Flatekvalstølen

 

Utsikt tilbake til Flatekval 

Stølsvegen

Stølsvegen går frå Smalastølen, ved fylkesvegen eit stykke innanfor Flatekval. I starten kan du velje å gå på traktorveg, men den gamle stien er også grei å følgja. Først går vegen bratt opp Stølslia, til Kvile. Her er ein omlag halvvegs. Vidare er det litt slakare over Stadlane, og ein kjem etter ei stund til Skorsdalselva. Elva er ofte stor, og det er difor godt å finna god bru der.No er ein snart på stølen, stien krysser eit mindre elvefar før ein er framme på stølsvollane.

Det tek ca 30 minutt å gå til Flatekvalstølen.

Flatekvalstølen i haustdrakt

Turtips

Det er fint turterreng innover skorsdalen mot leitestjørna. Derifrå kan du gå over til Haugen Gard, eventuelt om Lavikastølen. Dette er ein fin tur både sommar og vinter. Kart og kompass er godt følgje på turen.

 

 

meir fisk