Årsmelding 2015-2016

Årsmelding for Eksingedalen Bygdaråd 2015-mars 2016

 

Årsmøte for 2014 vart halde 8.4.2015. Etter nye vedtekter frå 2014, har alle folkeregistrerte i Eksingedalen over 16 år møterett og stemmerett ved årsmøte.

Arbeidsstyret har dette året vore slik samansett: Frøydis Gullbrå (leiar), Evelyn Gullbrå, Jon Trefall.

Det har i 2015 vore arbeidd med desse sakene:

Halde fram med følgjande faste saker for bygdarådet:

  • Drift av heimesida Eksingedalen.no.
  • 17-mai: Utval av komité, innkalling til møte, søknad om tilskot. Komiteen har ansvar for gjennomføringa, og å skaffa talar til året etter. Utnemning av 17.mai komité vert gjort i januar/februar, komiteen arbeider sjølvstendig.
    17.mai 2015 var tidl bondelagsleiar Nils T Bjørke hovudtalar.
  • Marknadshelg: Fastsetjing av dato og val av komité for marknad annakvart år. Det blir marknad i august 2016. Komiteen har ansvar for gjennomføringa. Tradisjonen er siste helga i august. Komitémedlemmane arbeider over to marknadar, for å få kontinuitet.
  • TV-aksjonen: Organisering av lag til å ta ansvar for innsamlinga. I 2015 var det  Eksingedalen Grunneigarlag  som fekk ansvaret for innsamlingsaksjonen.
  • Vedlikehald av stølsvegar og Reitlevegen: Søknad om midlar, gjennomføring av tiltak.

 

 

Andre saker 2015:

·         Arbeid med stiar og kart: Nye informasjonstavler for Stølsvegane

·         Sikrare straumforsyning

·         Mobilutbygging-Radio-Fiber i vegg

·         Rassikring i Trefallstranda

·         Brøyteberedskap

·         Blomehelsing til nye eksingedøler

·         Ny film frå Eksingedalen

 

Om dei enkelte sakene:

Stølsvegane: Nye informasjonstavler

Sti- og kartgruppa har desse oppgåvene:

·         Vestlandsprosjektet: ”Merking og gradering av turstiar på Vestlandet”

·         Turkart for Eksingedalen

·         Organisering av årleg arbeid med rydding og merking

 

Grete, Astrid, Elisabeth, Kåre Magnar, Frøydis og Liv Anne har arbeidd med stiar og kart også dette året. Våren 2013 vart det gjort avtale med Grafika på Hamar om oppsett og trykking av nye tavler, deretter kjøp av tavler gjennom Asker-produkter. Tavlene er standardtavler for turstiar, og haldbare i høve vedlikehald. Dei følgjer nasjonal standard for merking og gradering av løyper. Tavlene er ferdige, og dei fleste vart oppsett sommaren 2015. Sluttsummen for arbeidet med tavlene vart noko høgare enn forventa, og me har måtta søkje om ekstra midlar frå lag og fond for å få dekka utgiftene. 

Bygdarådet ser det som svært viktig at me kan halda fram med vedlikehald av stiane og betala utgifter ved oppvøling. Stiane har stor verdi for både fastbuande og turistar.

 

Eksingedalen.no

Heimesida har framleis godt omdøme frå omverda. Mange nyttar sida for å orientera seg som turistar, og for å følgja med på kva som skjer i Eksingedalen. Sidan all skriving vert gjort på dugnad, kan det innimellom gå lang tid mellom nye saker på sida. I år har det vore god aktivitet med mykje nytt stoff på sidene, og mange har vore innom og lest. For oppdatering av kalenderen er ein avhengig av tilsendte saker frå bygdefolket.

Det har fleire gonger vist seg at nyhenda som er lagt ut på sida vet plukka opp og referert i lokalavisene. I politiske saker verkar sida også som ein pådrivar for å få fortgang i saker som er viktige for Eksingedalen.

Årsmeldingar og andre meldingar frå Bygdarådet er å finna under eiga fane i hovudmenyen på sida.

Magnar Nese er redaktør for sida, i tillegg er det 4-5 andre som legg inn stoff (Svein, Frøydis, Liv Anne). Dei som gjer arbeid for nettsida har høve til å fakturera timar for arbeidet, dette er ikkje gjort i 2015.

 

Sikrare straumforsyning – Bygdarådet har nådd målet

 Eksingedalen har no fått betydeleg sikrare straumforsyning enn det som har vore situasjonen  det siste ti-året. Avbrot i straumforsyninga til dalen kjem til å bli betydeleg færre enn det vi har vore vant til, og også kortare. Dette gjeld straumbrot som til no har vore knytt til sjølve linjenettet i dalen.

Hausten 2013 valde arbeidsutvalet i Eksingedalen Bygdaråd ei tre manns nemnd som fekk i oppdrag å arbeida for å betra stabiliteten til straumforsyninga i dalen.  NVE (Norges Energiverk) har faste rutiner og føreskrifter for korleis saksgangen skal vera når brukarane ikkje er nøgde med tilhøva. 

Etter førebuande møte med BKK Nett AS, tok NVE over saka om straumforsyninga til Eksingedalen.  Gjennom korrespondanse, statistikk og dokumentert brukarerfaring, vart det av NVE klargjort at Eksingedalen låg langt under pari for stabil straumforsyning.

Det svakaste punktet i dalen har vore det som vert kalla Fagerdalslinja, linja som går frå Vegaskiftet (ovanfor Lavik) til Fagerdalen, Haugen, Fjellanger og Yksendalen. Når det var brot på denne lina – fleire gonger kvar vinter – slo det ut straumen frå Lavik til Gullbrå.

Våren 2015 presenterte BKK ei tiltakspakke for NVE, og fekk tilslutnad til kva som kunne gjerast for å løysa problema.

Sist haust  har det vore arbeidd med å fornya store delar av Fagerdalslinja, mellom anna med ein lang strekning der kabelen er lagt i jord. BKK ga i desember 2015 melding til NVE om at arbeidet no var gjort.

BKK har også gjennomført ein del andre mindre tiltak som til saman skal stabilisera straumforsyninga i Eksingedalen.  Ingen vil seia noko sikkert om resultatet, men det vert antyda at straumbrota no vert redusert til under ein tredel av det som var situasjonen fram til hausten 2015.

Det opprinnelege tre manns utvalet til Bygdarådet, som har hatt ansvaret for saka lokalt, har no avslutta arbeidet, då målstreken vart passert i desember 2015.

 

Telesamband  i Eksingedalen

Det er ei velkjent sak blant dei som skal byggja ut alle former for telesamband, både fastlinjer og radiolinjer at Eksingedalen er eit vanskeleg utbyggingsområde. Dalen er nær fem mil lang, og er berre 200-300 meter brei i store delar av dalføret. Det er dette som gjer at det må byggjast mange sendarar for å gje Eksingedalen full mobildekning.

Ved inngangen til mars 2016 er situasjonen denne for alle dei tema som er aktuelle for oss:

·         MOBIL: Mobilutbygginga er godt i gong. Fire sendarar er sette i drift (Gullbrå, Trefall, Bindingsbø, Høvik), ein manglar ( Lavik). Har er det ynskje frå Telenor å innplassere utstyr på mast som Naudnett har sett opp. Det har enno ikkje lukkast å få til ein avtale her. Bygdarådet har jamnleg etterspurt framdrift i denne saka frå Vaksdal kommune.

·         NAUDNETT: Utbygging av naudnettet er ferdig. Det er no god dekning i heile Eksingedalen på dette nettet. Dette lettar kommunikasjon mellom naudetatane, men får primært ikkje noko betydning for folk flest.

·         FIBER: Eksingedalen har ny og verdfull fiberkabel frå Modalstunnelen til Ekse. Denne vart sett i drift i 2007. Ut frå fiberkabelen i dei forskjellige telekioskane i dalen går det koparleidningar. Mange stader er dette spreiingsnettet gamalt og dårleg, og stolpar er rotne og må skiftast. Det er ei stor oppgåve å få skifta frå kopar til fiber-i-vegg, men det er ei nødvendig framtidsløysing dersom Eksingedalen skal hengja med i den tekniske utviklinga i samfunnet.

Teleutbygginga i Eksingedalen – Fiberløysing

Eksingedalen Bygdaråd har dei siste par åra hatt på programmet at ein skal arbeida for å få fiberkabel fram til alle aktuelle hus i dalen, det som har det internasjonale namnet FTTH (Fiber To The Home).

Fiber fram til alle nett-brukarane vil vera den mest avanserte og framtidsretta kabelløysinga som er mogeleg å få. Dei som har fiberkabel til dømes i Bergen, har får fast-telefon, internett/breiband, fjernsyn og alle formar for streaming-løysingar over ein og same kabel. I praksis må spreiingsnettet som det heiter, koparkablane som går frå telesentralane her i dalen og fram til kvart einskild bustadhus, skiftast ut med fiberkabel. Det som gjer arbeidet med FTTH til eit realistisk mål, er at heile dalen som kjent har stor fiberkabel gjennom heile dalen fram til kvar einskild telesentral.

Eksingedalen Bygdaråd har gjort eit omfattande kartleggingsarbeid mellom anna med å tilpassa alle telefonabonnementa i dalen til dei nye vegadressene. Dette er eit nødvendig grunnlag for at Telenor skal ha eit korrekt utgangspunkt.

Sidan våren 2015 har Telenor hatt det synet at dei ikkje vil utgreia  fiberløysing før utbygginga av mobiltelefon-dekninga i dalen er ferdig. Årsaka er at ei god mobilløysing kan påverka interessa for fiber fram til husa til den einskilde i dalen. Først når mobilutbygginga er ferdig vil Telenor vera open for drøfting om fiber, under føresetnad av at det er gjort eit kartleggingsarbeid som viser interessa for fiberutbygging.

Mobilutbygginga har teke lengre tid enn venta, og kan truleg ikkje verta ferdig før til sommaren.

Dersom årsmøtet framleis prioriterar saka, kan det blåsast nytt liv i fiber-arbeidet når mobilutbygginga er avslutta. Første trinn i Bygdarådet sitt arbeid vert då å kartleggja fiber-interessa hjå kvar einskild husstand i dalen. Neste trinn vert kontaktmøter med Telenor.

 

Rassikring i Trefallstranda

I 2011 vart det av Statens vegvesen lagt fram plan om rassikring i Trefallsstranda. Planen gjekk ut på å leggja vegen ut i vatnet på same måte som det er gjort lenger framme. Eksingedalen Bygdaråd kom med innspel på at den nye traseen var kort og burde forlengast fram til «professorhytta» på Merkesneset for å unngå alle rasa som vanlegvis kjem ned i vegen. Det var avsett 10,4 millionar til den opphavlege planen. Etter grunnundersøkingar der vegen var planlagt, viste det seg at dei løyvde midlane ikkje var tilstrekkeleg. Planen vart då endra slik at vegen vart forlenga til «professorhytta» og vidare rett fram i neste sving også.

Status mars 2013 var at planen var finansiert og midlane løyvde i 2013/2014. Nye grunnundersøkingar viste dårlege grunnforhold for vegbygging på store delar av strekninga, og prosjektet blir betydeleg dyrare enn dei budsjetterte midlane. Ei planlagt synfaring med grunneigar og lokalkjente vart aldri noko av, og midlane løyvd til prosjektet er overført anna vegprosjekt.

Saka vart aktualisert vinteren 2015 då vegen vart stengt i 10 dagar grunna rasfare. I etterkant av dette vart det halde møte mellom kommunen, bygdafolk som vart innestengt, Vegvesenet og Hordaland Fylkeskommune. Tema var mellom anna rassikring i Trefall-stranda.  I møtet  vart det ikkje lova midlar til planlagt utfylling då denne vart svært kostbar ( ca 80 mill) , men dei ville sjå på alternative løysingar for å gjere strekninga sikrare å køyre.

I oktober 2015 vart det halde synfaring i Trefallstranda, der lokale folk deltok saman med representantar frå kommunen og vegvesenet. Det vart semje om å prøve få til utvikding av vegbana langs Trefallstranda, men utretting av nokre svingar. Arbeid er ikkje iverksett.

Olav Gullbrå er kontaktperson for bygda i denne saka.

 

Brøyteberedskap og vegstandard

Det var vinteren 2015 mykje snø og ofte dårleg brøytt veg på fv344 gjennom heile dalen. Dette har også vore tilfelle ein del dagar i 2016. Folk har hatt vanskar med å kome seg fram, både på arbeid på morgonen, og under snøfall elles. Det har ofte vore smal vegbane med lite utbrøytte møteplassar. Etter uver har det tatt lang tid å få oppbrøytt vegen att. Bygdarådet har sendt fleire meldingar med bekymring over brøyteberedskap og handtering av rasfare til Statens Vegvesen. Me har fått svar om at dei følgjer dette opp.

 

Blomehelsing til nye eksingedøler

I 2015 har fleire familiar busett seg i Eksingedalen. Dette er særs gledeleg, og dei nyinnflytta har fått blomehelsing frå bygda før jul.

 

Ny film frå Eksingedalen

Håvard Bergo har laga «reklamefilm» for Eksingedalen, på oppdrag frå Bygdarådet. Filmen er på om lag 4 minutt og er å finne her: https://vimeo.com/145034492. Denne viser glimt frå dalen gjennom sommarhalvåret. Det er meininga alle som ynskejr vise fram dalen vår kan bruke denne filmen. Saman med Dølalaget tok arbeidsstyret initiativ til ein haustfest på Ljosheim i november, der filmen vart vist for fyrste gong.

meir fisk