Haugastølen

Turen til Haugastølen er lett å gå. Her er fleire alternative ruter, der ein kan gå både på sti og på grusveg.

 Også om vinteren kjennes det godt å komm etil støls

Stølsvegen

Frå fylkesvegen gjennom Eksingedalen tek du av 1 km oppom Lavik og køyrer sidevegen til venstre mot Haugen og Fjellanger. Bilen kan plasserast på parkeringsplass i Haugen, der skilt med informasjon om Haugastølen og Lavikastølen står.

Den gamle stølsvegen går frå Haugen og innover langs Stølselva. Vegen går først på vestsida av elva, så over ei bru og deretter vidare på austsida av elva. Når du er nesten kome bort til stølen tek stien av frå elva og går til høgre opp og over anleggsvegen før du er framme ved stølen. Denne stien er merka.

Eit anna alternativ er å følgja annleggsvegen som går innover til Skjerjavatnet. Ved å køyra 500 meter vidare frå Haugen mot Fjellanger, tek annleggsvegen av innover til venstre. Bil kan plasserast ved bommen. Her er det berre å følgja annleggsvegen innover til du ser stølen liggja på høgre sida av vegen. Vegen passerer rett nedom stølen. 

Eit tredje alternativ er å gå via Lavikastølen. Stølsvegen følgjer traktorveg som starter ved parkeringsplassen i Haugen, går opp til venstre, gjennom eit område med ein del hytter og vidare rett opp til Lavikastølen. Frå Lavikastølen er der merkt vidare sti innover til Haugastølen. Denne følgjer terrenget og går i myr og skog-område.

Det tek ca 50 minutt å gå til Haugastølen. Her er sel til utleige (bilete lenger oppe på sida), nyopprusta i 2000/2001. Kontakt: Kåre Magnar Trefall/ Elisabeth Holth: 56595833, Haugen Fjellgard

 

Turtips:

Rundtur Haugen-Haugastølen-Lavikastølen-Haugen.

Å følgja annleggsvegen  vidare innover frå Haugastølen mot Skjerjavatnet er også ein fin tur, sommar som vinter. 

 

 

 

 

meir fisk