Eksestølen

Eksestølen er eit av dei mest populære utfartsområet i Eksingedalen, særleg ved påsketider. Terrenget er lett å og fint å gå, både på ski og til fots.

Ekse, turen til Eksestølen byrjar her

Stølsvegen

Eksestølen finn ein på sørsida av Eksingedalen. Ein kryssar elva ved gardsbruka på Ekse, der er hengebru å gå over. Det går så tydeleg sti på bortomsida av elva, og gjennom lauvskogen oppover lia. Første stykket oppover mot Kjødnahaugane er litt bratt. Derifrå ser ein mot det høgaste punktet på vegen, Tjødnaleitet. Frå høgda går det nedover Falkadalen til Eksestølen.

Vegen er omlag 3 km og tek omlag ein time. Stølsvegen er ikkje merkt.

Turtips

Stølen er eit fint mål for turen, men her er mange turer å gå videre når ein er komme til Eksestølen. Eit alternativ er å følgjea den gamle ferdavegen mot Vinningsleitet, Øvrefjellsvegen. På denne ruta er det mogeleg å ta til høgre for å gå ned mot Nesheimsstølen og vidare ned til Nesheim. 

Turen til Kristnipa er også rekna for å vere ein flott tur.

Ei anna rute frå Eksestølen er å gå til Eksestorvedalen og vidare Dyretoni opp til Kvitanosi. Denne turen er særleg fin sommarsdagen, men også på ski. I Dyretoni finn ein dyregraver.

Turane er ikkje merkte, så ta med kart og kompass.

meir fisk