Brakestadstølen og Øvstestølen

Brakestadstølen ligg idyllisk til ved ei tjørn om lag 50 minutts gange frå hovedvegen, medan Øvstestølen ligg eit stykke vidare oppover.

Stølsvegen

Stien til stølane tek av før du kjem til innmarka på Brakestad. Stien her går i bratt skogkledd terreng før du kjem over i Horndalen. Det er bygd ny privatveg til nokre hytter her oppe. Dette kan vere ein lettare veg å gå første stykket. Frå Horndalen kjem ein inn der Blågroa frå nedre Blåvatnet møter Stølsgroa som kjem frå Brakestadstølen. Herifrå går stien på venstresida av Stølsgroa opp til stølen. Turen tek ca 50 minutt å gå frå hovedvegen til Brakestadstølen, og omlag 30 min vidare til Øvstestølen. Her går stien bratt oppover på venstre sida av vatnet. Når du er oppe får du fin utsikt tibake mot Nesheim. Dei siste 5 minuttane av turen vert terrenget flatare og vidare, og du ser Øvstestølen og dei tre små vatna som ligg rundt.

 

 

meir fisk