Gullbråholmen

Stølsvegen

Utsikt mot Gullbrå
 
Utsikt frå Eggi mot Gullbrå

Fin rundtur på ca 3 timars gangtid.
Start ved Hagafossen på Ekse, der det også står info-tavle om stølen. Bil kan plasserast ved vegen her.
Godt synleg og merkt sti startar med stigning, deretter er det relativt flatt terreng innover til stølen Gullbråholmen. Dei opprinnelege stølshusa låg utpå ei halvøy i Holmsvatnet

Komen så langt kan det vere godt med ein pause, og kanskje ein dukkert??

Holmsvatnet er fint å bada i, og her er også rikeleg med fjellaure for dei som vil prøve fiskelukka.
Velkomen på tur. 

Frå Gullbråholmen er der nyleg merkt opp att gamal sti ned til Gullbrå. Følg dei blå merka rundt austenden av vatnet, vidare opp lia mot Eggi. Bilete viser utsikta mot gardane på Gullbrå. Det går an å gå ned her.

Her er der utsyn mot fjella sør for Gullbrå, med Kvitanosi, 1433moh som den høgaste toppen i området

Når du er komen ned att på vegen kan du rusle langs denne i ca 2 km til du finn att bilen din.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det er fint å ta med born på Gullbråholmen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Morgonstemning...

 

 

 

 

 

meir fisk