og at dette mangla både frå BKK si side og i konsulentrapportane som vart utarbeidd.

 

Grunnen til dette er at folket i dalen ikkje opplever noko gjennomsnitt når det gjeld vassføring. Anten er det mykje vatn i elva, opp mot flaum, eller så er det lite vatn i elva som konsekvens av at vatnet vert overført til Evanger. Dagar med vassføring på gjennomsnittet er få, medan dagar med låg vassføring er mange.

 

Utgreiingane frå søkjaren si side hadde etter vår meining ikkje teke nok omsyn til ytterpunkta i gjennomsnittet, og dermed var det umogeleg for oss som høyringsinstans å få gode forsikringar om kor mange fleire dagar i året vi ville få låg vassføring.

 

Uttalen til NVE vart gjeve skriftleg, og gjer nærare greie for dei miljømessige innvendingane sett frå bygda si side.

 

Det er ikkje kjent kor lang tid det vil gå før NVE legg opp til vedtak i denne konsesjonssaka, og kva deira tilråding vil gå ut på.

 

Konsesjonsfornying

NVE har no fastsett framdriftsplan for fornying av vilkåra for ei rekkje kraftanlegg i heile landet. Her i Hordaland er Eksingedalsvassdraget no sett på andreplassen etter kraftanlegga i Matre. Konsesjonsvilkåra for Eksingedalsvassdraget går ut i 2016.

Nye vilkår opnar for ei rekkje miljøtiltak lokalt: som til dømes standarden BKK skal følgja når det gjeld miljøtiltak i elva, minstevassføring, og miljøtiltak inntil sjølve elva. Lista over tema ein kan få vurdert, er lang og kan få mykje å seia for utviklinga i vassdraget for dei komande 30 åra frå 2016.

Det er ikkje arbeidd med saka etter november 2013.

 

Straumforsyning Lavik-Gullbrå

Straumforsyninga til Eksingedalen er delt i to uavhengige forsyningsliner. Nedste del av dalen vert forsynt frå koplingsstasjonen på Myster. Dette gjeld til og med butikken på Lavik.

Området frå Vetlestølen (Lavik) og heilt til Gullbrå har dei siste 3-5 åra hatt ekstra mange og lange straumbrot, og har truleg fått andreplassen i  BKK-området når det gjeld ustabil straumforsyning. Etter jule- og nyttårshelga 2012 vart det av Bygdarådet sitt arbeidsutval sett ned ei ”hurtigarbeidande gruppe” som følgde opp saka gjennom skriftleg framstilling, formelt møte med BKK Nett, og statistikk-dokumenterte svar. Alle på strekninga Vetlestølen-Gullbrå vert forsynt med straum frå Brekkhus-sida. BKK Nett eig og har ansvaret for linja. Frå Trefall og oppover til Askjelldalen går det ei «privat» sidelinje som BKK Produksjon AS eig. Den truleg største enkeltårsaka til straumbrota i Eksingedalen er feil på denne linja frå Trefall til Askjelldalen. Hausten 2013 bestemte BKK Nett AS at det skal setjast opp ein brytar på Trefall, med kostnad over ein halv million. Denne brytaren vil slå ut linja til Askjelldalen viss det er feil der, medan straumforsyninga til resten av Eksingedalen ned til og med Vetlestølen, vert oppretthalden.

Eit anna problem kan vera Fagerdalslinja, som går frå Vegaskiftet  til Haugen, Fjellanger og Yksendalen. Her er problemstillinga litt meir uklar. Delar av denne linja kan ha løysingar som ikkje er teknisk fullgode, og BKK Nett har difor sett linja under grundigare teknisk overvaking. Problemet er at feil på denne sidelinja har forplanta seg og også mørklagt Eksingedalen heilt til Gullbrå. Dersom det viser seg å vera konkrete manglar ved linja, vil BKK Nett setje inn utbetringstiltak. Kort oppsummert vil prioritert overvaking av linjene i Eksingedalen, kombinert med brytar på Trefall og eventuelt tiltak på Fagerdalslinja venteleg redusera straumbrota i Eksingedalen til under det halve av det som det har vore siste 4-5åra.

Det har frå Bygdarådet si side ikkje vore gjort noko med saka sidan november 2013.

 

Mobilutbygginga

23. desember 2013 vart det signert intensjonsavtale mellom Telenor og Vaksdal kommune om full mobilutbygging i Eksingedalen. Kostnadsramme er vel 7 mill. kroner. No har om lag halve dalen mobildekning – til dels dårleg og treg løysing. I følgje intensjonsavtalen vert det truleg tilrettelagt for overgang til 4 G ( = 4. generasjons mobilløysing), noko som vil gje rask og full dekning i heile dalen. Bygdarådet har hatt tett oppfølging av denne saka gjennom  heile 2013. Fylkeskommunen som tildelte kommunen 4,7 mill. til arbeidet i 2011, truga med å trekkja løysingane attende dersom det ikkje kom på plass ein intensjonsavtale innan utgangen av 2013. Med eit naudskrik kom avtalen på plass berre ei veke før fristen gjekk ut, og pengane ville vorte inndregne. 

Utbygginga skal skje i perioden 2014 til 2016. Som Telenor sjølv seier: Dette er ikkje ein strålande forretningsavtale for dei, men kanskje mest ei sak som gjeld omdømebygging.

Slik arbeidsutvalet vurderer det, er det naudsynt med oppfølging av saka i dei to åra utbygginga skal skje.

Det er frå Bygdarådet si side ikkje arbeidd med saka etter november 2013.

I følgje svar i Formannskapet i mars 14 skal arbeidet med kartlegging av plasseringa av mastene gjerast i desse dagar.

 

Kommunale fond knytt til jakt og fiske

30. oktober 2013 tok Bygdarådet i samarbeid med Bondelaget opp spørsmålet om bruken av fond i samband med kraftutbygginga i Eksingedalsvassdraget. I alt skal det vera fem ulike fond for næring, jakt og fiske. Samla årlege innbetalingar frå BKK var over 410.000 kr i 2012. Det er ikkje utarbeidd kjente og felles kommunale reglar for fonda, og dei vert heller ikkje årleg annonsert i til dømes lokalavisene, slik andre kommunar gjer.

Når det gjeld det som har med jakt å gjera, 25 prosentandel av fleire av dei minste fonda, går fondspengane inn i forvaltningsorgan for eit samarbeidsorgan for fleire kommunar.

Av fondspengar som er øyremerkt for fiskeforvaltning, er det berre Mysterfondet som har reglar. Dermed står ein att med truleg tre fond som  skal dela ut pengar til fiskeforvaltning – det første frå 1966 og fram til i dag. Det har etter det ordføraren opplyste på folkemøte i Eksingedalen, samla seg opp vel 800.000 kr til fiskeforvaltning. Så vidt me kjenner til er det ikkje utdelt noko vesentleg av desse pengane. Etter standardreglar frå Direktoratet for Naturforvaltning, skal pengar som  ikkje er utdelt det eine året overførast til det neste.

I brev av 30 oktober 2013 bad Eksingedalen Bygdaråd og Eksingdalen/ Vaksdal Bondelag kommunen om å gjera greie for situasjonen og eventuelt etablera rutiner og kunngjera årleg utbetaling.

Kommunen har ikkje svara på brevet, ordføraren gjorde munnleg greie for fonda på folkemøtet i november.

Det er ikkje arbeidd med saka etter november 2013

 

Framtidsblikk  -  Eksingedalen

6. november 2013 stod Bygdarådet, Bondelaget og landbrukskontoret i Vaksdal saman om møtet: ”Framtidblikk  Eksingedalen”, med undertittel ”Opp og fram 2025”. Det var landbrukskonsulent Tore Henrik Øye som tok initiativ til samarbeidet om møtet, etter oppmoding frå landbruksdirektør Ole Bakkebø. Innleiarar var, forutan Bygdarådet/Bondelaget, landbruksdirektør Ole Bakkebø, Ole-Andreas Smette frå Innovasjon Norge og ordførar Eirik Haga. Møtet samla over 50 frammøtte, og engasjementet var godt. Det vart sett fokus på landbruket som viktig næring i Eksingedalen, utvikling av tilleggsnæringar – og kva som skal til for at Eksingedalen skal overleva i framtida.  At satsing er viktig, vart eit gjennomgangstema.  Ole-Andreas Smette presenterte Innovasjon Norge også som ein stad for dei små satsingane, noko det er interesse for i Eksingedalen. Eirik Haga gjorde greie for m.a. fondsmidlar, og måtte elles stå til rette for kvifor alt tek så lang tid… - at lovnader går over år, slik som t.d. rullering av arealplanen.

Bakkebø slo eit slag for ”Dei fire F-ane”: Fond, Fiber, Fone og Finn ei tomt. Han var heilt tydeleg på at Eksingedalen treng ei viss økonomisk satsing, og det finst det mellom anna fondsmidlar til. Vidare treng ein fiberkabel heilt fram til husa i staden for dei trege koparleidningane som no er i bruk, med (p)”Fone” meinte han god mobildekning. «Finn ei tomt» kan ein få hjelp til ved å arbeida ut rullering av arealplanen. Bakkebø oppmoda Bygdarådet til å senda ein søknad om bygdeutviklingmidlar som start på dette arbeidet, og lova tildeling av midlar. Dette munna ut i søknaden om Infrastruktur-plan.

 

Infrastruktur-plan

Det vert store omleggingar av alt som har med elektronisk kommunikasjon og det som på fagspråket gjerne kan kallast «radiosignal» (medrekna telefoni) i dei komande åra:

·         Fasttelefonen skal leggjast ned i heile landet rundt 2017.

·         Naudnettet for offentlege etatar vert no bygd ut

·         Eksingedalen vil få god mobilutbygging – dersom intensjonsavtalen mellom kommunen og Telenor vert bygd ut.

·         Post- og teletilsynet (NPT) har overteke ansvaret for statsstønad til utbyggingsprosjekt, medan dette tidlegare gjekk gjennom Kommunal- og Regiondepartementet og fylkeskommunane.

·         Det skjer omfattande fiberutbygging i sentrale strok – men det er ingen kommunale planar for tiltak av denne typen for til dømes Eksingedalen.

·         FM-sendingane skal leggjast ned. DAB (Digital Assisted Broadcasting) skal ta over med nye sendarar.

·         Smart-Grid er også ei lite kjend, men for samfunnet ei viktig sak: Dette vil seia elektronisk overvaking av straumforbruket hjå den enkelte, med høve til å styra straumforbruket til tider av døgnet der tilgangen er god og prisen er låg. Dette kan vera aktuelt for bruk av vaskemaskin, oppvarming av vatn og andre krevjande forbruksapparat.

På denne bakgrunn har Eksingedalen Bygdaråd og Eksingedalen/ Vaksdal Bondelag søkt og fått utdelt midlar til å greia ut situasjonen for Eksingedalen når det gjeld infrastruktur. Det er etter det me veit første gang det her i landet er gjeve tilskot til denne typen utgreiing. Eksingedalen, som er nær fem mil lang og berre i snitt 200-300 meter brei, er eit av dei vanskelegaste områda i landet å dekkja med alle typar elektroniske signal.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland har støtta utgreiingsarbeidet med 100.000 kr. Intensjonen med utgreiingsarbeidet er at Eksingedalen skal koma best mogeleg ut av alle endringane som kjem dei nærmaste to-tre åra. Det mest aktuelle for Eksingedalen ville truleg vera at det vert arbeidd med fiberkabel fram til alle husa (omtala nærare nedanfor), og at utbygginga av DAB vert slik at det også etter 2017 vert mogeleg å ta inn radio både i bilar langs vegen og i heimane i dalen.

Det er ikkje arbeidd med saka etter november 2013.

 

Fiberkabel fram til alle heimane

Ei sentral sak for Eksingedalen gjeld fast linje inn til alle hus – både for internett og ev. for digitalt telefonsamband over fiberkabel. Utgangspunktet for Eksingedalen er godt: Me har fått fiberkabel frå Modalstunnelen til Ekse. Frå telesentralane i dalen, på Ekse, Nesheim, Lavik og Flatekval, går det ut eit spreidingsnett på kopartråd. Det er denne siste delen som er flaskehalsen. For dei som er best stilt i dalen er det mogeleg å få signalstyrke opp til 16 Mbits/s (= 16 megabits pr. sekund). Med denne hastigheita vil ein oppleva at streaming av både film og musikk kan hakka, signala vert for ein stor del brukt opp om ein samstundes skal høyra på internettradio. Også overføringane frå abonnentar og ut i verda går tregt. Mange er heilt nede i signalstyrke på 4-5 Mbit/s, og dette er så tregt at ein lett og ofte merkar at nettkapasiteten vert for liten.

Fiber har startabonnement som gjev signal frå det som vert kalla 25/25, altså 25 Mbit/s begge vegar, både inn og ut frå abonnentane. Fiber gjev også 50/50 og 70/70 Mbit/s for dei som har ekstra stort krav til nettfart.

Etter det me har forstått, gjeld det ein avtale mellom Staten og Telenor frå 2003 om at alle i landet skal ha signal til data og tale. Dette kravet kan tilfredsstillast anten med trådlaust samband eller kabel. Når det vert utbygging av mobildekninga i dalen, har Telenor følgt opp og stetta kravet om samband til den einskilde. Dei har ikkje plikt til å legga fiber fram til alle – i tillegg.

Ser me på Modalen, der endringane alt er gjennomført, har Telenor fått leggja ned den klassiske fasttelefonen med linjer, i byte mot det som skal vera godt og sikkert mobilsamband for alle. Men fiberen, som folk no treng i tillegg, er det Modalen sjølv som har bygd ut. Telenor har altså ikkje plikt til å gje begge delar.

Dette er bakgrunnen for at Bygdarådet har engasjert seg i å få bytta ut kopartrådane frå telesentralane og ut til kvart bustadhus. Med fiber på veggen ( FTTH på fagspråket= Fiber To The Home) vil den einskilde få så stor internettkapasitet, slik at internettradio, alle former for tung PC-bruk og full TV-dekning til erstatning for parabol, kan gå samstundes – utan hakking og med enorm fart.

Bygdarådet har teke opp saka med Telenor, som er klar til å ta kostnadsberekningar for full løysing for heile Eksingedalen frå Modalstunnelen og opp. Alternativet – å fortsetja med koparkabel fram til alle – er ikkje på nokon måte ei god løysing for framtida. Sett i nokre års perspektiv, er dette ikkje brukbart for heimane i dalen – og heller ikkje for dei som driv næringsverksemd, til dømes landbruk.

Det er ikkje arbeidd med saka i 2014.

 

 

Rassikring i Trefallstranda

I 2011 vart det av Statens vegvesen lagt fram plan om rassikring i Trefallsstranda. Planen gjekk ut på å leggja vegen ut i vatnet på same måte som det er gjort lenger framme. Eksingedalen Bygdaråd kom med innspel på at den nye traseen var kort og burde forlengast fram til «professorhytta» på Merkesneset for å unngå alle rasa som vanlegvis kjem ned i vegen. Det var avsett 10,4 millionar til den opphavlege planen. Etter grunnundersøkingar der vegen var planlagt, viste det seg at dei løyvde midlane ikkje var tilstrekkeleg. Planen vart då endra slik at vegen vart forlenga til «professorhytta» og vidare rett fram i neste sving også.

 

Status mars 2013 var at planen var finansiert og midlane løyvde i 2013/2014. Det var usikkert omkring anleggsstart i 2013 då det var behov for ytterlegare grunnundersøkingar i vatnet.

 

Mars 2014 er situasjonen den at prosjektet no er for kostbart til at det vert gjennomført. Ein ny geologisk rapport viser svært dårlege grunnforhold, særleg i den forlenga delen av prosjeketet, mellom Merkesneset og  Odderneset. Vegkontoret tok kontakt med Bygdarådet ang ny utgreiing av nytt alternativ for rassikringa. Bygdarådet støttar dette, og hevdar som tidlegare at den viktigaste strekninga å sikra er fram til Merkesneset. Ein tilrår ei synfaring med grunneigarar og lokalkjente.

 

Namnesaka

Vaksdal Kommune har sett i gang arbeid med vegnamn i Eksingedalen, og ynskjer innspel på både namn og skrivemåten av namna. Vegen oppover frå Eidslandet til Gullbrå er føreslege å heita Eksingedalsvegen, og vegar ut frå denne har fått framlegg om eigne namn.  

Det er i tillegg oppretta namnesak for Eksingedalen, som gjeld skrivemåte med e eller a: Eksingedalen eller Eksingadalen. Bygdarådet og grunneigarlaga var høyringsinnstansar, og Bygdarådet sendte informasjon til representantane i laga.

 

I uttalen til kommune vart det peika på at ”e-forma” er den einaste som vert nytta i både daglegtale og skriveform, og at det gjennom høyringa klart er komme fram at eksingedølane ynskjer denne skrivemåten. Me går inn for Eksingedalen og Eksingedalsvegen.

 

Utover dette støtta Bygdarådet dei sakene me mottok i høyringa:
Parsell 44, namneforslag endra til Horndalsvegen (Brakestad)
Yksendalsvegen (med y)
Parsell 42, Fjellangervegen

 

Ei spesiell sak oppi namnesaka er at det finns ein Eksingedalen til i Noreg! Det er ein fjelldal i Engerdal kommune i Hedmark. I følgje kartet er det korkje hus eller hytter i den Eksingedalen. Eksingedalen i Hedmark fekk sitt namn vedteke av Statens kartverk 1.januar 1972. Vår Eksingedal fekk godkjent skriveform Eksingedalen 1.januar 1956, og dette var hovudforma fram til 1987. 1.august 1987 vart Eksingadalen godkjent skrivemåte.  På info-sidene med kartfakta skriv Kartverket: Eksingadalen - "Godkjent og anbefalt: Dette navnet har flere alternative godkjente skrivemåter. I offentlig sammenheng anbefales brukt følgende skrivemåte: Eksingadalen". 

Denne «oppdaginga» vert sendt til Vaksdal kommune i samband med namnesaka.

 

Ny organisering av Bygdarådet og framlegg til nye vedtekter

Då Bygdarådet vart stifta i 1981 var Bygdarådet ein paraplyorganisajon for alle laga. På den tid var det eit stort framsteg å få eit felles organ for bygda. Talet på lag i Eksingedalen er gått ned, fordi fleire lag har slått seg saman eller gått inn i andre lag. Informasjonsflyten frå laga sine valde Bygdarådsrepresentantar har vore svært varierande, og det er ved fleire høve komme ynskje om at årsmøta bør vera opne for alle i Eksigedalen.

 

Arbeidsutvalet opplever no at det er tid for å ta dette opp. Framlegg til vestentleg ny organisering og nye vedtekter er sendt ut saman med årsmøteinnkallinga.

Dette vil verta ei drøftingssak på årsmøtet 2.april 2014.

 

 

Eksingedalen mars 2014,

Gunnar Hatland, Olav Gullbrå, Svein Tollefsen, Liv Anne Ber

meir fisk